Stordal – Norborg 2-6 (2-4) |
|
Arena: Liabygda grus, 02.10.04
Tilskodarar: 25 0-1 Geir Ove Grønli (3)0-2 Geir Ove Grønli (4) 1-2 Odd Brede Langdal (6) 1-3 Eirik York (10) 1-4 Kim Idar Krogsethagen (39) 2-4 Petter A. Kirkebøe (44) 2-5 Kim Idar Krogsethagen (80) 2-6 Edward Laverton (84) Dommar: Jan Erik Myklebust (Åmdal) Norborg sine tre beste: Roger GryttenKim Idar Krogsethagen Geir Ove Grønli |
Laget: Kurt Erik Grytten Christian Søvik – (Kristian Furnes, 81) Knut Ivar Bjørlykhaug – (Jan Even Drønnesund, 86) Roger Grytten Asgeir Kalvø – (Steffen Grytten, 81) Kristian Søviknes – (Tarjei Urkedal, 65) Eirik York – (Espen Solheim, 81) Stein Erik Reitan Tarjei Gjerset Urkedal – (Alexander Gamlem, 40) – (Kristian Søviknes, 81) Geir Ove Grønli – (Edward Laverton, 65) Kim Idar Krogsethagen |
Norborg var det beste laget på Liabygda si grusbane laurdag ettermiddag, og tok ein velfortent 6-2 siger over stadig sigerslause Stordal.
Norborg stilte med ein sterkare tropp enn på lenge. Berre Øyvind Kvammen og Kenneth Vegsund mangla av reelle utfordrarar til første elleveren.
Grønli med pangopning Stordal hadde vinden i ryggen i 1. omgang, men det var likevel Norborg som kom best i gong. Litt over to minutt var gått då Stein Erik Reitan slår eit frispark inn i feltet. Ein stor-daling får så vidt hovudet på ballen, men sender den berre vidare til Geir Ove Grønli som headar inn 1-0. Minuttet etter er Grønli på farta igjen. Denne gongen blir han nydeleg spelt fri av Kim Idar Krogsethagen, og med fri veg mot mål driblar han av keeper å sette inn 2-0. Norborg har fått ei pangopning på kampen, og fjorårets radarpar i sunnmørsk 4. divisjon herjar på Liabygda. Rask kvittering Opninga av kampen var svært underhaldande, og berre to minutt etter Norborg sitt 2-0 mål, reduserar Odd Brede Langdal for heimelaget. Målet kom etter eit langt innkast av Nils Petter Dyrkorn. Ballen når Langdal som putter frå kloss hald. Minuttet etter er Norborg nær eit 3. mål, men ein Stordal-spelar får redda Kristian Søviknes sitt frispark på streken. Returen går til Eirik York, men headinga hans går rett på keeper Eivind Vinje. York-perle Etter ti minutt spel lykkast så Eirik York å få ballen i mål då han snappar eit Stordal klarering å klinkar ballen i mål frå 20 meter. Før målet fekk vi sjå fint spel av oransjetrøyene der ballen gjekk raskt mellom spelarane før Tarjei Urkedal fekk til eit godt innlegg frå høgrekanten. I opningskvarteret fekk vi sjå mykje bra spel og mange sjansar. Blant anna hadde Thomas Kirkebøe eit godt skot, medan Kim Idar Krogsethagen avslutta utafor frå god posisjon. Stordal meir med Etter det gode opningskvarteret der Norborg viste mykje god angrepsfotball, fall kampen i verdi og Stordal kom meir med. Etter dryge halve omgangen får Stordal til eit bra angrep som Hallgeir Hove avsluttar med eit skot over mål. Heimelaget fortsette å produsere nokre halvsjansar, men avslutningane var ufarlege. Når vi nærma oss 40. minutt legg Norborg trykk på vertane. Både Tarjei Urkedal og Eirik York får gode sjansar til å auke leiinga på corner, før Geir Ove Grønli spelar ein stikkar til Kim Idar Krogsethagen som aleine med keeper puttar ballen sikkert i mål til 4-1. På slutten av omgangen kjem Stordal seg til eit par gode mogelegheiter, og reduserer til 2-4 då Robin Aasen spelar fint igjennom til Petter Kirkebøe, som aleine med keeper avsluttar kaldt med eit skot ute ved stolpen. Underhaldande omgang Norborg var det førande laget i store delar av ein underhaldande 1. omgang. Spesielt i opningskvarteret fekk oransjetrøyene spelet til å fungere. Utover i omgangen kom heimelaget meir med, og var slettes ikkje ufarlege med Odd Brede Langdal på topp saman med energiske unggutar. Stordal best i gong Stordal starta 2. omgang best, og både Odd Brede Langdal og Petter Kirkebøe var frampå dei første minutta, men utan resultat. Opninga av 2. omgang er likevel ikkje så forrykande som første, og er heller sjansefattig og keisam. Etter 57 minutt er likevel Norborg svært nær eit nytt mål. Denne gong på corner. Stein Erik Reitan slår ballen på bakarste der Kim Idar Krogsethagen avsluttar, men ballen går i Eirik York før Stordal får klarert. Fem minutt seinare prøver Hallgeir Hove seg på eit skot etter innlegg av Thomas Kirkebøe, men avslutninga går over mål. Minuttet etter får så Kim Idar Krogsethagen ein gedigen sjanse då Eirik York stussa eit oppspel i bakrommet. Kim Idar forfølgjer ballen, når den før keeper, runder keeper å skyt over det tomme målet. Større sjanse er vanskeleg å få. Gjeeeesp Etter dette går kampen inn i ein svært lite interessant periode. Heimelaget kjempar Norborg ut av stilen, men får til svært lite offensivt. Bortsett frå eit skot utafor av Alexander Gamlem, og at Stordal sette innpå gutekeeper og bursdagsbarn Adrian Hoff er det lite å skrive heim om. Norborg vaknar På slutten vaknar likevel kampen til liv. Først går Kim Idar Krogsethagen på eit fint løp ute på høgrekanten, finn Edward Laverton framfor mål, men han koser litt for lenge med ballen og får skotet sitt blokkert til corner. På hjørnesparket får Norborg fleire sjansar til å sette ballen i mål før Kim Idar Krogsethagen dunker den i nota frå kloss hald. Nokre minutt seinare kjem Edward Laverton aleine med keeper, og her gjer han ingen feil. Slår ei finte, runder keeper å puttar i det tomme målet til 6-2. Norborg jaktar fleire mål, men Stordal sitt forsvar ryddar opp. Dermed endar kampen med 6-2 til gjestane. Fortent siger 2. omgang vart eit langt gjesp i forhald til første. Stordal lyktes i større grad å hindre Norborg i å spele fotball, og oransjetrøyene såg ut til å vere fornøgd med to-målsleiinga. På slutten av kampen kom likevel nivåforskjellen til syne, og det vart til slutt ein fortent og komfortabel 6-2 siger. Best på Norborg var midtstoppar Roger Grytten som heile tida søker etter kreative løysingar i staden for å klarere. Honnør også til Kim Idar Krogsethagen på topp som spelte sin beste kamp for året, og Geir Ove Grønli som sette standarden med to mål tidleg i kampen. På Stordal var midtstoppar Nils P. Dyrkorn ruvande, samt at ungguten Thomas Kirkebøe viste svært lovande takter på høgresida. Neste laurdag blir siste serierunde spelt. Norborg har då heimekamp mot eit MSIL/LIL2-lag på desperat poengjakt. Kampen går i Uggedalen kl. 15. |