Norborg – Ellingsøy 1-0 (0-0)
Brattvåg kunstgras, 09.03.03
6 målsjansar 1
6 hjørnespark 7
1-0 Kenneth Vegsund (61)
Dommar: Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg
Laget: Geir Roar Gamlem – Christian Søvik, Kenneth Vegsund, Morten Kalvø (Knut Ivar Bjørlykhaug, 46), Stig Wold (Asgeir Kavlø, 70) – Kristian Søviknes, Jan Vatnehol (Torstein Voldstad, 84), Stein Erik Reitan, Eirik York (Amund Terøy, 76) – Christopher Urkedal (Edward Laverton, 46), Kim Idar Krogsethagen
Norborg vann 1-0 over Ellingsøy på Brattvåg kunstgras tidleg søndag ettermiddag. I ein keisam kamp vart midtstoppar Kenneth Vegsund matchvinnar i det 61. minutt. Målet kom etter ein corner frå Stein Erik Reitan. Norborg hadde ballen mest, og sjølv om fleire av spelarane ikkje hadde dagen, vann ein heilt fortent. Mykje takka vere godt forsvarsspel.
Norborg best i gang
Norborg og Ellingsøy viste ei svært keisam forestilling i 1. omgang. Vi noterte bere tre målsjansar i denne omgangen, alle til Norborg. Den første sjansen kom etter 7 minutt. Kim Idar Krogsethagen spelte vegg med Eirik York, og fekk avslutta frå ca. 16 meter, men keeperen fekk slått ballen til corner. På hjørnesparket slo Stein Erik Reitan ein perfekt ball til Christian Søvik, men headinga hans frå kloss hald gjekk utanfor.
Etter dette skjedde det svært lite. Norborg hadde ballen, men greidde aldri å spele seg igjennom det gode Ellingsøy forsvaret. Vi måtte vente heilt til det 41. minutt for ein ny sjanse. Stein Erik mottok ballen like innafor 16 meteren og fekk fyrt av, men keeper var raskt nede å redda skotet.
Keisam fotball
I denne omgangen spelte Norborg dårleg offensiv fotball. Ballen gjekk for seint, siste trekket vart for upresist og ein fekk aldri innlegg frå kant. Defensivt var det derimot annleis. Laget opptrådde svært kompakt, og med to suverene midtstopparar greidde ikkje Ellingsøy å skape ein einaste skikkeleg målsjanse. Nærast var dei på eit frispark frå 20 meter som gjekk i muren.
Norborg gjorde to bytter til 2. omgang. Knut Ivar Bjørlykhaug kom inn for Morten Kalvø, som fekk føling med ein strekk, medan Edward Laverton kom inn for Christopher Urkedal.
Ellingsøy farleg frampå
2. omgang opna like søvndyssande som første. Men etter 10 minutt vakna kampen. Norborg fekk først to resultatlause hjørnespark, før Ellingsøy kontra og skapte sin første og einaste sjanse i løpet av kampen. Kontringa starta på deira høgreside, ballen vart så krossa over til venstre, der ein Ellingsøyspelar fossa inn i 16 meteren og fekk avslutta, men Geir Roar Gamlem i Norborg-målet redda flott.
Corner er mål
Dei neste minutta greier Norborg å etablere eit trykk på Ellingsøy. Edward får først ein dobbeltsjanse, medan Kim Idar får til eit skot i frå 16 meter. Men mål vart det ikkje. Eitt kvarter ut i 2. omgang får så Norborg corner. Stein Erik slår ballen inn på bakarste der Kenneth Vegsund sette foten fram å skårar sikkert frå 5 meters hald. Ei fortent 1-0 leiing til Norborg.
Etter dette skjedde det svært lite, og kampen enda med ein 1-0 siger til Norborg.
Denne kampen var prega av labert tempo, dårleg rørsle, slurvete pasningar og to veldig gode forsvar. Men nok ein gong gjekk Norborg av bana som sigerherrar, og stadfesta at ein har eit betre lag enn Ellingsøy. Det mest gledelege ved Norborg var forsvarsspelet. Her fortsette ein den gode trenden frå i fjor, og sjølv i den perioden ein spelte med to gutespelarar, så hadde ein full kontroll. Offensivt var det alt for mange spelarar som spelte under pari, men det kan jo vere greitt å ikkje vise seg frå si beste side i ein treningskamp mot ein divisjonskollega.
Av enkelt spelarar trekke vi fram Kenneth Vegsund. Han spelte svært godt i midtforsvaret og vart i tillegg matchvinnar. Også gutespelarane Knut Ivar Bjørlykhaug og Asgeir Kalvø imponerte med god plasseringsevne, teknikk og speleforståelse.
Neste kamp for Norborg er neste søndag kl. 12 mot FK Sykkylven. Også den på Brattvåg kunstgras.