Åmdal – Norborg 6-4

Åmdal – Norborg 6-4 (3-2)
9 sjansar 9
6 hjørnespark 5
1
1
0 0

Arena: Legene gras, 27.05.03

Tilskodarar: 35

1-0 Einar Nybø (8)
1-1
Kim Idar Krogsethagen (11)
2-1 Jan Erik Leira (13)
2-2 Geir Ove Grønli (17)
3-2 Jan Olav Kjøde (37)
3-3 Geir Ove Grønli (str. 48)
4-3 Øystein Fet (54)
5-3 Jan Erik Leira (62)
5-4 Geir Ove Grønli (str. 70)
6-4 Eivind Myklebust (86)

Dommar: Morten Berge Digernes, Bergsøy -6

Norborg sine tre beste:
Christian Søvik -7
Stein Erik Reitan -6
Stein Erik Mårstøl -6

Laget:
Geir Roar Gamlem

Christian Søvik
Kenneth Vegsund
Morten Kalvø
Roger Grytten

Kristian Søviknes

– (Stein Erik Mårstøl, 46)
Eirik York
– (Steffen Grytten, 69)
Stein Erik Reitan
Stig Wold
– (Christopher Urkedal, 69)

Kim Idar Krogsethagen
Geir Ove Grønli

Ikkje benytta:
Edward Laverton

Norborg måtte sjå seg slått 6-4 av eit svært effektivt heimelag. Norborg var i lange periodar fullt på høgde med Åmdal, men nok ein gong fekk ein svi for defensive feil.

Norborg reiste til Åmdalen med ein sterk tropp og med god tru på siger mot botnlaget Åmdal, men det skulle raskt vise seg at dette ikkje var kampen for dei oransje.

Nær Norborg-leiing
Norborg opna kampen best og spelte seg fram til ein stor sjanse allereie før to minutt var gått. Geir Ove Grønli stod for nærast blankt mål etter fint forarbeid av Kim Idar Krogsethagen og Stein Erik Reitan, men avslutninga til Grønli var altfor svak og trilla inn til ein Åmdal-keeper som låg nede lenge før avslutninga kom. Ein liten chip var alt som skulle til for at det skulle stå 1-0 til gjestane.

Mål frå 30 meter
Norborg fortsette dei neste minutta å vere det spelemessig førande laget, men enten vart gjennomspela eller avslutningane for dårleg. Etter 8 minutt kom Åmdal seg i angrep. Norborg er slakk i presset i midtbaneleddet og Einar Nybø får god tid til å skyte i mål heilt inne ved stolperota frå 30 meter. Geir Roar Gamlem uttalte etterpå at han nok burde ha tatt det skotet.

Krogsethagen med jubileum
Norborg kjem likevel raskt til hektene og utliknar. Målet kjem etter eit fint oppspel frå Christian Søvik til Kim Idar Krogsethagen som elegant lobbar over keeper og skårar sitt 75. seriemål i karrieren. Krogsethagen dedikerte etter kampen målet sitt til menig Borgersen på HV-skulen Dombås. norborg.com vil legge til at også Øyvind Davik skal ha sin del av æra for dette målet. For det var nemleg litt av eit opplegg for å få Krogsethagen på kamp i kveld. Han miste nemleg toget ifrå Dombås til Åndalsnes, og bussen frå Åndalsnes til Moa. Dermed måtte Borgersen kjøre han frå Dombås til Åndalsnes, medan Davik reiste inn til Åndalsnes for å kjøre han vidare til Moa. Sporty gjort av dei begge.

Åmdal fornekta seg ikkje

Norborg si glede over målet varte ikkje lenge, for to minutt etter skapte Åmdal sin andre sjanse og sitt andre mål. Målet kom etter at Norborg stod høgt og ballen vart slått i rommet mellom Morten Kalvø og Kenneth Vegsund der Jan Erik Leira kom på løp. Leira tok med seg ballen i fart, runda keeper og sette ballen enkelt i mål.

Innlegg frå kant = mål

Men Norborg ga seg ikkje og berre fire minutt seinare kjem utlikninga. Krogsethagen vinn ballen på midten, finter vekk eit par mann, slår til Stig Wold på høgrekanten som forserer og slår eit presist innlegg til Grønli som enkelt headar ballen i mål.

