Norborg – Godøy 2-0 (1-0) |
|
Arena: Norborg gras, 05.06.03
Tilskodarar: 70 1-0 Geir Ove Grønli (str. 30)2-0 Eirik Urkedal York (81) Dommar: Svein Ivar Aarskog, Vartdal -5 Norborg sine tre beste: Eirik Urkedal York -9 Morten Kalvø -8 Kim Idar Krogsethagen -8 |
Laget: Geir Roar Gamlem Christian Søvik Stig Wold Kristian Søviknes – (Geir Ove Tennfjord, 80) Eirik York – (Jan Vatnehol, 86) Stein Erik Reitan Steffen Grytten – (Asgeir Kalvø, 90) Kim Idar Krogsethagen – (Christopher Urkedal, 90) Geir Ove Grønli |
Eit aggressivt heimelag vann 2-0 over topplaget Godøy etter mål av Geir Ove Grønli og Eirik York. Kampen var jamspelt og med få klare målsjansar.
Norborg mangla Stein Erik Mårstøl grunna brot i nasen, Roger Grytten grunna skule, og militæristane Tarjei Urkedal, Jan Even Drønnesund og Kurt Erik Grytten til denne kampen. Men ein stilte med eit godt lag som var heiltent på å rette opp fadesane mot Hovdebygda og Åmdal.
Jamne opning Første halvdel av 1. omgang var jamspelt og med ingen klare sjansar til nokon av laga. Norborg hadde eit par skot over ved Kim Idar Krogsethagen, medan Godøy spelte seg fram til nokre nesten sjansar. Men noko spesielt farleg var det verken framfor Geir Roar Gamlem i Norborg målet eller Godøy sin keeper. Grønli sitt 3. straffemål på to kampar Når halvtimen var spelt vart Krogsethagen spelt igjennom, og med Trond Valkvæ på slep kom han seg inn i 16 meteren der han vart felt når han skulle passere keeper. Dommar Svein Ivar Aarskog var ikkje i tvil å blåste for straffe. Dermed var alt klart for Norborg sin sikre straffeeksekutør Geir Ove Grønli, og han sette ballen trygt i mål til 1-0 leiing til Norborg. Norborg best etter målet Like etter skoringa får Krogsethagen ein løpeball, Trond Valkvæ ser ut til å ha kontroll men blir dytta bort av Krogsethagen som då får fri veg mot mål. Men Valkvæ kjem seg på plass igjen å pressa Krogsethagen så pass i avslutningsaugeblinken at skotet går utanfor. Nokre minutt seinare er Krogsethagen på farta igjen. Han lurer Valkvæ, kjem seg ned til kortlinja og legg flott inn til Grønli som headar like over mål. Fortent Norborg leiing til pause Totalt sett var Norborg det beste laget i 1. omgang og spelte seg til nokre gode målsjansar det siste kvarteret. Godøy vart nok litt overraska over det aggressive Norborg laget og fekk lite til offensivt bortsett frå eit par skot frå 16 meteren var det lite som vart skapt frå gjestane. Nær utlikning Dei ti første minutta av 2. omgang var det lite godt spel å sjå, men så fekk Godøy frispark nokre meter inne på Norborg sin banehalvdel. Ballen var slått inn i 16 metersfeltet der Henning Dyb fekk avslutte frå 5 meter, men til heimelaget si store lykke gjekk ballen himmelhøgt over mål. Men Godøy var på hogget, og fem minutt seinare fekk dei til ei god kontring. Godøyspissen spring frå Norborg forsvaret og har berre keeper Gamlem igjen, men Gamlem tek fram det beste i seg og får blokkert skotet. Norborg meir med igjen Etter den gode Godøy perioden jamnar kampen seg igjen ut. Norborg kjem seg lenger opp på bana og får blant anna til eit brukbart skot ifrå Krogsethagen. Men Godøy verkar piggare enn Norborg, og eit kvarter før slutt kjem dei igjen aleine med keeper, men avslutninga er mildt sagt elendig og går utafor. Spelet bølgjer no fram og tilbake og minuttet etter er Norborg frampå ved eit volleyskot av Kristian Søviknes, men skotet hans frå 14 meter gjeng utafor. Så er Godøy frampå igjen, men Norborg får blokkert skotet frå 13-14 meter. York punkterer kampen Så etter 81 spelte minutt punkterer heimelaget kampen. Geir Ove Tennfjord legg perfekt inn til Eirik York som stiger til vers å heada inn 2-0. På slutten av kampen spelte Godøy seg til eit par mogelegheiter utan resultat. Norborg sine spelarar gjorde ein heilhjarta innsats i denne kampen. Endeleg var løpsviljen og aggressiviteten tilbake etter dei to svake kampane mot Hovdebygda og Åmdal. I tillegg var den fordømte uturen ein har hatt i år også borte. Alle mann med oransje skjorte gjorde ein god kamp denne gongen, men dei fleste er nok einige i at Eirik York fortener tittelen Norborgs beste. Han sprang til krampa tok han og litt til, tackla og slo pasningar, og fekk seg også eit mål. Norborg får seg litt over ei veke med kvile fram til neste kamp. Då går turen til Åram/Van.kam. |