Hovdebygda – Norborg 1-4

Hovdebygda – Norborg 1-4 (0-4)
Hovdebygda gras, 16.09.06

9 sjansar 12
4 cornere 8

0-1 Lennart Holmem (12)
0-2 Tarjei Urkedal (21)
0-3 Sjølvmål (39)
0-4 Lennart Holmem (44)
1-4 Bjørnar Ingebrigtsen (str. 57)

Dommar: Øyvind Kringstad (Valder)
Ass. dommarar: Mathias Smehus Kringstad (Valder) og Per Bjarte Ludviksen (Ørskog)

Laget:
Geir Roar Gamlem – Kristoffer Søviknes, Knut Ivar Bjørlykhaug, Steffen Grytten, Vebjørn Grytten (Erlend York, 57) – Stein Erik Alvestad (Eivind Fjørtoft , 46), Kristian Søviknes (Ole Johan Urke, 85), Asgeir Kalvø, Stein Erik Reitan – Lennart Holmem, Tarjei Urkedal

Norborg punkterte kampen før pause då det vart ein grei 4-1 siger i bortemøtet med Hovdebygda. Etter pausen fekk oransjetrøyene tidleg utvist keeper Geir Roar Gamlem etter felling som bakarste mann. Vertane scora på den påfølgjande straffa, men var ikkje i stand til å score fleire gongar på utespelar Erlend York i Norborg-målet.

Norborg måtte gjere ein del rokeringar på det laget som vann over GuLars sist veke, og stilte med årets yngste tropp (dryge 20 år i snitt). Likevel gjekk det ikkje lenge før ein tok tak i kampen. Spesielt Lennart Holmem var aktiv og god, og skapte store problem for eit sløvt og lite organisert heimelag.

Tek leiinga etter store sjansar
Tolv minutt ut i kampen tek så Norborg fortent leiinga då Lennart driblar seg igjennom HIL-forsvaret å scorar med eit velplassert skot frå skrå vinkel. Norborg fortsette å styre kampen, og brødrene Kristoffer og Kristian Søviknes hadde kvart sitt gode skot i frå 17-18 meter, men utan resultat. Ved halvspelt omgang er det Norborg sitt nye spisspar som presenterar seg og ordnar 2-0. Lennart står for forarbeidet og spelar igjennom Tarjei Urkedal som gjer ingen feil aleine med keeper Øystein Urke.

Hovdebygda yppa seg
Etter dette startar Hovdebygda å kome meir med i kampen, og kjem seg til tre gode sjansar det neste kvarteret. Den største ved Runar Gretland då han fekk sjansen frå straffemerket, men forsøket gjekk utafor keeper Geir Roar Gamlem sitt mål.

Punkterer kampen
I staden for redusering er det Norborg som aukar til 3-0 på eit uheldig sjølvmål då keeper løfta på beinet å slapp eit tilbakespel i mål. Dette sette igjen fart på oransjetrøyene og spesielt Lennart. Han får i sluttminutta to store sjansar der han på den siste tek ned eit oppspel på brystet, kjem framføre HIL-forsvaret å scora aleine med keeper Urke. 4-0 til Norborg, og kampen er punktert.

Divisjonsforskjell på laga før pause sjølv om Hovdebygda hadde ein god periode mellom Norborg sitt andre og tredje mål. Rørsla på topp var svært god i denne omgangen og heimelaget var ofte på etterskot mot raske Norborg-spelarar.

Norborg sine spelarar bestemte seg i pausa for å vinne 2. omgangen med samme siffer, men slik skulle det ikkje gå. Hovdebygda gjekk aggressivt ut og pressa Norborg, men kom seg ikkje til anna enn nokre halvsjansar i løpet av dei første minutta.

Redusert til ti mann
Ti minutt ut i omgangen kjem så Eivind Solevågseide seg fri på venstresida, stormar mot mål og blir felt av keeper Gamlem. Dommar Kringstad dømmer både straffe og raudt kort. Geir Roar var ikkje einig i avgjersla. – Har aldri fått straffe mot meg på ein slik måte før. Ballen var jo allereie over kortlinja når han datt, sa Gamlem. 1. års junior Erlend York var med i A-troppen for første gong i seriesamanheng, og hadde nok sett for seg å få debuten sin på midtbana, men i mangel på reservekeeper vart han kasta i mål. Midtbanespelaren er imidlertid ikkje framand med keeperhandskar. Han debuterte nemleg både på juniorlaget og herrar 7’ar som keeper, og no altså på A-laget. Straffa til Bjørnar Ingebrigtsen kunne han ikkje gjere noko med sjølv om han valgte rett side.

