FK Sykkylven2 – Norborg 3-3

FK Sykkylven2 – Norborg 3-3 (1-2)
4 sjansar 12
0 hjørnespark 6
1
0
0 0

Arena: Ikornnes grus, 28.09.03

Tilskodarar: ca. 40

1-0 Kjell Erik Dimmen (13)
1-1 Tarjei Gjerset Urkedal (29)
1-2 Geir Ove Grønli (44)
2-2 Karl Inge Hole (51)
2-3 Kim Idar Krogsethagen (57)
3-3 Oliver Jarnes (86)

Dommar: Rolf Jarle Eldevik (Ellingsøy) -4
Assistentdommarar:
Per Helge Liset (Stranda) og Kenneth Osnes (Vigra)

Norborg sine tre beste:

Stein Erik Reitan -8
Roger Grytten -7
Tarjei Gjerset Urkedal -7
Dagens bilete

Laget:
Geir Roar Gamlem

Christian Søvik
– (Asgeir Kalvø, 85)
Roger Grytten
Morten Kalvø
Steffen Grytten
– (Jan Even Drønnesund, 86)

Kristian Søviknes
– (Jan Vatnehol, 72)
Eirik York
Stein Erik Reitan
Tarjei Urkedal

Kim Idar Krogsethagen 2-3 Kim (57)
Geir Ove Grønli
1-2 Grønli (44)
– (Edward Laverton, 72)


Norborg og eit heimelag i poengnaud, delte poenga på Ikornnes si grusbane søndag ettermiddag. Norborg skapte dei klart største sjansane, men var ikkje konsentrert nok i avslutningsaugeblinken og måtte dermed avgi poeng til eit langt meir effektivt heimelag.

Det var heimelaget som hadde det største presset på seg i denne kampen. Berre siger var godt nok om ein stadig skulle ha ein sjanse på 9. plassen, som er siste ståplass dersom vi får eit sunnmørslag i neste års 2. divisjon (vi ser då sjølvsagt bort i frå Hødd). Norborg på si side fekk seg ein skikkeleg nedtur på laurdag då Godøy vann over Ellingsøy, og opprykket gjekk fløyten.

Nok eit tidleg mål imot
Opningsminutta var jamne, men vi sat med følesen av at heimelaget ville meir. Norborg sine spelarar var meir opptatt av kor dårleg ballen var og ikkje minst bana, som var av ein svært grovkorna grus. Men det er likevel gjestane Norborg som får den første sjansen då Kim Idar Krogsethagen spelar igjennom Kristian Søviknes. Han tek med seg ballen i fart, skjer inn i 16 meteren, men avsluttar like utafor. Minuttet etter er FKS2 frampå, og som så ofte før så kjem Norborg under i målprotokollen. Ein FKS2 spelar legg inn i feltet der Kjell Erik Dimmen dukkar opp å klinkar ballen i mål via stolpen.

Norborg tek over
Etter målet starta Norborg å ta over initiativet i kampen, men dei heilt store sjansane uteblir. Men etter 29 minutt krossar venstrekant Søviknes over til Tarjei Urkedal. Urkedal skjer inn imot mål og sette ballen forbi keeper til 1-1. Etter utlikninga fortsette kampen som før med dårlege pasningar og lite oppfinnsamt angrepsspel. Men mot slutten av omgangen vakna Norborg for alvor og skaper 3 gode sjansar.

Først er det Tarjei-show på høgrekanten, han legg lavt inn til Søviknes som utruleg nok ikkje greier å skåre frå kloss hald. Så får Krogsethagen sjansen frå 14 meter, men skotet hans blir delvis blokkert og ballen sprett til keeper. Men minuttet før pause tek Norborg fortent føringa i kampen. Steffen Grytten la inn frå høgresida, ballen hamnar hos Geir Ove Grønli som dunka ballen i nota frå om lag 10 meter.

Fortent leiing til pause

Norborg gjekk til pause med ei fortent leiing sjølv om laget på ingen måte imponerte nokon. Laget virka litt daft, og ein mangla rytmen i angrepsspelet. Defensivt hadde ein likevel stort sett full kontroll bortsett frå då markeringa glapp på målet.

