Norborg – Stranda 3-2

Norborg – Stranda 3-2 (2-1)
Treningskamp, Brattvåg KGB, 23.02.06

8 sjansar 8
6 cornere 7

1-0 Lennart Holmem (7)
2-0 Kim Idar Krogsethagen (23)
2-1 Thomas Roset (38)
2-2 Espen Hove (54)
3-2 Kim Idar Krogsethagen (57)

Dommar: Fredrik Løken (Brattvåg)
Ass. dommarar: Helge Uggedal (Hildre) og Espen Wold (GBG)

Laget: Kurt Erik Grytten – Asgeir Kalvø (Tarjei Urkedal, 88), Jan Even Drønnesund (Kenneth Vegsund, 46), Kim Idar Krogsethagen, Vebjørn Grytten – Andre Larsen (Adrian Håbet, 66), Eirik York, Kristian Søviknes, Tarjei Urkedal (Kristoffer Søviknes, 83) – Lennart Holmem, Ståle Hurlen (Knut Ivar Bjørlykhaug, 74)

Norborg tok ein sterk 3-2 siger over Stranda på Brattvåg KGB torsdag kveld. Oransjetrøyene spelte svært bra dei første 25 minutta og leia 2-0. Etter dette tok Stranda meir over og skapte ein jamn og spennande kamp.

Norborg opna aggressivt og bra, og styrte opningsminutta mot eit av 4. divisjon sine fremste opprykksfavorittar, Stranda. Scoringa lot heller ikkje vente lenge på seg då Ståle Hurlen flikka ballen elegant igjennom til ein løpsvilleg Lennart Holmem, som sikkert sette ballen i mål. Norborg fortsette å vere det toneangivande laget også etter målet og Lennart er svært nær å doble leiinga då han rundar keeper, men diverre for oransjetrøyene får han ikkje satt ballen i mål.

Etterkvart starta Stranda å vinne fleire duellar, og ved halvspelt omgang er dei svært nær utlikning på ein dobbeltsjanse. Først går eit skot i stolpen frå 17 meter, medan returen reddar Kurt Erik Grytten glimrande. Etter denne store sjansen går Norborg i angrep og får straffe då ein Stranda-forsvarar boksar allen med handa. Kim Idar Krogsethagen sette straffa sikkert i mål til 2-0.

Siste 20 minutta av omgangen er det Stranda som fører spelet og får mange dødballar inne på Norborg sin halvdel. Dryge fem minutt før pause kjem også reduseringa på nettopp ein dødball då Thomas Roset får stå svært så aleine å dunke ein corner i mål.

Norborg startar best etter pause og kjem seg til eit par halvsjansar, men det er Stranda som får første målet då Norborg slurvar på eigen halvdel og Espen Hove får stikke igjennom å score sikkert aleine med keeper Grytten. Gleda varer likevel ikkje lenge for Stranda. Tre minutt etter slår Andre Larsen ein corner til Krogsethagen som får lurt ballen i mål frå 12 meter.

Spelemessig blir 2. omgang aldri så bra som første, iallfall ikkje for Norborg. Til det vart det for mykje kriging. Stranda var hakket betre enn Norborg den siste halvtimen, men kom aldri nærmare mål enn ei redning på strek av Asgeir Kalvø. Norborg greidde ikkje å få til pasningsspelet sitt i denne omgangen, men var nær å auke leiinga då Krogsethagen vart spelt igjennom like før slutt, men avslutninga hans strauk seg utafor stolpen. Dermed endar kampen med 3-2 til Norborg i ein kamp som kunne ha bikka begge vegar.

Assistent trenar Roger Grytten sa følgjande etter kampen: – Ein treningskamp med høgt tempo, god motstand og fine forhold! Mykje god fotball men også ein del å ta tak i. Kjekt at kampen bikka vår veg.

Norborg får ikkje kvile lenge på lauvbæra. Laurdag kl. 14 er det ny treningskamp. Denne gong mot Vigra på Herd KGB. Laurdag møtast også Norborg og Stranda sine juniorlag i viktig kvalifiseringskamp for 1. divisjon.