Træff2 – Norborg 1-2

Træff 2. lag – Norborg 1-2 (0-1)
6 sjansar 10
4 hjørnespark 10
0
0
0 0

Arena: Lubbenes kunstgrasbane, 13.03.04

Tilskodarar: ca. 40

0-1 Eirik Urkedal York (24)
1-1 ? (89)
1-2 Kenneth Gamlem (90)

Positivt:
At laget heva seg kraftig frå sist helg
Løpsstyrka til midtbana
Forsvaret sin ro med ballen og evne til å spele seg ut

Negativt:
Dårleg utteljing på sjansane
At Træff2 får utlikne like før slutt

Tre beste:
Kenneth Vegsund -9
Eirik York -8
Stein Erik Reitan -7

Laget:
Geir Roar Gamlem
– (Kurt Erik Grytten,46)
– (Geir Roar Gamlem, 88)

Christian Søvik
Kenneth Vegsund
Geir Ove Grønli
Jan Even Drønnesund
– (Knut Ivar Bjørlykhaug, 62)

Eirik York
Stein Erik Reitan
Kristian Søviknes
(Tarjei Urkedal, 62)

Edward Laverton
(Alexander Gamlem, 62)
Steffen Grytten
(Kenneth Gamlem, 62)
Øyvind Kvammen
– (Kristian Furnes, 80)

Norborg dominerte stort mot Træff2 på Lubbenes kunstgrasbane laurdag ettermiddag, men skapte unødvendig spenning ved å sløse med sjansane og gi heimelaget eit svært billeg mål like før slutt. Det var då eldstemann på laget, Kenneth Gamlem, tok ansvar å klinka ballen klin i krysset med venstrefoten til ein svært fortent 2-1 siger for oransjetrøyene.

Norborg reiste til Molde utan sin kaptein og toppscorar Kim Idar Krogsethagen og den rutinerte forsvarsspelaren Roger Grytten. Sistnemnde har truleg pådrege seg ein brist i ribbeinet.

Tok kommandoen frå start
Norborg tok kommandoen frå start av og la press på dei kvite og grøne frå Molde, men trass i at ein hadde ballen omtrent heile tida, kom ein seg ikkje til sjansar. Etter ti minutt skulle vi så få notere kampen sin første sjanse. Kenneth Vegsund sende i veg ei langpasning med adresse Kristian Søviknes. Han blir dytta bort av ein Træff-spelar, ballen hamnar då hos Øyvind Kvammen som fossar inn i 16 meteren og skyt, men diverre utafor. Like etter får Træff2 ein bra sjanse etter slurv hos Geir Ove Grønli. Træff-spelaren snappar ballen, avansera mot 16 meteren og skyt over målet til Geir Roar Gamlem.

Mål på dødball
Ved om lag halvspelt omgang tek Norborg føringa i kampen. Stein Erik Reitan slår ein god corner, og etter mykje om og men hamnar ballen hos Eirik York som på elegant vis putta ballen i mål til ei fortent 1-0 leiing til oransjetrøyene. Minuttet seinare er Træff2 nær ved å utlikne etter slurv i Norborg-forsvaret, men også denne gongen går skotet utafor.

Dårleg utteljing
I det siste kvarteret av omgangen er det berre snakk om eitt lag. Norborg dominera kampen totalt, og skaper fleire sjansar det burde ha blitt mål på. Træff2 reddar på strek etter ein godt slått corner av Kenneth Vegsund. Kristian Søviknes får ein gedigen mogelegheit etter eit svært godt angrep som startar ved at Jan Even Drønnesund slår ein stikker til Øyvind Kvammen, han kjem seg rundt på kanten, legg inn til Steffen Grytten som legg tilbake til Kristian, som får sjå sitt skot frå 13 meter redda. Like før pause legg Kristian eit frispark på hovudet til Geir Ove Grønli som headar i stolpen.

Norborg spelte ein veldig bra 1. omgang med god rørsle, god presisjon på pasningane og høg intensitet, men å score berre eitt mål på 5-6 svært gode sjansar er for svakt.

Snytt for straffe
Etter kvila er det Træff2 som kjem best i gang. Nordmøre og Romsdal sitt beste 4. divisjonslag dei siste sesongane kjem seg til eit par gode sjansar, men er for upresis i avslutningane. Etter eit kvarter spelt vil Norborg ha straffespark. Geir Ove Grønli blir dytta ned i feltet på ein corner, og dommaren bles i fløyta. Alle trur at det har blitt dømt straffespark, men etter ei lita stund viser det seg at den svartkledde har prestert å blåse mot Grønli. – Eg vart dytta, sa Geir Ove etter kampen.

Norborg starta etter dette igjen å ta over initiativet i kampen og burde ha auka leiinga ved Tarjei Urkedal. Men headinga hans frå 10-12 meter gjekk både over ein keeper på bærtur og målet. Like etter får Træff2 til ei god kontring, men Kurt Erik Grytten, som kom inn i målet etter pause, redda glimrande skotet frå 16 meter.

Gamlem reddar Gamlem
I det siste kvarteret ser Norborg ut til å ha full kontroll på kampen, og like før slutt kostar trenar Øystein Haugen på seg eit såkalla taktisk bytte ved å ta ut Kurt Erik og sette innpå Geir Roar. Geir Roar får slengt etter seg, “synd for deg om du skulle tabbe deg ut no”, og det var nettopp dette som skjedde. Ein Træff-spelar mottar ballen utafor 16 meteren på høgresida. Geir Roar rusar ut og kjem på halvdistanse. Træff-spelaren legg inn og ein kvitkledd har ein enkel jobb med å putte ballen i det tomme buret. Dermed 1-1, og Norborg har gitt frå seg føringa i ein kamp ein burde ha leia med fleire mål. Norborg gir likevel ikkje opp, og i det ordinær tid er ute dunkar Kenneth Gamlem ballen i krysset med venstrefoten frå 17 meter til vill jubel frå Norborg-benken.

På Norborg syns vi Kenneth Vegsund gjorde ein veldig god figur på midtstopparplass. Han var suveren i lufta, trygg på bakken og spelte lurt. Skryt også til Eirik York som jobba utrøytteleg gjennom heile kampen.

Neste laurdag ventar grønt gras på Harøya for Norborg.