Norborg – Sunnylven 3-3

Norborg – Sunnylven 3-3 (2-1)
Uggedal stadion, 25.08.05

9 sjansar 4
4 cornere 2
2 1

1-0 Ståle Hurlen (27)
1-1 Alf Ole Sundgot (33)
2-1 Tarjei Urkedal (39)
2-2 Alf Ole Sundgot (47)
3-2 Eirik York (58)
3-3 Arne Storstein (85)

Tilskodarar: 148 betalande

Dommar: Kjell Heltne (Spjelkavik) – 6

Tre beste:
Kim Idar Krogsethagen – 7
Eirik York – 7
Tarjei Urkedal – 7

Laget: Kurt Erik Grytten – Stein Erik Alvestad (Christian Søvik, 51), Kim Idar Krogsethagen, Steffen Grytten, Asgeir Kalvø – Kristian Søviknes, Eirik York, Adrian Håbet (Knut Ivar Bjørlykhaug, 82), Tarjei Urkedal – Edward Laverton (Martinus Grytten, 66), Ståle Hurlen

Norborg måtte sjå to bitre poeng forsvinne i sluttminutta då Sunnylven vart tildelt ei tvilsam straffe. Før den tid hadde Norborg god kontroll på kampen, og burde ha avgjort kampen på dei mange sjansane før pause.

Etter ei litt tafatt opning på kampen skrudde Norborg opp tempoet når ein nærma seg ti minutt. Ein la då eit massivt press på det rutinerte Sunnylvslaget. Kampen sin første store sjanse får Eirik York, men “babb” får ikkje para beina på Asgeir Kalvø sitt innlegg, og ballen trillar inn til keeper. Eit par minutt seinare er det Ståle Hurlen som får ein stor sjanse etter eit godt innlegg av Kristian Søviknes, men headinga frå 8 meter blir redda av keeper Kåre Andre Bjørnes. Etter eit kvarter spel kjem Søviknes seg til nok eit innlegg. Denne gongen finn han hovudet til Asgeir Kalvø på bakarst stolpe, men headinga hans snik seg utafor.

Scorar etter massivt press
Norborg fortsette å styre kampen og gjestane greier ikkje å kome seg over midtbana. Norborg var i denne perioden flinke til å kome seg rundt på kantane og skapte mange farlege situasjonar framføre mål på det. Etter dryge 25 minutt er det Tarjei Urkedal som kjem seg rundt på høgrekanten og legg inn til Adrian Håbet, som ikkje får styrt ballen i mål frå 10 meters hald. Minuttet etter skulle så Norborg endeleg få sitt fortente leiarmål. Tarjei Urkedal kom seg nok ein gong rundt på kanten og får til eit godt innlegg til Ståle Hurlen, som i kamp med keeper, heada ballen stolpe inn.

Farlege Sundgot
Norborg fortsette å presse Sunnylven dei neste minutta, men etter 33 minutt misser Norborg ballen litt inne på Sunnylven sin banehalvdel. Sunnylven slår ein stikkar i bakrom, Alf Ole Sundgot lurer offside-fella, og fossar mot mål. Like før han blir tackla av Kim Idar Krogsethagen sette han ballen sikkert i mål bak Kurt Erik Grytten. Ein sjanse, eitt mål, for Sundgot.

Måltørka over
Norborg kjem likevel raskt til hektene, og berre fem minutt seinare tek ein leiinga på nytt etter ein corner frå Kristian Søviknes. Ballen går på hovudet til Eirik York som headar i stolpen. Tarjei Urkedal kjempar til seg ballen og sette den stolpe inn frå 12 meter. Dermed var ei 11 kampars måltørke over for kapteinen, og Norborg kunne gå til pause med ei knapp 2-1 leiing.

Årets mål
2. omgang er knappe to minutt gamal då Sunnylven sin toppscorar Alf Ole Sundgot scorar ut av ingenting. Norborg misser ballen ute på venstresida omtrent midt på bana. Sunnylven sin Sundgot får ballen, og sende av eit skot i frå dryge 30 meter som går i ei fin boge over Kurt Erik Grytten og i mål. Uggedal stadion sitt hittil vakraste mål. Dermed 2-2, og Sunnylven og Sundgot har 100% utteljing på sjansane sine.

Norborg svarar raskt
Norborg kjem likevel tilbake, og ti minutt seinare tek ein føringa for tredje gong i kampen då Eirik York etterkvart får beina eit frispark frå Kristian Søviknes i mål. To mål i løpet av 13 minutt i 2. omgang, men omgangen vart aldri noko god. Sunnylven fekk dratt Norborg ned på sitt nivå, og det heile utvikla seg til ein svært sjansefattig og keisam kamp. Norborg såg ut til å vere godt nøgd med 3-2, og trilla svært mykje ball på midtbana, medan Sunnylven spelte disiplinert i forsvar.

