Norborg – Skarbøvik2 3-3

Norborg – Skarbøvik 2. lag 3-3 (2-2)
8 sjansar 10
4 hjørnespark 5
4
1
0 0

Arena: Norborg gras, 18.06.03

Tilskodarar: 96

1-0 Kim Idar Krogsethagen (6)
1-1 Henning Tafjord (str. 14)
1-2 Aksel Gjøsund (25)
2-2 Kim Idar Krogsethagen (32)
2-3 Thomas Roset (62)
3-3 Eirik Urkedal York (71)


Gule: Kim Idar Krogsethagen (20), Geir Ove Grønli (43), Stig Wold (54), Stein Erik Reitan (84)

Dommar: Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg -1

Norborg sine tre beste:
Geir Roar Gamlem -9
Eirik York -8
Kim Idar Krogsethagen -8

Laget:
Geir Roar Gamlem

Christian Søvik
Kenneth Vegsund
Morten Kalvø
Stig Wold

Kristian Søviknes
– (Stein Erik Mårstøl, 66)
Eirik York
Stein Erik Reitan
Tarjei Gjerset Urkedal
– (Steffen Grytten, 85)

Kim Idar Krogsethagen
Geir Ove Grønli

Norborg reiste seg etter det uheldige tapet mot ÅVK sist helg, og var fullt på høgde med topplaget Skarbøvik2 i denne kampen og fekk behalde eitt poeng i heime i Søvikdalen etter mål av Kim Idar Krogsethagen og Eirik York.

Norborg stilte med ein sterk tropp i dagens kamp mot SIF2. Trenar Sindre Hildre tok sjølv turen inn til Åndalsnes for å hente heim Kim Idar Krogsethagen, og dermed mangla berre Roger Grytten, Jan Vatnehol, Christopher Urkedal og eit par militæristar.

Tidleg i leiing
Norborg overraska dei fleste med å ta kommandoen frå start av. Dette presset resulterte i 1-0 allereie etter 6 minutt på ei heading frå ca. 8 meter ved Kim Idar Krogsethagen etter eit godt legg av Morten Kalvø..

Hårreisande straffe
Etter ti minutt med Norborg press starta SIF2 å ta over kampen, og etter 14 minutt følte linjedommar Frode Ramsvik seg gavmild å spanderte ei straffe til SIF2 etter at Christian Søvik utførte ei perfekt tackling på ein siffar. Straffa sette Henning Tafjord kontant i nota.

Press enda med mål

Etter utlikninga fortsette SIF2 å styre banespelet og skaper nokre halvsjansar. Norborg verka å ha mista trua, og er meir interessert i å prate med dommar Hatlehol som stadig dømmer mot Norborg i tvilsame situasjonar. Etter 25 minutt tek så gjestane leiinga ved Aksel Gjøsund. Målet kjem etter at Geir Roar Gamlem først viser klasse å redda glimrande ei avslutning frå kloss hald, men returen får ikkje Norborg klarert fordi Morten Kalvø er uheldig å falle. Ballen går så til Gjøsund som sette ballen i mål.

Målkongen frampå igjen

Målet ser ut til å tenne Norborgspelarane og ein starta igjen å vinne fleire duellar. Etter dryge halvtimen får ein så utlikninga, og nok ein gong er det Kim Idar som skårar. Denne gang aleine med keeper etter eit godt forarbeid av Geir Ove Grønli. Dei siste ti minutta har begge lag eit par skot som går utanfor. Dermed ebba omgangen ut med 2-2.

Norborg nær leiing

Dei første minutta av 2. omgang er jamspelte, men det er Norborg som er farlegast framfor mål. Først på eit frå midtstreken av Christian Søvik som SIF2 så vidt får klarert til corner. Like etterpå er Kim Idar frampå men avslutninga hans snik seg utafor stolpen.

Dommaren gadd ikkje å blåse

Når dryge timen er spelt får SIF2 hjørnespark. Eit hjørnespark som Thomas Roset headar sebratrøyene i leiinga på. Men målet burde ha vore avblåst for frispark. SIF2 spelar Hany Suleiman held nemleg keeper Geir Roar i eit godt gamalt brytegrep på streken. Då Geir Roar seie dette til dommar Hatlehol svarar han; “ej såg det!”. Likevel 2-3. To minutt seinare kjem SIF2 seg til ein gedigen sjanse etter rot i Norborg sitt forsvar, men Geir Roar varta opp med ei klasseredning og haldt Norborg inne i kampen.

York i skåringshumør
Norborg løfta så spelet sitt igjen og etter 71 minutt kjem utlikninga. Stein Erik Reitan slår perfekt inn til Eirik Urkedal York som headar i mål, og skårar med det sitt 4. mål på 3 kampar. Ikkje verst for ein midtbanespelar. Like etter utlikninga blir Kim Idar spelt fri, men blir avvinka for offside. Frå vår posisjon såg dette svært tvilsamt ut. Kim Idar sjølv var iallfall ikkje i tvil i at han stod bak midtstreken når ballen vart slått. Publikum var heller ikkje i tvil og pepra dommartrioen med mishagsytringar. Sjeldan eller aldri har vel misnøya med dommarane vore større i Søvikdalen.

Gjestane nær mål
Det siste kvarteret av kampen styrer SIF2 kampen, men avslutningane går som regel over, i klypene på ein veldig god Geir Roar Gamlem, og ein gong i tverrliggar. Men Norborg har også eit par brukbare tilbod dei siste minutta ved York og Grønli. York er uheldig med mottaket og ballen trillar inn til keeper, medan Grønli skyt over frå 15 meter. Sjølv om dommartrioen gjorde sitt for at SIF2 skulle få tre poeng, ebba kampen ut med 3-3 i ein kamp der det kunne ha tippa begge vegar.

Publikum i harnisk

Norborg heva seg kraftig til denne kampen og alle jobba godt. Diverre fekk ein ikkje alle poenga. No skal vi ikkje gi all skyld på dommaren, men maken til svak dommar har vi vel aldri sett. “Vi hadde fått meir rettferdig dømming om trenaren til SIF dømte”, uttalte ein norborgar etter kampen. “Han skal vere glad han dømte i fredelege Norborg-land og ikkje i Colombia “, sa ein annan.

Og vi må ha lov til å reagere når ein dommar blant anna uttalar dette til Norborg sine spelarar midt i 2. omgang; “ej forstend ikkje koffor dokke gidd å spele fotball!”.

På eit hardt kjempande heimelag kårer vi keeper Geir Roar Gamlem til bestemann. Tett fulgt av Eirik York og Kim Idar Krogsethagen.

Neste kamp for Norborg er allereie på laurdag. Då gjestar FK Sykkylven2 Søvikdalen. Vél møtt!