Heimelaget styrer
Det neste kvarteret er det heimelaget som fører kampen, men den største sjansen er det Norborg sin Tarjei Urkedal som har då han driblar seg igjennom forsvaret, men aleine med keeper Urke går avslutninga rett på keeper. Hovdebygda sine sjansar kjem på headingar, men keeper York står fram å gjer fleire gode redningar.

Straffebom
Knappe kvarteret før slutt har Lennart Holmem fått tak i ballen og er på veg gjennom forsvaret då han blir felt. Norborg sitt femte mål i denne kampen vil bli seriemål nr. 1500 i historia. Kristian Søviknes går fram for å ta straffa, men han misbrukar sin sjanse til å bli “historisk” då han sette ballen akkurat der keeper Urke ville ha den. Tarjei er raskt framme på returen, men sette ballen utafor stolpane. Dermed fortsatt 4-1 til Norborg. Noko som stod seg til slutt.

Hovdebygda var det førande laget i store delar av 2. omgang, men var ikkje i stand til å score på anna enn straffespark. Norborg hadde også sine sjansar, men spelte alt i alt litt panisk og stressa i denne omgangen der feilpasningane florerte. – Vi må opp fleire hakk om det skal bli poeng i neste kamp, sa kaptein Stein Erik Reitan etter kampen.

Best på Norborg i denne kampen var trioen Lennart Holmem, Tarjei Urkedal og Asgeir Kalvø. Spesielt før pause leika Lennart seg med HIL-forsvaret og fekk seg også to mål. Tarjei jobba steinhardt kampen igjennom og fekk notert set eit mål. Asgeir takka for tilliten på sentral midtbane i Eirik York sitt fråver, og gjorde ein god kamp med bra teknikk, stor innsats og overblikk. Skryt også til debutanten Erlend York som greidde seg svært godt i mål.

Neste kamp for Norborg er heime mot Blindheim laurdag 23. september kl. 1500.

Kampen minutt for minutt

3 min: Lennart driblar seg igjennom, men prøvar å nå betre plasserte Tarjei og forsøket renn ut i sanden
5 min: Lennart felt like utafor 16-meteren. Frisparket går utafor.
6 min: Halvsjanse til heimelaget. Eivind Solevågseide med skot over frå 20 meter
8 mn: Lennart rykker frå forsvaret og når eit langt oppspel nede ved hjørneflagget, dribler ein forsvarar og legg hardt inn, men heimelaget får klarert
12 min: 0-1, Lennart dribler 3-4 mann å scorer frå litt skrått hald
13 min: Kristoffer avanserar frå eigen halvdel til motstandars 16 meter å skyt like utafor
16 min: Kristian med skot som keeper får fomla over mål godt hjulpet av tverrliggjar
21 min: 0-2, Tarjei scorar aleine med keeper etter gjennomspel av Lennart
25 min: Vebjørn hindrar gedigen sjanse for heimelaget då han ryddar opp aleine med to HIL-angriparar
32 min: Stein Erik Reitan feller unødvendig ein HIL-spelar på kanten av 16 meteren. Runar Gretland skyt straffa utafor.
38 min: Dan Børge Rudi med stor sjanse, men Geir Roar har få problem med avslutninga frå 10 meter

39 min: 0-3, ulykksalig sjølvmål av ein HIL-forsvarar. Keeper Urke må imidlertid ta 90% skyld
43 min: Lennart igjennom, men keeper reddar forsøket
44 min: Lennart scorer etter å ha tatt ned eit opspel på brystet og rykt ifrå forsvaret. Scorar sikkert aleine med keeper

51 min: Jo-Martin Åsen med brukbar sjanse etter corner. Treff ikkje ballen skikkeleg.
55 min: Solevågseide blir felt av Geir Roar. Dommaren dømmer straffe. Raudt kort til Geir Roar og dermed keeperbytte. Erlend York tek på seg handskane og får sin A-lagsdebut
57 min: Ingebrigtsen sette straffa i mål nede ved stolpen

60 min: Tarjei driblar seg igjennom HIL-forsvaret men avsluttar svakt midt på keeper Urke
62 min: Tarjei headar mot eige mål. God reaksjonsredning av Erlend York
67 min: Farleg HIL-heading, men Erlend reddar til corner
68 min: Ny farleg heading frå Hovdebygda. Over frå 5 meters hald
71 min: Stor HIL-sjanse, men Erlend får ein fot på ballen

77 min: Lennart felt innafor 16 meteren. Snes brenn straffa. Tarjei sette returen utafor
82 min: Tarjei med skot utafor frå 17 meter etter framspel frå Asgeir. Burde ha tatt med seg ballen inn i 16 meteren før han avslutta
85 min: Solevågseide med svak heading frå god posisjon
87 min: Tarjei nok ein gong med fri bane mot mål, men vel å skyte frå 16 meteren og forsøket går utafor