Norborg – Ellingsøy 7-2

Norborg – Ellingsøy 7-2 (2-1)
14 sjansar 4
4 hjørnespark 2
0
2
0 1

Arena: Norborg gras, 09.08.03

Tilskodarar: 110

0-1 Lennart Clausen (2)
1-1 Kim Idar Krogsethagen (13)
2-1 Kim Idar Krogsethagen (40)
2-2 Kristoffer Dahle (49)
3-2 Kenneth Gamlem (67)
4-2 Kristian Søviknes (68)
5-2 Tarjei Gjerset Urkedal (80)
6-2 Tarjei Gjerset Urkedal (84)
7-2 Kenneth Gamlem (90)


Raudt: Lennart Clausen, Ellingsøy (52 og 54 minutt)

Dommar: Frank Hansen, Godøy -6

Norborg sine tre beste:
Tarjei Gjerset Urkedal -8
Kim Idar Krogsethagen -8
Kristian Søviknes -8

Laget:
Geir Roar Gamlem

Christian Søvik
Kenneth Vegsund
Morten Kalvø
Roger Grytten

Kristian Søviknes
Eirik York
– (Asgeir Kalvø, 81)
Stein Erik Reitan
Tarjei Gjerset Urkedal

Kim Idar Krogsethagen
Geir Ove Grønli
– (Kenneth Gamlem, 66)

Norborg viste seg som det beste laget i solsteiken i Søvikdalen laurdag ettermiddag. Etter ei tidleg leiing av Ellingsøy tok Norborg over kampen og utover i 2. omgang var det ingen tvil kvar sigeren ville hamne.

Norborg hadde ein liten med slagkraftig tropp i heimekampen mot Ellingsøy. Heile 6 spelarar som bruker å vere med i troppen mangla, men tilbake var den gamle målkongen Kenneth Gamlem. Og han skulle etterkvart få vise at han ikkje har gløymt gamle kunster.

Tidleg Ellingsøy leiing

Ellingsøy sette ein støkk i heimelaget då dei tok leiinga allereie etter 2 minutt. Målet kom på eit frispark like utafor 16 meteren. Frisparkeksekutør Lennart Clausen skrudde ballen over muren og rett i vinkelen. Eit flott mål av Clausen.

Fortent utlikning
Norborg sine spelarar virka litt slappe i sommarvarmen, men kom seg etterkvart og etter 13 minutt skulle utlikninga kome. Norborg har fått frispark inne på Ellingsøy sin banehalvdel. Kristian Søviknes slår ballen presist på hovudet til Kim Idar Krogsethagen som enkelt stussar ballen i mål frå kloss hald.

Vakkert Kim mål

Etter utlikninga har Norborg ballen mest og viser til tider fint spel ute på høgresida, men dei store målsjansane uteblei. Til det vart innlegga for upresise. Nærast var nok Søviknes då han skaut like utafor frå ca. 18 meter etter cirka halvspelt omgang. Også Krogsethagen hadde nokon fine detaljar men utan resultat. Vi måtte vente til det 40. minutt før Norborg fekk til eit skikkeleg angrep. Christian Søvik slår langt framover venstresida til Søviknes som stussar inn til Krogsethagen. Han vipper ballen elegant over ein forsvarar og skyt i mål frå 16 meter. Eit fint angrep og 2-1 til heimelaget. Like etter er Norborg nær ved å auke leiinga då eit innlegg ifrå høgre blir boksa rett i beina til Søviknes, men skotet hans gjekk like utafor stolpen.

Effektive Ellingsøy
Etter kvila er Norborg først frampå. Tarjei “struts” Urkedal kjem seg rundt på kanten og legg inn til Eirik York som headar over frå 8 meters hald. Men allereie i det neste angrepet scorar Ellingsøy. Ballen blir slått inn i feltet, Norborg greier ikkje å klarere og Kristoffer Dahle får til slutt putta ballen i mål. Fire minutt er då gått av 2. omgang.

Clausen korrekt utvist
Og det er Ellingsøy som fortsette å vere det mest aggressive laget i starten av 2. omgang og bit seg fast inne på Norborg sin halvdel dei neste minutta. Men så får Lennart Clausen eit korrekt raudt kort etter å ha pådrege seg to gule. Først for munnbruk, så for ei tackling bakfrå. Knappe 10 minutt var då spelt av omgangen. Men det er likevel gjestane som kjem seg til den første sjansen etter dette. Ellingsøy slår langt ut mot venstre og vips er spissen igjennom, men han velje å avslutte tidleg og skotet går over mål.

Norborg maskina kjem igang
Så startar Norborg å ta over kampen og skaper eit par nesten sjansar. Ellingsøy har lagt om til ein 4-4-1 formasjon etter utvisinga, men Norborg får likevel store rom på midtbana. Dette fører til at mogelegheitene kjem på løpande band. Men Norborg er uvanleg upresise i sistepasningane og sjølv 3 mot 2 situasjonar blir sløsa bort.

Norborg punkterar kampen
Men så entra den gamle goalgetteren Kenneth Gamlem bana, og med sitt første spark på ballen ordnar han 3-2 leiing. Målet kom på eit langt oppspel ifrå Kenneth Vegsund, ballen vart stussa vidare av York og like framfor keeper dukka Gamlem opp å sette den i mål.
– Diverre er Kenneth berre heime på ferie og reiser tilbake til Brasil på onsdag.

Minuttet etter vinn Krogsethagen ballen, sette fart, driblar som vanleg eit par mann å sende ballen vidare til Søviknes som slenger foten fram å sender ballen i mål. Dermed har Norborg fått orden på nervane med to raske mål.

“Strutsen” i scoringshumør

Etter 75 minutt er Ellingsøy farleg frampå etter eit frispark, men headinga går over. Så er det klart for to Urkedal mål. 80 minutt er spelt då Søviknes kjem seg rundt på venstrekanten å slår ballen over på bakerste der Tarjei sette ballen kontant i mål frå få meter. Fem minutt seinare slår Kenneth Gamlem inn frå høgre, keeper ser ut til å ta ballen, men glepp den i beina til Tarjei som sette den stolpe inn. Like før ordinær tid er omme er Asgeir Kalvø nær ved å auke leiinga men headinga hans frå 8 meter blir redda av keeper. Like før slutt skulle likevel Norborg få sitt 7. mål. Vegsund tek initiativ framover og kjem seg rundt på venstrekanten. Det lave legget hans når Gamlem som enkelt scorar frå kloss hald. På overtid er Krogsethagen nær eit hat-trick men aleine med keeper prøver han seg på ein lobb. Noko som var mislykka.

Norborg fekk i 2. omgang store rom på midtbana mot eit slitent Ellingsøy lag, og det var ingen tvil i kvar sigeren skulle hamne. Heimelaget såg ut til å vere betre trent og ha eit jamnare besett lag, og når Ellingsøy i tillegg får ein mann utvist vart det enkelt for heimelaget. På Norborg gjorde alle mann ein glimrande jobb, spesielt i 2. omgang. Bestemannsprisen velje vi denne gongen å gi til Tarjei Urkedal. Han kjempa godt gjennom heile kampen, og i 2. omgang fekk han løn for strevet med to mål.

Neste kamp for Norborg er bortemøtet med topplaget Valder på torsdag. Vi vonar mange finn seg ein båt å tek den korte turen til Valderøya.