Ellingsøy – Norborg 2-4 (2-0)
Sunnmørshallen, 15.02.03, semifinale vintercup
8 sjansar 9
4 hjørnespark 4
0 1
1-0 Arnstein Hoff (29)
2-0 Kristoffer Dahle (38)
2-1 Kenneth Vegsund (59)
2-2 Sjølvmål (62)
2-3 Kim Idar Krogsethagen (67)
2-4 Kim Idar Krogsethagen (77)
Gult kort: Steffen Grytten
Dommar: Per Bjarte Ludvigsen, Hundeidvik
Laget: Geir Roar Gamlem – Steffen Grytten (Jan Even Drønnesund, 73), Christian Søvik, Kenneth Vegsund, Stig Wold – Kristian Søviknes, Eirik York, Stein Erik Reitan, Alexander Gamlem (Jan Vatnehol, 42) – Kim Idar Krogsethagen, Christopher Urkedal (Gustavo Pedreira, 46)
Norborg spelte ein dårleg 1. omgang og låg fortent under 2-0 ved pause. Etter kvilen vakna laget skikkeleg. Etter to kjappe mål på dødball viste ein fram festfotball av det sjeldne, og scora to mål til etter flott spel. Dermed vart Norborg det første laget i vintercupen si relativt korte historie, som kvalifiserte seg for finale.
Norborg starta denne kampen best og styrte det meste av spelet dei første 10 minutta, men utan å skape noko meir enn ein halvsjanse. Etter dryge ti minutt får Ellingsøy til ei god kontring. Ballen blir spelt i rommet bak Norborg sitt forsvar, ein EIL-angripar tek Kenneth Vegsund på farta og kjem åleine med keeper Geir Roar Gamlem, men i avslutningsaugeblinken kjem Christian Søvik til og får tackla ballen til corner.
Ellingsøy med vedvarande trykk
Ellingsøy legg no eit vedvarande trykk på eit Norborg-lag som verkar meir og meir rådville. Etter halve omgangen får Ellingsøy ein gedigen mogelegheit. Ballen blir nok ein gong slått i bakrommet til ein EIL-spelar på gjennomløp, men Geir Roar står glimrande å redda EIL-spissens forsøk. Nokre minutt seinare har vi omtrent samme situasjon, men denne gongen blir det mål. Arnstein Hoff mottar ballen på kanten av 16meteren, og i duell med Christian Søvik lobbar han ballen over ein utrustande Geir Roar og i mål. Dermed 1-0 og ei fortent Ellingsøy leiing.
Flakse mål!?
Ellingsøy fortsette etter målet å styre banespelet og berre ei feberredning av Geir Roar hindrar 2-0 ti minutt før pause. Sjansen oppstod etter ein corner der ein EIL-spelar får avslutta frå kloss hald. Ellingsøy skulle likevel få 2-0 til pause. Kristoffer Dahle får ballen heilt ute ved sidelinja på høgde med 16meteren. Dahle sender ballen mot mål i ei perfekt boge over Geir Roar og i mål. Om Dahle prøvde på innlegg eller skot er uvisst, men eit billeg mål vart det iallfall.
Sovande Norborg-lag
Denne kampen hadde eit svært tidleg starttidspunkt, men om det var trøyttleik som gjorde at Norborg spelte ein så dårleg 1. omgang skal vere usagt. Norborg sitt spel var iallfall prega av dårleg rørsle, svake oppspel i frå forsvaret, og eit sovande forsvar som let Ellingsøy sine spelarar gang på gang få gå i bakrommet. Norborg greidde ikkje å skape ein einaste skikkeleg målsjanse i denne omgang.
Norborg -dødballens mestere
Etter ei tafatt opning på 2. omgangen får Norborg frispark inne på Ellingsøy sin banehalvdel. Norborg sende for første gangen i kampen fram sin fremste hovudspelar i Kenneth Vegsund. Og det er nettopp Kenneth som får hovudrolla på dette frisparket. Stein Erik legg ein perfekt ball inn på 5metteren der Kenneth knuser alle i lufta og headar inn reduseringa.
Norborg startar no å få meir sving på spelet sitt og skapar fleire situasjonar framfor Ellingsøy sin keeper. Oransjetrøyene får så eit frispark inne på øyingane sin banehalvdel. Denne gongen er det Kristian Søviknes sin tur til å presentere go’foten. Han legg ballen perfekt inn i feltet der ein EIL-spelar er uheldig og stussar ballen i eige mål. To dødballmål på tre minutt av oransjetrøyene, og Ellingsøy si leiing var ete opp.
Festfotball av Norborg
Etter dette varta Norborg opp med ein festfotball ein ikkje trur før ein ser det. Ellingsøy sine spelarar vart springande i mellom eit ballspelande og løpssterkt Norborg-lag. Fem minutt etter utlikninga tok Norborg leiinga i kampen. Jan Vatnehol sende ballen ut til Gustavo Pedreira, som legg fint inn til Kim Idar Krogsethagen på lengste stolpe. Kim Idar gjer ingen feil å sette ballen sikkert i mål.
Etter denne perioden med tre mål på åtte minutt måtte vi vente heile! ti minutt på neste mål. Stein Erik driv framover og spelar Kim Idar igjennom. Han rundar keeper å sette ballen i det tomme buret. 4-2, og kampen er så og seie punktert.
Mønsterangrepet
Ti minutt før slutt kjem dagens angrep. Norborg startar angrepet frå eigen 16meter då Kenneth headar kontrollert fram til Kim Idar midt på eigen halvdel. Han sette fart framover, speler ut til Kristian som legg perfekt over til Gustavo framfor mål, men avslutninga blir diverre for svak.
I siste speleminutt av ordinær tid får Ellingsøy sin største sjanse i 2. omgang. Norborg er passive på venstresida og høgrevingen får til eit fint innlegg, som ein øying får tåa forbi Geir Roar og mot mål, men Kenneth slenger ut ein lang fot å redda på streken.
På overtid kjem Norborg på nok ei fin kontring. Christian trikser seg framover på venstresida, slår til Kristian, som spelte inn til Kim Idar framfor mål. Kim Idar vart så felt, men den svake dommaren ville ikkje blåse for straffe. Sannsynlegvis fordi Ellingsøy vart snytt for ei straffe nokre minutt før. Dermed enda kampen med 4-2 til Norborg.
Dr. Jekyl & Mr. Hyde
Dette var ein Jekyl & Hyde kamp. I 1. omgang var Ellingsøy best og leia sjansestatistikken 5-0, i 2. omg var det Norborg som tok over og produserte 9 mot 3 sjansar. Norborg viste etter pause si styrke på dødball, og etter to raske mål fekk ein verkeleg trua på at dette skulle gå vegen. Alle mann heva seg og la ned ein innsats ein kan vere svært stolt over. Norborg viste ein utruleg moral, og var rett og slett overlegne i ein omgang laget lykkast med det meste. Banens beste, for tredje gang på rad!, Stein Erik Reitan. Han stod på å jobba gjennom samtlege 90. minutt og viste ein speleglede som smitta over på dei andre.
Kva så med Ellingsøy? Ellingsøy viste i 1. omgang at dei har eit brukbart lag. I den omgangen var dei solide defensivt og spelte på Norborg sine svakheiter. I andre omgang fall laget fullstendig sammen. Dårleg på dødball, dårleg moral og lite rørsle. Dersom laget skal returnere til 3. divisjon på første forsøk, må ein nok, igjen!, børste støv av sine gamle helter.
Neste kamp for Norborg er møtet med Brattvåg på måndag, medan ein spelar finale mot Vestnes Varfjell søndag 2. mars.