Norborg – Vigra 3-2 (0-0)
Uggedal stadion, 30.06.05
10 sjansar 4
6 hjørnespark 3
5 1
1 0
1-0 Steffen Grytten (67)
2-0 Edward Laverton (69)
2-1 Rune Akselen (str. 71)
2-2 Rune Akselen (str. 81)
3-2 Kim Idar Krogsethagen (83)
Tilskodarar: 167 betalande
Dommar: Tor Bjermeland (Herd) -3
Tre beste:
Steffen Grytten -7
Eirik York -7
Kim Idar Krogsethagen -7
Laget: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik, Knut Ivar Bjørlykhaug , Steffen Grytten , Jan Even Drønnesund – Martinus Grytten (Eirik York , 30), Adrian Håbet (Kristian Søviknes, 78), Stein Erik Reitan, Tarjei Urkedal – Edward Laverton (Ståle Hurlen, 88), Kim Idar Krogsethagen
Norborg var det klart beste laget i Uggedalen denne torsdagskvelden og vann fortent 3-2 over Vigra. Heimelaget skapte likevel unødvendig spaning då ein brente klare sjansar, samt laga to straffer på ti minutt.
Etter ei tafatt opning i varmen på Uggedal stadion starta heimelaget å ta over kampen når det nærma seg ti minutt. Første klare målsjansen var det Kim Idar Krogsethagen som stod for då han dribla seg gjennom Vigra sitt forsvar, men sette ballen rett på keeper frå veldig god posisjon. Alt var perfekt bortsett frå avslutningen i dette angrepet av Kim Idar.
Norborg fortsette å styre kampen, men sleit med å kome seg til klare målsjansar dei neste ti minutta. Etterkvart kjempa Vigra seg inn i kampen, og når dryge halvtimen er spelt får dei frispark på 20 meters hald. Frisparket er både velplassert og hardt, men Kurt Erik Grytten reddar flott.
Store Norborg-sjansar
Eirik York kom inn etter ein halvtime, og fem minutt seinare serverer han ein herleg ball i bakrommet til Edward Laverton. Frå litt skrått hald forsøker Edward seg på ein lobb over keeper. Mange på tribuna ser ballen inne, men diverre for det talrike heimepublikummet går ballen utafor stolpane. Norborg sette no inn eit stormangrep mot Vigra sitt mål, og Edward får på ny sjansen då han får ein nydeleg stikkar frå Adrian Håbet. Men avslutninga frå Edward går nok ein gong på utsida av stolpen. Fem minutt før pausen er det Kim Idar som tek saka i eigne hender, driblar det som er av gultrøyer og skyt i tverrliggjar. Dermed må Norborg gå til pause med 0-0 trass store sjansar.
Vigra starta 2. omgang best, og får eit visst initiativ dei første 10 minutta mot tafatte Norborg-spelarar. Presset resulterer i ein stor målsjanse, men aleine med keeper avslutta vigraspelaren utafor.
Når vi nærmar oss eit kvarters spel av 2. omgang startar Norborg-maskina igjen å fungere. Først får Edward ein fin stikkar, men avslutninga hans blir slått til corner av Vigra sin keeper. Like etter er det Adrian Håbet som får sjansen etter eit godt innlegg av Tarjei Urkedal, men frå kloss hald klinkar ungguten ballen langt over.
Det måtte ein forsvarar til..
Etter å ha sett sine offensive spelarar brenne sjanse på sjanse blir midtstoppar Steffen Grytten med på eit angrep. Han spelar først til Tarjei, som igjen gir ut til Jan Even Drønnesund. Alle ventar på eit innlegg, men Jan Even spelar ei genial pasning igjennom til Steffen, som opnar opp heile forsvaret, og Steffen scorar sikkert aleine med keeper. Vakker fotball av Norborg. Sist gong Steffen scora eit seriemål var 26. juni 2003. Motstandar var nettopp Vigra.
2 x straffer for Vigra
To minutt seinare trur dei fleste på tribuna at kampen er punktert då Edward klinka ballen i nettaket etter ein corner frå Eirik York. Men Vigra ville det annsleis, og med ti minutts mellomrom får dei to straffer. Først er det linjedommar som ser at Christian Søvik held ein Vigra-spelar og vinkar for straffe. Ti minutt før slutt er det Kurt Erik Grytten som feller ein Vigra-spiss innafor 16 meteren. Rune Akselen sette begge straffene i mål, og det går mot poengtjuveri på Uggedal stadion. Dommar Tor Bjermeland har no dømt 3 straffer mot Norborg på 2 kampar.
Norborg slår tilbake
Norborg ville ga likevel ikkje opp etter dess slaga i trynet, og sju minutt før slutt header Eirik York i bakrommet til Kim Idar. Han spring frå det som er av Vigra-forsvarar og sette ballen stolpe inn til 3-2, og ellevill jubel. På slutten hadde Norborg god kontroll, men måtte sjå at Steffen Grytten fekk det raude kortet etter at han fekk sitt andre gule kort for å klappe i hendene då midtstopparkollega Knut Ivar Bjørlykhaug noko uforståeleg fekk gult kort for uthaling av tid. Alt i alt så gjorde dommar Bjermeland fleire ting i løpet av kampen som fekk publikum til å reagere.
Fortent siger
Norborg tok dermed sin første siger på nybana i Uggedalen, og ingen kan seie noko anna enn at det var fullt fortent. Spelemessig var det klar framgang frå dei tidlegare kampane. Ballen gjekk raskare gjennom midtbana og spissane var aktive og gode. Uttellinga kunne dog vere noko betre.
Mange gode spelarar på Norborg i dag, men vi vel å trekke fram Steffen Grytten, Eirik York og Kim Idar Krogsethagen som dei tre beste. Skryt også til Adrian Håbet, som viser at han fortene ein plass på a-laget etter glimrande innsats på både gutte og juniorlaget.
Trenar Helge Uggedal hadde følgjande kommentar etter kampen: Synes vi vinn ein fortent siger og at vi i store delar av kampen hadde god kontroll på Vigra. Vi skaper nok ein gong store sjansar som vi ikkje setter i 1. omgang, men heldigvis lausna det i 2. og vi scora tre fine mål. At Vigra må ha to straffespark mot oss for å score, seie vel også sitt. I dag berre VILLE spelarane vinne og samtlege skal ha ros for ikkje å gi opp, og det var veldig sterkt å kome tilbake etter det 2. straffesparket og avgjere kampen. Godt at det endeleg lykkast for Kim Idar å bli matchvinner igjen! At dommaren etter kvart øydelegg ein snill kamp med horrible avgjersler, får ikkje øydelegge heilheitsinntrykket på ein slik dag. No er det berre å fortsette den gode trenden mot Godøy komande torsdag, lykke til gutar!
Dommar Tor Bjermeland hadde ingen god dag på jobben, men får sjansen til å rette opp inntrykket i Norborg sine kampar mot SIF2 og Rollon.
– Vi likar å ta turen hit, så vi måtte jo hjelpe dykk med tre poeng, sa ein spøkefull Vigra-spelar etter kampen.