Norborg – Svelvik 1-3

Norborg-Svelvik 1-3 (0-2)
Aars Stadion, 15.04.03

0-1 ? (41)
0-2 ? (44)
1-2 Stig Wold (68)
1-3 ? (89)

Startoppstilling: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik, Kenneth Vegsund, Morten Kalvø, Asgeir Kalvø – Kristian Søviknes, Geir Ove Tennfjord, Stein Erik Reitan, Steffen Grytten – Kim Idar Krogsethagen, Stig Wold

Norborg opna kampen bra og hadde to skot i stolpen, men mot slutten av 1. omgangen fekk Svelvik to enkle mål. Norborg pressa på i 2. omgang, men det vart med den eine reduseringa til Stig Wold. Like før slutt fekk Svelvik eit tredje mål.

Tre spelarar måtte stå over denne kampen pga skader og sjukdom. Dette var Eirik York, Christopher Urkedal og Edward Laverton.

Norborg spelte veldig bra fotball dei første 15-20 minutta, men kom ikkje nærare enn Kim Idar Krogsethagen sine to stolpeskot. Etter Norborg si gode opning jamnar kampen seg ut, og mot slutten av omgangen tek Svelvik leiinga i kampen. Norborg mista ballen på høgresida, ballen blir så slått over Norborgforsvaret og ein Svelvik spelar får ein enkel jobb med å skåre åleine med Kurt Erik Grytten.

Like etter får Norborg corner, men Svelvik klarerar opp til Asgeir Kalvø som sender ballen til Stig Wold som missa, og Svelvik sette igang ei kontring som ga mål. Dermed 2-0 til Vestfoldlaget ved pause. Norborg hadde totalt flest sjansar i denne omgangen.

I dei 15-20 første minutta av 2. omgangen har Svelvik kontroll på kampen, men ved halvvegs omgang snappar Kristian Søviknes ei tversoverpasning. Han slår igjennom Kim, som går mot mål. Åleine med keeper velge han å sentre til Stig som enkelt sette ballen i tomt mål.

Norborg tok då over kampen, men fekk ikkje utlikninga. Like før slutt aukar Svelvik leiinga si. Dei kjem fram på venstresida. Legg inn. Tre Norborgspelarar bommar på ballen og ein Svelvik spelar putta enkelt ved bakerste stolpe.