Norborg – Hovdebygda 3-4

Norborg – Hovdebygda 3-4 (1-1)
10 sjansar 6
2 hjørnespark 4
0
1
0 1

Arena: Norborg stadion, 24.05.03

Tilskodarar: 75

0-1 Jan Egil Gretland (20)
1-1
Stein Erik Mårstøl (42)
2-1 Kim Idar Krogsethagen (51)
2-2 Jo Martin Aasen (53)
3-2 Kristian Søviknes (64)
3-3 Jo Martin Aasen (82)
3-4 Thomas Ryste (90+2)

Dommar: Harald Thorsen, Spjelkavik -7
Assistendommarar: Ole Martin Farstad, Lepsøy, og Antoni Vike Danielsen, Rollon

Tre beste på Norborg:

Christian Søvik -7
Stein Erik Mårstøl -7
Stein Erik Reitan -6

Laget:
Geir Roar Gamlem

Christian Søvik
Kenneth Vegsund
– (Steffen Grytten, 70)
Morten Kalvø
Roger Grytten
– (Christopher Urkedal, 46)

Kristian Søviknes
– (Edward Laverton, 65)
Eirik York
– (Stein Erik Mårstøl, 87)
Stein Erik Reitan
– (Asgeir Kalvø, 80)
Stig Wold

Kim Idar Krogsethagen
Stein Erik Mårstøl
– (Geir Ove Tennfjord, 70)

Norborg tapte noko ufortent 3-4 for Hovdebygda etter å ha leia 3-2 ti minutt før slutt. Heimelaget bomma på mange store sjansar, og vart hardt straffa av effektive hovdebygdarar.

Tam opning
Publikum var vitne til ei tam og keisam opning på kampen mellom botnlaga Norborg og Hovdebygda. Heimelaget skapte berre ein skikkeleg målsjanse i løpet av dei første 20. minutta. Sjansen vart skapt ved dei to Stein Erikane. Mårstøl viste god teknikk nede på venstresida og la fint ut til Reitan som skyt utafor frå 15 meters hald.

Kim Idar Krogsethagen kunne ha fått eit par mogelegheiter, men kasta dei vekk med å skyte i frå langt hald. Hovdebygda derimot skapte ikkje noko før i det 20. minutt, men då vart det i tillegg mål.

La opp i vinter – skorte mot Norborg
Det heile startar med ei feilpasning midt inne på Norborg sin banehalvdel. Ballen vert så slått igjennom til Jan Egil Gretland, som spring ifrå Kenneth Vegsund og sette ballen sikkert i mål aleine med Geir Roar Gamlem. Gretland la eigentleg opp i vinter, men fekk på seg skoa igjen denne veka og skorte altså sitt 1. mål for sesongen.

Etter målet blir det skapt svært lite framfor måla. Norborg satsa på lange ballar opp til Mårstøl og Krogsethagen, og sjølv om lange ballar var ein vellykka taktikk mot Stranda, må det seiast å vere mislykka mot fysisk sterke og meir defensive Hovdebygda. Norborg tapte som regel 2. ballen og greidde aldri å skape noko trykk på Hovdebygda.

Heimelaget vakna
I omgangen sine 5 siste minutt vakna endeleg heimelaget til liv. Først får ein frispark ca. 10 meter inne på Hovdebygda sin banehalvdel. Krogsethagen fyre laus, keeper gir retur, Christian Søvik er våken frampå, men headinga hans går utafor. Eitt minutt seinare skulle Norborg få utlikninga si. Kristian Søviknes fann endeleg fann godfoten å la eit godt innlegg på hovudet til Mårstøl som heada ballen sikkert i mål.

Like etter får Krogsethagen sjansen til å gi Norborg leiinga. Roger Grytten spelar langt opp, Krogsethagen spring frå forsvararen og lobbar ballen over både keeper og mål.

Totalt sett ein dårleg 1. omgang av heimelaget, men ein såg spor av forbetringar mot slutten. Alt i alt greitt med uavgjort til pause.

Til 2. omgang gjorde Norborg eitt bytte. Christopher Urkedal kjem inn for Roger Grytten. Dette fører til at Mårstøl går ned på sin vante midtbaneposisjon, Stig Wold tek høgreback plassen til Roger, medan Christopher spelar spiss.

