2012: Søvik – Grytastranda 5-3

Søvik – Grytastranda 5-3 (3-0)
Uggedal KGB, 03.11.12

Sjansar: 9-6
Cornere: 4-3

1-0 André Larsen (11)
2-0 Kristian Søviknes (37)
3-0 Ole Johan Urke (45)
4-0 Ole Johan Urke (51)
4-1 Kim Idar Krogsethagen (70)
4-2 Steffen Grytten (86)
5-2 Christian Sæther (87)
5-3 Øyvind Davik (90)

Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)

Søvik henta heim tittelen i årets Bygdakamp etter god effektivitet og vakre skot. Spelemessig var det ingen god kamp, men for nokre mål. Det eine vakrare enn det andre.

Etter ti jamne og temposvake opningsminutt tok søvikarane leiinga på kampens første sjanse i det 11. minutt då André Larsen vart spelt igjennom å sette ballen i mål. Grytastranda var farleg frampå eit par gongar etter målet, men utan resultat. Søvik var heller ikkje ufarlege med blant anna distanseskot i tverrligger av Ole Johan Urke. Urke skulle seinare vise at dette berre var eit skremmeskot.

I sluttminutta av 1. omgang vakna kampen skikkeleg til liv. Først stussa Kristian Søviknes inn eit frispark frå André Larsen til 2-0 før Grytastranda misbrukar to gedigne sjansar. Først skyt Ole Kristian Aarseth over etter forarbeid av Øyvind Davik. Minutter seinare er Aarseth på farta igjen og lobbar over keeper, men ballen får ein merkeleg sprett og kjem ut på bana igjen. 15 år gamle Aarseth tek igjen ballen og spelar den inn til Øyvind Davik som skyt over frå 8 meter. I staden for redusering er det Ole Johan Urke som klinkar inn 3-0 frå 25 meter.

3-0 var alt i alt eit litt flatterande resultat til pause i ein spele- og sjansemessig jamn omgang.

Grytastranda hadde ballen mest i starten av 2. omgang, men det er likevel Søvik som går opp til 4-0 etter ei kontring der Ole Johan Urke sette inn sitt andre for dagen. Grytastrandarane gir ikkje opp, men skaut stort sett med lauskrutt. Det gjor ikkje Søvik og ein time ut i kampen er Christian Sæther nær ved å auke til 5-0, men skotet traff tverrliggjaren.

Grytastranda hadde eit uttal skot frå 16-20 meter utan resultat, men ein skulle lykkast betre frå rundt 50 meter då Kim Idar Krogsethagen klinka til frå midtstreken og ballen fauk i nota til 4-1. Fire minutt før slutt kom ei ny redusering. Denne gong på heil volley av Steffen Grytten. Det lille håpet Grytastranda hadde om å kome tilbake forsvann då Chistian Sæther klinka inn 5-2 frå 22 meter. Heilt på tampen av kampen snurrer Øyvind Davik rundt med ein Søvik-forsvarar og plasserer ballen i mål heilt inne ved stolpen til sluttresultatet 5-3.

Ikkje den beste bygdakampen i historia, men absolutt den kampen med flest flotte mål.

Kristoffer Søviknes og Ole Johan Urke var dei to beste aktørane. Kristoffer god i forsvar, medan Ole Johan herja til tider med GBG-forsvaret.

– Taktikken vår med å satse på kontringar lykkast til fullle, Søvik-sjef Kristian Søviknes.

– Gutane jobba godt, men vi var kraftig svekka i år så totalen var ikkje god nok. Vi kjem nok sterkare tilbake neste år, Grytastrand-sjef Kurt Erik Grytten.

Søvik: Geir Roar Gamlem – Asgeir Kalvø, Kristoffer Søviknes, Kjell Terje Brusdal, Kristian Furnes – Johan Stavik, Christian Sæther, Kristian Søviknes, Ole Johan Urke – Elling Mikal Kalvø, André Larsen.
Innb.: Eivind Davik Fjørtoft og Ole Johnny Gamlem.

Grytastranda: Espen Wold – Vegard Vegsund, Kim Idar Krogsethagen, Steffen Grytten, Martinus Grytten – Knut Øyvind Grytten, Tarjei Gjerset Urkedal, Adrian Håbet, Ole Kristian Aarseth – Øyvind Davik, Adrian Holmeset.
Innb.: Martin Holmeset og Steven Kjøllesdal.