16. desember 2014:
Hamnsundhellaren, den store hellaren i Hamnsundet der ein har funne spor etter menneske tilbake til byrjinga av bronsealderen, skal no bli fotballhall. Innsending av søknadspapir og saumfaring vil bli 1. april.
Her er kva som stod i dagens Nordre:
Har det klikka for mister Søviknes? Nei, det har nok ikkje det. – Eg vart oppringt av Nordre angåande spelemidlar og han ville vete kva dei neste planane var, seie Kristian Søviknes, leiar for Norborg Anleggsutvikling AS. – Eg sa vi ikkje hadde nokon konkrete planar, men han nekta å gi seg, så då sa eg på spøk at vi skulle bygge hall i Hamnsundhellaren. Eg trudde ikkje journalisten skulle gå på limpinnen og noko slik kome på trykk. Hall i hellaren blir det nok ikkje, men det vart i alle fall ein god latter rundt lunsjbordet på Vard Electro.