Eit par minutt etter er Norborg nær ved å ta leiinga i kampen, men Kristian Søviknes sitt skot blir godt redda av Åmdal sin keeper. Minuttet etter er Åmdal frampå med eit skot, men Gamlem får gitt til corner.

Etter 20 underhaldande minutt gjeng kampen inn i ein tam periode der ingen av laga får til det heilt store. Norborg slit med presisjonen på oppspela og taper overraskande mange duellar.

Så e d på’an igjen
Så skjer det som ikkje skal skje, men som er typisk for Norborg denne vårsesongen. Ein er litt slapp i press på ballførar, og Åmdal sin raske venstreving får springe med ballen frå eigen banehalvdel og oppover sida til han vender innover på bana, spring langs 16 meteren og slår ein fin ball ut til Jan Olav Kjøde som bankar inn 3-2 med åtte minutt igjen av omgangen. Eit mål det eigentleg skal vere umogeleg å lage mot eit etablert forsvar. Dermed må Norborg nok ein gong jage utlikning.

Alt i alt ein jamn 1. omgang der heimelaget har vore hakket betre framfor mål og skort på 3 av 4 sjansar. Norborg skapte 5 sjansar og laga 2 mål, ikkje verst det heller.

Til 2. omgang må Norborg gjere eitt bytte. Kristian Søviknes må gi seg og blir erstatta av Stein Erik Mårstøl.

Norborg press
Norborg går hardt ut å pressa på for ei utlikning. Først kjem Grønli seg til eit skot frå god posisjon, men det går over. Så er samme mann igjen på gang inne i 16 meteren, men denne gangen blir han felt og dommaren dømmer korrekt straffespark. Grønli tek sjølv straffa og sette den perfekt i mål heilt inne ved stolpen. Dermed 3-3, og Norborg verkar å ha noko på gang.

Men den gang ei. For etter 54 minutt får Øystein Fet stjernetreff på skotet sitt frå 18 meter, og ballen fyk opp i vinkelen til 4-3, og Norborg er igjen på etterskot. Norborg sine spelarar får seg no ein liten knekk, og skapar lite offensivt. Og då Jan Erik Leira sette inn sitt 2. mål for dagen etter 62 minutt verkar det heile kjørt. Målet kom etter at den raske venstrevingen kom seg ned til kortlinja, la lavt inn til Leira som fekk lirka ballen i mål bak Gamlem.

Ny straffe og ny spenning
Tjue minutt før slutt blir Krogsethagen tatt hardt inne i 16 meteren, og dommaren gir Norborg straffe. Grønli tek ansvaret igjen, og sette den på samme plassen som sist. Dermed 5-4 og ny spenning. Like etter reduseringa får Norborg ein ny mogelegheit. Vegsund slår eit frispark inn i 16 meteren der Grønli hoppar høgast å får til ei heading, men diverre rett på keeper.

Åmdal med kontroll
Det siste kvarteret har Åmdal god kontroll på Norborg, og kjem seg blant anna til ein dobbelt sjanse fem minutt før slutt. Men Gamlem står godt å reddar. Minuttet etter blir det likevel 6-4 på eit skot frå Eivind Myklebust. Eit mål som kanskje burde ha vore avblåst for offside i trekka før Myklebust får ballen.

Gløym tabellen, den lyg uansett!
Norborg gjekk altså nok ein gong av bana med tap i ein kamp ein var fullt på høgde med motstandaren. Åmdal var rett nok eit mykje betre lag enn både Hovdebygda og Ellingsøy, men poeng mot dette laget burde så absolutt vore mogeleg. Men Åmdal var rutinerte og gode. Spelte ofte på en-touch og var utruleg effektive. At dette laget stod med 0 poeng og 4-22 i målforskjell er ei gåte for oss.

Norborg må no berre heve hovudet, sjå framover og gløyme tabellen. Laget har spelarane og lagleiarane som skal til for å kome seg ut av botnstriden. Det er over ei veke til ein skal i ilden mot topplaget Godøy. Bruk den vél.