Norborg – Hødd2 1-3 (0-2)
Uggedal stadion, 17.09.05
7 sjansar 5
3 hjørnespark 13
3 1
0-1 Thomas Sætre-Hauge (6)
0-2 Thomas Klippe (36)
1-2 Edward Laverton (78)
1-3 Thomas Sætre-Hauge (90)
Tilskodarar: 62 betalande
Dommar: Geir Arne Nordby (Ravn) – 7
Ass. dommarar: John-Egil Falkanger (Bergsøy) og Allan Rune Eikrem (AaFK)
Tre beste:
Eirik York – 7
Øyvind Farstad – 6
Ståle Hurlen – 6
Laget: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik (Kristoffer Søviknes, 88), Kim Idar Krogsethagen (Biarte Hånes, 90), Øyvind Farstad , Jan Even Drønnesund (Amund Terøy, 88) – Martinus Grytten (Kjell Terje Brusdal, 83), Kristian Søviknes, Eirik York, Tarjei Urkedal (Knut Ivar Bjørlykhaug, 30) – Edward Laverton, Ståle Hurlen
Norborg styrte det meste før pause, men måtte gå av bana med 0-2 i sekken. Etter pause hadde Hødd2 rimeleg bra kontroll på kampen og vann greitt 3-1.
Norborg skapte sjansane, men Hødd2 scora måla. Slik kan vi kort oppsummere 1. omgang. For Norborg var det beste laget mellom 16 meterane før pause, men trass 5 gode sjansar greidde ein ikkje å finne nettmaskene. Det gjorde Hødd2 på sine to sjansar dei første 45 minutt. Den første scoringa kom tidlig i kampen då Ulrik Wingsternes får til eit godt oppspel til Thomas Sætre-Hauge i bakrom. Hødd2 sin toppscorar spring frå Norborg-forsvaret og sette ballen sikkert i mål bak Kurt Erik Grytten. Ti minutt før pause legg Thomas Klippe på til 2-0 då han får stå fritt på 5 meter å heade eit innlegg i mål. Mellom Hødd2 sine mål hadde både Ståle Hurlen, Edward Laverton og Martinus Grytten brent klare sjansar for heimelaget. Dermed 0-2 ved pause.
Hødd2 med kontroll
Etter pausen greie ikkje Norborg å halde oppe samme aggressiviteten som i dei første 45 minutta. Hødd2 styrer dermed det meste i denne omgangen, og både Thomas Sætre-Hauge og Mads Andre Værnes hadde kvar sin sjanse til å punktere kampen dei første 20 minutta. Tolv minutt før slutt får likevel Norborg nytt håp då Ståle Hurlen blir spelt fri av Eirik York, rundar keeper og avsluttar mot mål. Ballen trillar mot lengste stolpe der Edward Laverton ekspederte ballen over linja i kamp med ein Hødd2 forsvarar. 1-2, og Norborg lukter poeng. Men det presset som heimelaget hadde håpt skulle kome, uteblei. I staden er det Hødd2 som punkterar kampen med 1-3 på overtid då Thomas Sætre-Hauge får god tid til å vende opp like innafor 16 meteren og klinke ballen i nota.
Sette ikkje sjansane
Norborg var fullt på høgde med Hødd2 i denne kampen, spesielt før pause, men sleit med å omsette sjansar til mål. Både Hødd2 si lagleiing og Norborg-trenar Helge Uggedal var einig i denne oppsummeringa: – Ja, dei sette sjansane, det gjer ikkje vi. Vi gjer ein betre 1. omgang enn andre då Hødd2 verka å ha god kontroll, sa Uggedal etter kampen.
Best på Norborg i denne kampen synest vi Eirik York var. Han jobba godt kampen igjennom og vann dei fleste duellane han gjekk i. – Kvar tek denne karen kreftene sine i frå, var Uggedal sin kommentar på York sitt spel.
Norborg skal neste søndag kl. 15 ut i bortekamp mot topplaget Rollon.