Norborg tek kommandoen
Med Mårstøl på sentral midtbane får vi sjå eit heilt anna Norborg-lag og tek kommandoen frå start. Allereie etter 3 minutt får Krogsethagen ein sjanse etter at keeper glepp ballen i beina hans, men frå skrått hald skyt han i nettveggen. Tre minutt seinare skulle det så bli mål. Mårstøl slår ballen bak Hovdebygda sitt forsvar, Krogsethagen startar løpet riktig og lobbar ballen over keeper og i mål.

Rask kvittering

Men heimelaget si glede varer ikkje lenge, for eit par minutt etter får Jo Martin Aasen dreis på skotfoten og skårar frå 16 meter. Like etter er gjestane farleg frampå igjen, men denne gongen går skotet langt over mål. Norborg tek så kraftig over å skaper fleire sjansar før Kristian Søviknes endeleg ordna 3-2 i det 64. minutt. Målet kom etter rot i Hovdebygda sitt forsvar. Ballen gjekk til Søviknes som sette den i mål frå ca. 13 meter.

Kim på godt og vondt
Like etter 3-2 målet er det klart for dagens prestasjon. Kim Idar Krogsethagen dribla 4-5 mann på veg inn til 5-metaren, men når han berre har å putte ballen i mål dunka han den over tverrliggaren. Her burde det ha stått 4-2.

Ut med dei rutinerte – inn med ungdommen
Etter dryge halvspelt 2. omgang får Vegard Flø på Hovdebygda raudt kort for å ha slengt Mårstøl i bakken. Dei fleste tilskodarane blir no sikre på siger, og det blir nok også dei på benken. For rutinerte og fysisk sterke spelarar som Stein Erik Mårstøl og Kenneth Vegsund blir tatt av bana like etter. Etter at også Kristian Søviknes vart bytta nokre minutt tidlegare, stilte no heimelaget med 3 juniorspelarar og 2 gutespelarar.

Urkedal og Reitan burde ha avgjort kampen
Likevel kom Norborg seg til to store sjansar dei påfølgjande minutta. Først lobba Urkedal over keeper og i stolpen, så missa Reitan aleine med keeper etter at han sjølv spelte seg fri.

Så går det gale!
Men så rakna det urutinerte Norborg-laget. I det 82. minutt får Hovdebygda corner. Ballen blir slått hardt inn i feltet der Jo Martin Aasen vinn duellen å skårar via Steffen Grytten, stolpen og i mål.

Norborg satsar no veldig offensivt, men mangla roa på midtbana og kjem seg ikkje til sjansar. I staden er det Hovdebygda som får sigersmålet to minutt på overtid då Thomas Ryste får skikkeleg treff frå 16 meter og ballen fyk i nettet.

Taktiske feil?
Norborg skapte dei fleste sjansane i denne kampen, og burde ha avgjort kampen i løpet av den første halvtimen av 2. omgang. Men nok ein gong tek ein ikkje godt nok vare på sjansane sine og blir hardt straffa for det. Men i denne kampen kan vi ikkje legge all skyld på spelarane, også lagleiinga må ta sin del. For når ein leiar 3-2, har full kontroll på kampen og skaper sjansar, bør ein ikkje gjere for mange bytter.

I etter-på-klokskapens-ånd er det lett å seie at Norborg også burde ha satsa på meir spel gjennom midtbana frå start av. Lange ballar fungerer nok bra i kampar der Norborg er underdog, men mot lag vi er betre enn passar nok den vanlege stilen best. Men Norborg har berre 5 kampar bak seg på dette nivået og er inne i ein lærefase. I denne kampen lærte nok både spelarar og trenarar like mykje som ein gjorde sist gong ein tapte.

Vi gir i dag bestemannsprisen til Christian Søvik. Han spelte godt både som sideback og stoppar. I tillegg var Stein Erik Mårstøl svært god då han spelte sentralt på midtbana der han opptrådde med ro, overblikk og taktisk kløkt.

Neste kamp for Norborg er allereie på tysdag borte mot Åmdal. Vi reknar med at spelarane og trenarane rista av seg skuffelsen, og tek med seg tre poeng heim til Haram.