Norborg – HaNo 2-1

Norborg – HaNo 2-1 (1-0)
9 sjansar 7
4 hjørnespark 6
1
1
0 0

Arena: Norborg gras, 11.09.04

Tilskodarar: 402

1-0 Kim Idar Krogsethagen (str. 32)
1-1 Stian A. Haram (69)
2-1 Tarjei Gjerset Urkedal (89)

Dommar: Atle Moldskred (Hasundgot) -6
Assistentdommarar:
Odd Arne Grande (Skodje) og Dag-Harald Moldskred (Hareid)

BB:
Knut Ivar Bjørlykhaug, Norborg

Norborgs tre beste:

Knut Ivar Bjørlykhaug – 9
Geir Roar Gamlem – 9
Alexander Gamlem – 8

Bilete

Laget:
Geir Roar Gamlem

Kristian Søviknes
Roger Grytten
Knut Ivar Bjørlykhaug
Asgeir Kalvø
– (Jan Even Drønnesund, 83)


Eirik York
Stein Erik Reitan

Tarjei Urkedal

Alexander Gamlem
Kim Idar Krogsethagen

Øyvind Kvammen
– (Edward Laverton, 74)


Norborg tok laurdag ein fortent siger i lokalderbyet mot HaNo, men den sat langt inne. Først i det 89. minutt dundra Tarjei Urkedal ballen i nota bak HaNo-keeper Thomas Gjerde og det rekordstore publikummet i Søvikdalen eksploderte i jubel.

Det var eit på papiret noko redusert Norborg-lag som skulle ut i strid mot HaNo på laurdag. Rutinerte spelarar som Kenneth Vegsund, Christian Søvik, Geir Ove Grønli og Steffen Grytten var alle uaktuelle til denne kampen. Norborg stilte difor med to 17-åringar, ein halvskadd Roger Grytten og omskolert midtbanespelar Kristian Søviknes i forsvarsrekka. Ei ung og nykomponert rekke der Knut Ivar Bjørlykhaug skulle stå fram som kongen.

Nervøs opning
Nærmare ti minutt forseinka kom kampen endeleg i gong framføre eit rekordstort publikum i Søvikdalen. Kampen opna nervøst, spesielt frå heimelaget si side som hadde store problem med å klarere, noko som kunne gitt HaNo eit par gode sjansar. I det 11. minutt vakna heimepublikum då Kristian Søviknes sette ein corner direkte i stolpen. Sjølv om vi ikkje kan notere dette som nokon skikkeleg sjanse, så kunne ballen fort ha snike seg i mål ettersom HaNo ikkje hadde plassert ein mann på fremste stolpe.

Frå dette stolpetreffet og fram mot halvspelt omgang er det HaNo som tek eit lite initiativ i kampen. Noko som resulterer i eit par avslutningar. Først på ei heading frå 14 meter, så på eit skot frå skrått hald av Lars Petter Haram. Skotet parerer keeper Geir Roar Gamlem ut til eit resultatlaust hjørnespark.

Norborg tek over
Ved halvspelt omgang startar endeleg heimelaget å vise seg meir og meir fram. Ein legg eit visst trykk på HaNo og spelar seg fram til eit par nesten sjansar ved Øyvind Kvammen og Tarjei Urkedal. Sistnemnde sitt forsøk kom etter eit svært fint angrep der Kim Idar Krogsethagen slår ballen i “blinde” ut mot Alexander Gamlem som fossar mot kortlinja, legg ut til Eirik York som får sitt skot blokkert. Tarjei snappar returen og skyt like utafor frå 20 meter.

Straffe måtte til
Norborg nærmar seg no mål, og etter dryge halvtimen blir Tarjei felt innafor HaNo sin 16 meteren. Dommar Atle Moldskred gjer det korrekte å dømme straffe. Den sette Kim Idar Krogsethagen i mål etter å ha sendt Thomas Gjerde feil veg. Norborg fortsette å sette sitt preg på kampen dei neste minutta. Først er heimelaget farleg frampå etter eit godt slått frispark av Kristian Søviknes. Ballen går til Stein Erik Reitan på 5 meteren, men han får ikkje dreis på avslutninga si. Like etter får Eirik York omgangen sin desidert største sjanse ved sidan av straffa då han finn seg aleine med keeper Gjerde. Men lobben hans frå kanten av 16 meteren blir redda på strek. På slutten av omgangen får Jan Egil Ulla eit bra forsøk, men skotet hans frå 13 meter blir redda av Geir Roar.

1. omgang opna litt nervøst og det tok si tid før vi fekk sjå godt spel og klare målsjansar. Men utover i omgangen tok kampen seg opp og vi fekk tidvis sjå godt spel på ei vanskeleg bane. Norborg hadde dei to største sjansane i ein tett og jamn omgang.

