HaNo – Norborg 2-1

HaNo – Norborg 2-1 (2-0)
Nordøy stadion, 15.05.06

9 sjansar 3
9 cornere 2
4 1

1-0 Stian Haram (str. 16)
2-0 Erik Åkre (19)
2-1 Kim Idar Krogsethagen (str. 73)

Dommar: Sigurd Smehus Kringstad (Valder)
Ass. dommarar: Zenun Murati (Giske) og Jonny Dyb (Ellingsøy)

Tre beste:
Kurt Erik Grytten – 8
Steffen Grytten – 6
Tarjei Urkedal – 6

Laget: Kurt Erik Grytten (Bjørnar Engeset, 89) – Stein Erik Alvestad (Christian Søvik, 29), Knut Ivar Bjørlykhaug (Roger Grytten, 50), Steffen Grytten , Stein Erik Reitan – Tarjei Urkedal, Kim Idar Krogsethagen, Eirik York, Adrian Håbet (Asgeir Kalvø, 71) – Lennart Holmem, Ståle Hurlen (Kristoffer Søviknes, 83)

Norborg måtte nok ein gong reise heim med 2-1 tap i sekken. Denne gong var det imidlertid fortent. Laget kom aldri inn i kampen og vart tidvis utspelt av eit aggressivt HaNo-lag. Ein opplagt Kurt Erik Grytten hindra større tap.

Heimelaget tok tak i kampen frå første minutt og stressa Norborg sine spelarar til å gjere enkle feil. Erik Åkre kom seg ti første sjansen, men Kurt Erik Grytten fekk slått skotet frå 18 meter til corner. Når vi passera ti minutt starta Norborg å løfte seg. Ståle Hurlen får Norborg sin første sjanse, men avslutninga hans frå 13 meter snik seg utafor stolpen.

Raske mål
I staden er det HaNo som sette inn eit valdsamt kjør og kjem seg til ein trippelsjanse, men Kurt Erik står som ein levande vegg. Diverre får ikkje Norborg sitt forsvar klarert og det heile endar med straffespark til HaNo. Straffa sette Stian Haram sikkert i mål. Tre minutt seinare doblar Erik Åkre leiinga då Norborg sitt forsvar står å ser på at Stian André Haram forfølgjer ein i utgangspunktet håplaus ball. Haram rekk ballen like får kortlinja og legg lavt inn til Erik Åkre som frå nærmaste stolpe sette ballen over hovudet til Kurt Erik. 2-0, og Norborg har nok ein gong store problem på bortebane.

HaNo best på det meste
HaNo fortsette å vere det førande laget resten av omgangen og kunne ha gått til pause med større leiing for både Stig Frode Longva og Erik Åkre kom seg til bra sjansar. Norborg på si side var nær ein gong. Det var på eit forsøk på framspel frå Christian Søvik som viste seg å bli eit skot som gjekk i tverrliggjar.

Bortsett frå Kurt Erik sitt keeperspel var det svært lite som fungerte for oransjetrøyene i denne omgangen. Ballen gjekk stadig over hovudet til midtbana og vertane sine spelarar kjempa Norborg ut av stilen.

Få sjansar
Etter pause greier Norborg å demme meir opp for HaNo sitt angrepspel, men ein greie heller ikkje i denne omgangen å få til noko særleg framføre heimelaget sitt mål. Eit knallhardt skot like over mål frå Kim Idar Krogsethagen var einaste sjansen ein skapte ved sidan av straffesparket som ga redusering. Straffesparket vart sett inn av ein småsjuk Kim Idar eit drygt kvarter før slutt. Ein forventa etter reduseringa at Norborg skulle sette inn eit stormløpt mot Arve Myklebust i HaNo-målet, men oransjetrøyene var ikkje i stand til dette i denne kampen. I staden var det HaNo som var nærmast mål då Erik Åkre drog til på heil volley, men ballen fauk like over.

Svakt spel og mykje kriging
2. omgang vart eit langt gjesp med svakt spel, lange baller, mykje kriging og mange frispark. HaNo vann dei fleste duellane og nær sagt alle 2. ballane. Rett og slett ein skuffande kamp av Norborg der fleire av spelarane ikkje hadde dagen. – Vi sakna ein luftkrigar som Geir Ove Grønli i denne kampen, sa trenar Jan Egil Alstadsæter etter kampen. Han sat imidlertid skada heime på Terøya. – Likevel, det var slett ikkje planen å slå så mykje langt, men med dårleg rørsle så mangla vi alternativ. Dei storvaksne midtstopparane til HaNo fekk det dermed som dei ville.

Best hos Norborg var utan tvil keeper Kurt Erik Grytten. Han fekk vist seg fram med fleire gode redningar før pause. Positivt innhopp også av Asgeir Kalvø. Han skulle eigentleg starte kampen, men vart setande på do under oppvarminga og dreit seg dermed ut av laget… Positivt innhopp hadde også Bjørnar Engeset då han kom inn for ein skada Kurt Erik like før slutt.

Norborg sin neste kamp er heime mot Godøy torsdag 25. mai kl. 1500.