2001: Grytastranda – Søvik 3-1

Grytestranda sigra i prestisjekamp

Grytestranda-Søvik 3-1 (1-1)
Uggedal grus, 13/10
Tilskodarar: ca. 70

Dommar: Arild Vegsund, Norborg

0-1 Øyvind Kvammen (31)
1-1 Tarjei Gjerset Urkedal (str. 35)
2-1 Kim Idar Krogsethagen (66)
3-1 Bjørn Urkedal (71)

Grytastranda: Kurt Erik Grytten, Espen Wold, Kenneth Vegsund, Jan Even Drønesund, Geir Magne Grande, Vegard Vegsund, Tarjei Gjerset Urkedal, Vebjørn Grytten, Steffen Grytten, Kim Idar Krogsethagen, Bjørn Urkedal, Øyvind Davik, Frank Robert Grytten, Frode Engeset

Søvik: Geir Roar Gamlem, Christian Søvik, Morten Kalvø, Per Kristian Stavik, Alexander Gamlem, Stein Erik Reitan, Geir Ove Grønli, Kristian Søviknes, Kenneth Gamlem, Øyvind Kvammen, Geir Ove Tennfjord, Are Pedersen, Ronnie Gamlem, Stein Erik Mårstøl

På laurdag vart det spelt fotballkamp mellom Grytestranda og Søvik. Kampen var spelemessig jamn, men Grytestranda var mest effektive foran mål, og hadde i tillegg ein svært opplagt Kurt Erik Grytten i mål.

Norborg har sidan siste seriekamp vore delt i to lag, Grytestranda og Søvik. Begge laga har trent godt, og stilte kvar med ein tropp på 14 spelarar. Søvik hadde blant anna henta heim Stein Erik Mårstøl frå Hødd, medan Brattvåg målvakt Espen Wold fekk debutere som venstreback hos Grytestranda.

Kampen var berre 2 minutt gammal når Søvik fekk sin første sjanse, men Kurt Erik redda glimrande det gode skotet frå Stein Erik Reitan. Etter denne sjansen fekk vi eit påfølgjande kvarter med mykje kjemping og lite fint spel. Så etter 18 minutt kjem Kristian Søviknes seg rundt på venstrekanten, legg hardt inn til Kenneth Gamlem, men han headar utafor frå god posisjon. Spelet tek seg no kraftig opp. Etter 20 minutt kranglar Tarjei Gjerset Urkedal seg gjennom Søvikforsvaret, men er i ubalanse når han avsluttar å skyt rett på keeper. Minuttet seinare er det Vegard Vegsund som kjem seg fri på venstrekanten, han skjerer inn mot mål, men avsluttar like utafor. Så er Tarjei på farta igjen, men skotet går denne gong like over. Søvik går rett i angrep. Kristian Søviknes kommer seg fri, men skotet hans blir glimrande redda av Kurt Erik. Etter om lag ein halvtime skårar Søvik. Øyvind Kvammen driblar to mann før han sette ballen sikkert i mål. Nokre minutt seinare er det Kim Idar Krogsethagen som viser seg fram. Søvikarane må ty til ulovlege midlar for å stoppe han, og dermed blir det korrekt dømt straffe. Tarjei sette straffa sikkert i mål, etter å ha finta søvikmålvakt, Geir Roar Gamlem, feil veg.

I 2. omgangen går Søvik hardt ut for å få ei tidleg leiing. Blant anna har Høddspelar Stein Erik Mårstøl kome inn på midtbana. Søvik kjem seg til nokre sjansar, men får ikkje utteljing. Så begynne Grytestranda å skape sjansar. Først er det Bjørn Urkedal som får avslutta, men skotet går utafor. Etter 66 minutt gjer Søvikforsvaret ei tabbe. Kim Idar snappar ballen, fintar ut keeper, og sett ballen sikkert i det opne målet. Fem minutt seinare har Kim Idar servitør rolla. Bjørn mottar ballen, rundar keeper, og sette ballen i mål. Dermed 3-1 til Grytestranda. Ti minutt før slutt var Grytestranda nær ved å auke leiinga. Kenneth Vegsund fekk til eit fint innlegg, men Steffen Grytten avslutta over frå 7-8 meter. Etter dette pressa Søvik på for ei redusering, men Grytestranda forsvarar seg godt og kampen ebba ut med 3-1.

På papiret hadde Søvik det sterkaste laget, men Grytestranda hadde større innsatsvilje og ein keeper som viste seg frå si beste side. Begge laga haldt brukbart nivå, og hadde nok plukka ein del poeng i 5. divisjon. Dommar Arild Vegsund gjorde ein svært god kamp.

Av: Frode Stormyr Engeset