Norborg – Hovdebygda 2-0

Norborg – Hovdebygda 2-0 (0-0)
Uggedal stadion, 08.06.06

8 sjansar 4
5 hjørnespark 3

1-0 Ståle Hurlen (46)
2-0 Adrian Håbet (77)

Tilskodarar: 122 betalande

Dommar: Tor Bjermeland (Herd)
Ass. dommar: Odd Arne Grande (Skodje) og Kristian Melseth (FK Sykkylven)

Laget: Kurt Erik Grytten – Stein Erik Alvestad, Knut Ivar Bjørlykhaug (Kim Idar Krogsethagen, 46), Steffen Grytten, Stein Erik Reitan – Kristian Søviknes (Asgeir Kalvø, 40), Eirik York , Kim Idar Krogsethagen (Stein Erik Mårstøl, 40 ), Tarjei Urkedal (Kristian Furnes, 89) – Lennart Holmem (Adrian Håbet, 40), Ståle Hurlen (Lennart Holmem, 70 )

Norborg stanga lenge mot eit defensivt gjestelag og spelte med svakt tempo og lite rørsle, men med eit raskt mål etter pause fekk vi sjå fleire gode angrep hjå heimelaget. Dermed vart tre fortente poeng verande i Uggedalen.

Utgangspunktet for Norborg var enkelt, berre tre poeng var godt nok mot Hovdebygda om ein skulle henge med på øvre halvdel. Hovdebygda har gått på ein del stygge tap så langt i sesongen, og la seg difor i ein defensiv 4-5-1 formasjon. Noko som gjorde det vanskeleg for oransjetrøyene.

Vanskeleg kamp
Norborg-kaptein Kim Idar Krogsethagen sa følgjande etter kampen; – vanskeleg kamp mot ein motstandar som låg lavt og slo berre langt. Med lite luftstyrke offensivt så var oss avhengige av å få i gong spel langs bakken. Det sleit oss med før pause, men i 2. omgang vart det langt betre og oss vann svært fortent. Tre poeng på ein OK dag, men oss har forbetringspotensiale til neste kamp. Vi skal derimot ikkje svartmale noko som helst. Tre poeng er tre poeng, og oss har hatt gode dagar der oss ikkje har fått med oss poeng. Det må oss huske.

Eit langt gjesp
Første halvtimen av kampen var stort sett eit langt gjesp. Hovdebygda var nærmast leiing i denne perioden då Jo Martin Aasen fekk til ei god heading etter frispark frå Eivind Solevågseide, men keeper Kurt Erik Grytten var raskt ned og fekk slått til corner. Gjestane var elles farlege på dødballar grunna god fysikk. Norborg på si side stod stort sett å trilla ball på eigen halvdel og viste lite oppfinnsamt angrepsspel. Men i sluttminutta vakna oransjetrøyene. Først dribla Lennart Holmem av nokre mann og spelte igjennom til Ståle Hurlen som avslutta like utafor. Litt etter dribla Tarjei Urkedal seg inn på ti meter, men måtte sjå avslutninga si gå i stolpen. Elles var omgangen prega av dårleg tempo på ball og oppstykka spel grunna mange avblåsningar for armbruk.

Pangstart etter pausen
2. omgang starta på best mogeleg måte for heimelaget då Asgeir Kalvø spelte fram Adrian Håbet, som igjen fann ein umarkert Ståle Hurlen på 16 meteren. Han tok seg god tid og dunka ballen i nettet bak keeper Kristoffer Nilsen til 1-0. Norborg var no på hogget og minuttet etter fekk Eirik York ein stor sjanse etter godt forarbeid av Tarjei Urkedal. Avslutninga gjekk imidlertid over mål.

Adri-perle
Hovdebygda spelte godt defensivt og ikkje minst Jan Egil Gretland stoppa mange angrep, offensivt var det likevel svært tynt i motvinden for raudtrøyene. Norborg hadde difor god kontroll og var nær å doble leiinga både ved Ståle Hurlen og Stein Erik Mårstøl. Det tok likevel over ein halvtime før 2-0 målet kom. Då sendte Adrian Håbet av garde eit utsøkt skot frå 16 meter og punkterte i realiteten kampen.

To raude på overtid

Hovdebygda prøvde på slutten å få laget lenger fram på bana, men kom ikkje nærmare enn eit par dødballar og eit skot utafor frå Espen Viddal. På overtid fekk vi likevel litt dramatikk i Uggedalen. Først fekk Lennart Holmem direkte raudt kort, så minuttet etter vart Espen Viddal sendt i dusjen for to gule.

Fortent siger
Basert på 2. omgang ein fortent siger til Norborg, men tempo på ball må opp fleire hakk om det skal bli poeng i den vanskelege bortekampen mot Blindheim neste veke. Best på heimelaget var Eirik York, som vann alle duellane han var involvert i på midtbana. Adrian Håbet og Tarjei Urkedal viste mange gode initiativ på høgresida, og var involvert i det meste Norborg fekk til offensivt. – Vi tek tre poeng på halv maskin i dag, men alt i alt ein fortent siger etter glimtvis bra spel, seier Tarjei Urkedal.