Ellingsøy – Norborg 3-2 (2-0)
Ellingsøy stadion, seriekamp 4.divisjon, 01.05.03
5 sjanser 15
1-0 Arnstein Hoff (22)
2-0 Lennart Clausen (29)
2-1 Kim Idar Krogsethagen (60)
2-2 Geir Ove Grønli (73)
3-2 Sindre Myklebust (87)
-Går ballen i stolpen ein gang til no so grev eg meg ned, ropte ein frustrert Kim Idar Krogsethagen når ballen traff stolpen for femte gang i første omgang. Norborg hadde ballen, skapte sjansane, medan Sindre Myklebust fullførte Ellingsøy sitt røveri med ein stuss i mål etter frispark rett før slutt.
Norborg opna kampen med å spele seg fram til ei rekkje med gode muligheiter dei første tjue minutta. Heile fire gangar i løpet av denne perioden gikk ballen i treverket. Kenneth Vegsund heada i tverrliggeren etter corner, Kristian Søviknes traff stolpen på ei heading, Ellingsøykeeperen fista eit langt frispark frå Søviknes i tverliggeren og også Ellingsøy sin midtstoppar traff eigen stolpe på ei heading. Altså alle mulige marginer gikk mot Norborg.
Effektive Ellingsøyera
I stede var det Ellingsøy som tok leiinga på sin første sjanse i kampen. Arnstein Hoff blir chippa igjennom i midten, og åleine emd keeper sett han ballen i mål. Sju minutt seinare så er det eit frispark frå Lennart Clausen som går via Morten og i mål.
Norborg hentar oppatt
I løpet av andre omgang sin første halvtime produserar Norborg ein rekke store sjanser, og tru det eller ei. Dei greidde faktisk å få ballen i mål også!
1-2 kjem etter at Tarjei som kom inn i pausa drar seg fri på høgresida, og legg nydelig til rette for Kim som ikkje kunne bomme frå seksten. Og så eit kvarter før slutt kjem utlikninga til 2-2. Eit frispark på bakerste blir planta i nettmaskene av Geir Ove Grønli. Etter dette trudde nok dei fleste at Norborg skulle fortsette å presse ellingsøy for eit vinnarmål. Laget kom seg fram til noen sjansar, men ballen ville ikkje inn. Ellingsøy var også nær når Geir Roar Gamlem gjer ei kanonredning på ei heading frå Arnstein Hoff før Morten Kalvø saksesparkar returen vekk frå streken.
Myklebust svevar Ellingsøy inn i himmelen
Men så, to minutt før slutt skulle det totale røveri være eit faktum. Eit frispark blir lagt inn i feltet av Dag Rune Skotte til ein umarkert Sindre Myklebust som stussar ballen i mål, og Ellingsøy vinn kampen 3-2 mot spelets gang.
Norborg står dermed med eit poeng etter to kampar, og på torsdag ventar ein ny tøff motstand Valder. Til den kampen er det fleire usikre element. Kim Idar kjem nok ikkje heim frå militæret og i tillegg gikk venstrekant Søviknes ut rett etter pause med ein lei lyskestrekk mot Ellingsøy. I tillegg så reiser Tarjei som var svært aktiv på høgrekanten tilbake i militæret på mandag.
Laget: Geir Roar Gamlem – Stig Wold, Kenneth Vegsund, Morten Kalvø, Christian Søvik (Roger Grytten 89) – Steffen Grytten (Asgeir Kalvø 65), Stein Erik Reitan, Eirik York, Kristian Søviknes (Tarjei Urkedal 47) – Kim Idar Krogsethagen, Christopher Urkedal (Geir Ove Grønli 47)