Herd – Norborg 0-4

Herd – Norborg 0-4 (0-1)
Herd KGB, 17.08.06

3 sjansar 11
0 cornere 13

0-1 Lennart Holmem (42)
0-2 Lennart Holmem (61)
0-3 Lennart Holmem (77)
0-4 Tarjei Urkedal (88)

Dommar: Lars Ove Sletta (Langevåg)
Ass. dommarar: Tor Henning Andersen (Hareid) og Atle J. Hole (VRF)

Laget: Trond Elstad (Bjørnar Engeset, 29) – Christian Søvik (Stein Erik Alvestad, 81), Øyvind Farstad (Jan Even Drønnesund, 89), Roger Grytten, Stein Erik Reitan – Tarjei Urkedal, Eirik York (Kjell Terje Brusdal, 86), Kristian Søviknes, Lennart Holmem – Ståle Hurlen (Ole Johan Urke, 89), Edward Laverton (Kristoffer Søviknes, 62)

Norborg tok ein etterlengta bortesiger då Herd vart slått 4-0 torsdag kveld. Kampen var lenge jamn og sjansefattig, men då Norborg gjekk opp i 2-0 fekk vi sjå god og sjanseskapande fotball av oransjetrøyene.

– Endeleg, denne sigeren smakte godt!, sa spelande trenar Roger Grytten etter kampen. – Etter ei jamn opning blir det berre meir og meir einvegskjøring. Mål pregar kampar og etter 2-0 er det berre snakk om kor stor sigeren skal bli. No ser vi fram til å møte HaNo heime i Uggedalen på torsdag.

Svak opning
Herd og Norborg låg begge på nedre halvdel før kampen, og måtte ha poeng for å halde botnlaga på avstand. Opninga på kampen bar likevel ikkje preg av at viktige poeng stod på spel. Begge lag verka tafatte og hadde problem med å skape sjansar. Ti minutt ut i omgangen kjem Herd seg til ein av sine svært få sjansar denne kvelden då Henrik Sørensen kom seg ned til kortlinja og la hardt inn framfor mål der Vegard Bruland fekk avslutte, men ballen gjekk eit par meter utafor. Norborg sin beste sjanse i den første halvtimen var ved Ståle Hurlen då han heada like over etter corner.

“Hodespilleren” Lenny
I løpet av det siste kvarteret løfta Norborg noko, og kom seg til eit par brukbare skot før ein tre minutt før pause får frispark ute på høgresida. Kristian Søviknes la frisparket på bakarste stolpe der Tarjei Urkedal nådde høgst og fekk heada den inn framfor mål der Lennart Holmem heada inn 1-0.

Opninga av 2. omgang var like keisam som første halvtimen av første, men etter eit kvarters spel får Edward Laverton ballen på venstresida, spelar fram til Lennart Holmem som kjem seg inn i 16 meteren, dreg av ein mann og sette ballen sikkert i nota bak keeper Espen Skarbø.

Einvegskjøring
Norborg vartar etter dette opp med fleire flotte angrep og både Ståle Hurlen og Tarjei Urkedal har store sjansar utan resultat. Dryge ti minutt før slutt får vi sjå kampens flottaste angrep. Etter fleire trekk kjem Stein Erik Reitan seg rundt på høgresida og legg inn til Lennart som enkelt fullføre sitt hat-trick med eit hovudstøt frå fem meter. 3-0, men Norborg hadde meir på lager. To minutt før full tid sette Tarjei Urkedal inn 4-0. Målet kom etter ein corner frå Kristian Søviknes som gjekk til Øyvind Farstad på bakarste. Han heada inn framfor mål der Tarjei dunka ballen i mål.

25-års jubilant Kristian Søviknes beskriv kampen slik; – tung start på første omgang der oss var lite i samhandling med underlaget og virka daffe. Andre omgangen, og særlig siste halvtimen, var herlig. Då sprang vi Herd i senk samstundes som vi varta opp med ei rekkje gode angrep og målsjansar. Kjekkaste omgangen på bortebane i år, hausten har starta!

Flott gjennomført kamp av eit Norborg-lag som berre vart betre og betre. Solid forsvarsspel gjennom heile kampen, og etter kvila starta dei offensive spelarane å vise seg fram. Skal vi trekke fram enkeltspelarar må vi nevne midtstoppar Roger Grytten. Han spelar med stor ro og sette igong fleire angrep langs bakken. Tarjei Urkedal vart flytta frå venstre midtbane til høgre i 2. omgang og kom då langt meir til sin rett. Stor innsats og god teknikk, og til slutt fekk han notert seg for eit mål også. På topp fann vi ein Lennart Holmem i spelehumør. Han fann seg på rett plass til rett tid og fekk sitt andre hat-trick i Norborg-trøya. Det første kom også mot Herd.

Neste kamp for Norborg er lokalderbyet mot HaNo på Uggedal stadion torsdag kl. 1830.