Svært nær dobling
I 2. omgang tok Norborg kommandoen frå start av og skapar tre gode mogelegheiter dei første åtte minutta. Allereie i opningsminuttet får Alexander Gamlem ein gedigen sjanse då han frå kloss hald sette ballen i nettveggen etter eit innlegg frå Øyvind Kvammen. – Eg sklei i avslutningsaugeblinken, sa Alexander etter kampen. Nokre minutt seinare heada Kim Idar over frå god posisjon etter eit innlegg frå Eirik. Få minutt seinare er Norborg millimeter frå å doble leiinga. Kim Idar vinn ballen midt på HaNo sin banehalvdel og spelar Alexander igjennom aleine med keeper Gjerde. Sistnemnde får så vidt fingertuppane på ballen og ballen går i stolpe og ut. Til norborgarane si store undring fekk ein ikkje corner på denne situasjonen.

Gratissjanse til HaNo
Etter heimelaget si gode opning glepp det i Norborg-forsvaret etter ein times spel. Roger Grytten let eit innlegg gå forbi seg uvitande om at Per Jarle Fjørtoft står nokre meter bak han. Fjørtoft vert nok litt overraska over å få ballen og avsluttar svakt fem meter utafor. HaNo sin toppscorar vil nok ha mareritt om denne missen ei stund framover.

HaNo nærmar seg
Norborg begynne tydeleg å bli slitne etter at kampuret passera 60 minutt, men får likevel til to skot frå brukbare posisjonar. Diverre for heimelaget gjekk både Stein Erik og Kim Idar sitt forsøk over mål. Men det er HaNo som styrer kampen no og er nær utlikning då Jan Egil Ulla får til ei heading frå 10 meter, men Geir Roar let seg ikkje overliste.

Ved litt over halvspelt 2. omgong får HaNo frispark omtrent på midtbana. Ballen vert slått inn i Norborg sin 16 meter der heimelaget ikkje får klarert og Stian A. Haram klinkar ballen i mål frå 7-8 meters hald. 1-1, og lokalderbyet er like langt.

Ny giv i Norborg
Etter målet fortsette HaNo å styre kampen for ei lita stund, men utan å skape noko trøbbel for keeper Geir Roar og resten av Norborg. Så kjem Edward Laverton inn for heimelaget, og plutseleg er det oransjetrøyene som igjen verkar piggast og startar å skape sjansar. Kvarteret før full tid er Lars Åkre nære ved å heade eit innlegg i eige mål, men ballen snik seg utafor. På det påfølgjande hjørnesparket headar Tarjei Urkedal i tverrliggjaren. Litt seinare tek Edward ned ballen like utafor 16 meteren, vender opp, driblar og skyt, men Gjerde får slått ballen over tverrliggjaren. Norborg fortener eit vinnarmål no.

Tarjei den store helten
Eitt minutt før full tid eksploderer Søvikdalen i endelaus glede. Tarjei Gjerset Urkedal kjøm på løp inn på 5 meteren og dunkar ballen i mål bak Gjerde. Målet kom etter eit innlegg frå venstrekanten som Kristian Søviknes heada inn i 16 meteren. Kim Idar heada ballen ned til Tarjei på løp som plasserer ballen inne ved stolpen til 2-1.

Snytt for straffe!
På overtid pressar HaNo på og får eit par frispark utafor kanten av 16 meteren, men Norborg viser oppofrande spel å hindrar mål. HaNo vart nok også snytt for ei straffe då innbyttar Jan Even Drønnesund fekk ballen i handa innafor 16 meteren, men heldigvis for vertane såg ikkje dommaren situasjonen. Etter fem minutt tillegg bles dommar Atle Moldskred av kampen og Norborg kan puste letta ut.

Skapte mest
Alt i alt skapte Norborg dei fleste store sjansane og fortente sigeren over eit godt HaNo-lag. Norborg slo litt meir langt og var meir villege til å kome på kontringar i denne kampen enn ein har gjort i det siste. I tillegg fungerte midtbaneleddet betre enn før i sesongen. Innsatsen var sjølvsagt upåklageleg av det unge (snittalder på 22) Norborg-laget.

På Norborg var det mange gode i dag, men skal vi trekke fram eit par mann må det vere Geir Roar Gamlem og Knut Ivar Bjørlykhaug. Geir Roar var svært sikker i klypene og gjorde ikkje ein einaste feil, mens Knut Ivar vann alt i lufta og gjorde ting konsentrert og enkelt langs bakken.

Medan det var jubel og song i Norborg-leiren, var sjølvsagt stemninga ei heilt anna hos dei blåkledde. Dei fokuserte etter kampen på straffesituasjonen på overtid og på den dårlege bana som tvang dei til å spele litt meir langt enn det dei normalt brukar, og i lufta var det Knut Ivar Bjørlykhaug og Eirik York som regjerte.

– Dette var ein spennande og underhaldande kamp. Vi presterer kanskje årsbeste, men det såg ut som det skulle bli nok ein kamp der vi ikkje skulle få utteljing for eit sjansemessig overtak. Heldigvis greidde vi i dag å avgjere kampen til vår fordel. 1-1 hadde vore ein stor skuffelse i dag. All honnør til spelarane som i dag ga alt og ville vinne. Tusen takk også til publikum. Dette var fantastisk, sa trener Øystein Haugan etter kampen.

Neste kamp for Norborg er borte mot topplaget Blindheim/Emblem laurdag 18. september kl. 14.