Skåring mot spelets gang
Etter pause starta Norborg best, og etter 48 minutt får Søviknes ein stor sjanse då Tarjei la inn frå kant, men Søviknes la seg bakpå i avslutningsaugeblinken og skotet gjekk høgt over. Norborg hadde truleg ballen i over 70% av dei første 5 minutta av 2. omgang, men likevel er det vertane som skårer. 51 minutt er gått då heimelaget er på visitt hos Norborg sin 16 meter. Norborg nøla i forsvar og får ikkje klarert. Karl Inge Hole blir så spelt igjennom å sette ballen enkelt forbi Geir Roar Gamlem og i mål.

Straffebom!
Etter utlikninga får vi ein 25 minutts periode med overkjørsel frå Norborg si side. Etter 52 minutt kjem Stein Erik Reitan seg inn i straffefeltet og blir lagt i bakken. Dommaren dømmer korrekt straffe. Den normalt svært sikre straffeeksekutør Geir Ove Grønli går fram for å skåre sitt andre mål i kampen, men sette i staden ballen høgt over mål. Til Grønli sitt forsvar kan det seiast at ballen var av usedvanleg dårleg kvalitet.

Kim’s nittiniande
Norborg fortsette å skape sjanse etter sjanse, og etter 57 minutt tek ein fortent leiinga. Grønli løfter ballen over heimeforsvaret, Krogsethagen parkerer alle og kjem aleine med keeper. Her gjer han ingen feil. Runder keeper og sette ballen i det tomme buret til sitt 99. seriemål og Norborg sitt 3. i kampen. Og Norborg fortsette å pøse på. Grønli og Krogsethagen får gode forsøk til å heade Norborg til to målsleiing , men mislykkast. Så blir Edward Laverton spelt fri, men frå skrått hald avsluttar han utafor.

Taper to poeng like før slutt
Kvarteret før slutt går ballen i stolpen og rulla på strek før FKS2 får klarert. Minuttet etter bruker Laverton farta si, spring frå forsvaret og legg uselvisk til Krogsethagen som skyt, men keeper får fista ballen i stolpen. Etter dette klare Norborg overtaket startar heimelaget å kome litt meir med, og fire minutt før full tid kjem utlikninga. Ein FKS2 spelar får lagt inn frå høgre og heilt upressa får Oliver Jarnes stå på 8 meter å putte ballen i mål bak ein sjanselaus Gamlem. På slutten får ingen av laga til noko særleg og kampen ebba ut med 3-3.

FKS2 til 5. divisjon
Norborg føler seg snytt for 3 poeng i denne kampen, for etter spel og sjansar burde oransjetrøyene ha vunne med minst 3-4 mål. Men som dei fleste veit så går fotball ut på å omsette sjansar i mål, og her var heimelaget klart betre enn gjestane. Så all ære til dei for det, men poenget til FKS2 hjelpte så lite. For å ha ein sjanse på 9. plassen måtte dei nemleg ha tre. Dermed skal det nærast eit mirakel til om det skal bli ståplass.

Tek 3. plassen neste helg
Norborg på si side kjempar om 3. plassen, og vil ta den med siger over Vigra i siste kamp. Noko vi trur dei gjer. For sjølv om alle spelarane seie at dei gjorde sitt beste i dag, så var ikkje det samme gløden i denne kampen som mot SIF2 i sist kamp. Denne gløden trur vi er tilbake mot Vigra, og vil sikre Norborg nok ein pallplass. Den fjerde i dette årtusenet.

På Norborg synst vi Stein Erik Reitan gjorde ein god jobb på sentral midtbane, medan Roger Grytten såg ut til å trivast på sin gamle plass i sentralforsvaret.

Som nemnt skal Norborg spele mot Vigra i siste runde. Kampen går søndag klokka 1400. Vi håper mange tek turen for å sjå laget som har gjennomført tidenes beste sesong sidan starten i 1968.

Kommentarar:
– RAN!!!, Steffen Grytten
– Nesten like gale som Hovdebygdakampen i vår, Edward Laverton