Tvilsam straffe
Dryge fem minutt før slutt vakna så kampen til liv då linjedommar Antoni Vike Danielsen vinka for ein situasjon inne i 16 meteren. Få skjønte kva som var på gong før dommar Heltne peika på straffemerket. – Skandale, dette bør rapporterast, var Tarjei Urkedal sin kommentar etter kampen. Skal han blåse for noko slikt skulle vi hatt straffe på ein situasjon med Ståle Hurlen i 1. omgang, kommenterte Norborg sin kaptein. Rutinerte Arne Storstein viste derimot ingen nåde og sette straffa sikkert i mål.

Norborg prøvde tappert å få inn eit avgjerande mål på slutten, men kom ikkje nærmare enn eit frisparkinnlegg frå Kim Idar Krogsethagen som sneik seg like forbi hovudet på Steffen Grytten og stolpen. Dermed enda kampen med 3-3.

Svært skuffa
Norborg sine spelarar og trenarar var etter kampen svært skuffa over to tapte poeng i sluttminutta, og det med god grunn. Basert på 1. omgang hadde Norborg fortent sigeren. Då var det spel mot eit mål og fleire sjansar vart brent. Etter pausen skuffa Norborg stort i sitt offensive spel og skapte svært lite. Sunnylven fekk kampen inn i si gate, og viste seg som eit svært effektivt lag denne gong.

Best på heimelaget var midtstoppar Kim Idar Krogsethagen. Han rydda opp fleire gongar grunna fysikk, fart og teknikk. Tarjei Urkedal god så lenge han spelte høgrekant, medan Eirik York jobba utrøytteleg på sentral midtbane.

Fekk ikkje opp tempoet
Norborg-trenar Øystein Haugan var nøgd med 1. omgangen, men skuffa over måten laget opptrådde på etter kvila. – 1. omgangen var spelemessig veldig bra, god rørsle, ballen langs bakken og vi kom ofte rundt på kantane og fekk lagt inn framfor mål. Rett og slett veldig bra! Etter pause fall tempoet veldig, Sunnylven var bevisst på å dra ned tempoet, noko som dommaren aldri slo ned på før det var spelt 92 minutt. Uansett så klarte vi aldri å få opp igjen same tempoet i denne omgangen og dermed fekk vi aldri kjørt Sunnylven-skuta tom. Dei fekk tid til å organisere seg og hente seg inn igjen før vi kom i angrep igjen. Dette er heldigvis noko som går an å rette på. Tenker at vi har orden på dette innan Ellingsøy-kampen, seier Haugan

Kommentar på straffesparket? Nei, det har eg ingen kommentar på. Blåst er blåst, mål er mål. Noko du føle du ville ha gjort annleis i løpet av kampen? Det første som slo meg på veg heim etter kampen var, kvifor i “gamperaua” heiv vi ikkje inn Geir Ove Grønli på den siste dødballen. Det angrer eg på. Trur også det vart litt for mye ros i pausa over prestasjonane som vart gjort, i staden for enda meir fokus på å nullstille oss og bevare gnisten fra 1 omgang. Elles takk til dei 150 på tribuna som er med i motvind og medvind.

Poeng på dårleg dag
Sunnylven sin sportslege leiar Steinar Hjelle var litt meir nøgd med poenget enn Haugan. – For vår del var 1. omgang langt under det vi forventa. Veldig mykje mangla og vi vart i perioder trykt veldig langt tilbake. At Norborg leia til pause var greit. Vi har ein skikkeleg målscorar i Alf Ole Sundgot, han treng ikkje mange sjanser for å score – to mål på to sjanser i går, begge på to veldig gode prestasjonar. 2. omgangen er jamnare enn første, og vi er godt nøgde med at vi klarar å komme tilbake tre gongar, og dermed greie eit poeng på ein heller under pari dag, seier Hjelle.

Om straffesituasjonen har han følgjande å seie; – Vi prøver å fokusere minst mogeleg på kva dommartrioen gjer i ein kamp. Det er veldig lite spelarar og leiarar kan gjere med deira vurderingar. Vi må stole på at assistentdommar såg noko ulovleg i situasjonen som førte til vår tredje utlikning. Det var definitivt kontakt mellom spelarane og frå vår benk er vi einige i vurderinga frå assistent dommaren. Sjølvsagt er ikkje vi i god nok posisjon til å sjå det heilt klart, men det vart aldri diskutert etter kampen om det var straffe eller ikkje. Dommartrioen gjer som regel feil i kampar, det samme som spelarane, og uansett så blir det håplaust å diskutere om det var straffe eller ikkje, og om det var frispark til Sunnylven sin keeper i forkant av 1-0 målet til Norborg og alle andre situasjoner. Blir det blåst frispark, straffe eller offside er det alltid ein eller fleire som er ueinige. Til slutt kan det nemnast at det vart 3-3, vi var fornøgd, Norborg misfornøgd. Slik var tilfellet på Hellesylt i vår også, men då omvendt. Fotball er ikkje alltid rettferdig, men det blir sagt at i løpet av sesong så jamnar det seg ut……

Norborg skal på torsdag “endeleg” ut i ein bortekamp. Då håper vi mange tek turen over fjorden til Nes stadion.