Skarbøvik 2. lag – Norborg 0-3 (0-2)
Hessa KGB, 02.10.06
3 sjansar 11
3 hjørnespark 6
0-1 Ståle Hurlen (20)
0-2 Lennart Holmem (40)
0-3 Trond Elstad (str. 90)
Tilskodarar: ca. 20
Dommar: Christer Jensen (AaFK)
Ass. dommarar: Rolf Jarle Eldevik (Ellingsøy) og Ernst Myhre (Spjelkavik)
Laget: Trond Elstad – Stein Erik Alvestad, Knut Ivar Bjørlykhaug, Steffen Grytten, Kristoffer Søviknes – Asgeir Kalvø , Adrian Håbet (Christian Søvik, 75), Kristian Søviknes (Eivind Fjørtoft, 63), Tarjei Urkedal – Lennart Holmem (Erlend York, 86), Ståle Hurlen (Jan Even Drønnesund, 88)
Norborg starta veka med ein fortent 3-0 siger over Skarbøvik 2. lag. Norborg spelte ein god 1. omgang og leia 2-0 etter mykje fint spel. Etter pausen vart det mykje kriging dei første 25 minutta, men etterkvart som heimelaget gjekk tom for krefter, tok Norborg over og skapte mange sjansar fram til keeper Trond Elstad fastsette sluttresultatet på straffe.
– Koseleg kamp der oss får til mykje bra angrepsspel i første omgang,men fell litt ned i starten av andre. Men vi viser styrke, tæl og vilje og snur kampen til vår kamp siste halvdelen. Kjekt å spele kamp der så mange juniorar samtidig er med på å heve laget spelemessig, sa midtbanesjef Kristian Søviknes etter kampen.
Norborg var det førande laget i 1. omgangen under flotte forhold på Hessa KGB måndag kveld. Det var likevel heimelaget som kunne tatt leiinga etter nokre minutt då Joachim Olsvik kom seg fri på femmeteren, men fekk sitt forsøk blokkert av keeper Trond Elstad.
God fotball av Norborg
Omgangen var likevel Norborg sin, og Ståle Hurlen hadde to gode sjansar før han på det tredje jaga eit langt oppspel frå Stein Erik Alvestad og klinka ballen i fin boge over keeper og i lengste kryss frå kanten av 16 meteren. Eit vakkert mål av måljegeren Ståle, som stod i stil med den fotballen Norborg spelte den første halvtimen.
I det siste kvarteret kom heimelaget meir med, utan at dei store sjansane vart skapt. I staden er det ein aggressiv og lur Lennart Holmem som snappar opp ei tversoverpasning i SIF2 sitt bakre ledd og gjer enkelt 2-0 då han rundar keeper å trilla ballen i det tomme buret fem minutt før pause.
Mykje bra fotball av det unge Norborg-laget før pause. Ein turte å spele ball gjennom midtbana og rulla opp fleire gode angrep, spesielt første halvtimen.
Mykje kriging
Etter kvila er heimelaget langt meir aggressive og får kampen inn i sitt spor med mykje kriging dei første tjue minutta. Sjansar var det likevel langt mellom, og bortsett frå ein farleg corner og eit farleg skot utafor frå kanten av 16 meteren, hadde ikkje heimelaget mykje å by på.
Store sjansar
I dei siste 25 minutta tok Norborg over igjen, og skapte fleire gode sjansar. Dei fleste regissert av 1. års junior Eivind Fjørtoft. Han spelte igjennom både Lennart Holmem, Tarjei Urkedal og Ståle Hurlen, men ingen av dei greidde å overliste keeper Sørli. På overtid blir Tarjei felt av keeper Sørli innafor 16 meteren og dommar Christer Jensen peikar korrekt på straffemerket. Keeper Trond Elstad har stått glimrande i heile haust, og blei gjort ære på ved å få ta straffa. Den sette han sikkert i mål heilt inne ved stolpen. Dermed 3-0, og fortent Norborg siger. Den 7. på dei siste 8 kampane.
Solid laginnsats
Solid laginnsats av Norborg der generasjonsskiftet tydeleg er i gong. Heile fem av spelarane frå start og to av innbyttarane er i junioralder. Får ein behalde spelarane sine så skal det bli spennande å følgje laget til neste år. I haust har iallfall laget ikkje stått tilbake for nokon i 4. divisjon. Vanskeleg å plukke ut enkeltspelarar, men midtstopparane Steffen Grytten og Knut Ivar Bjørlykhaug var som vanleg solide, medan Kristian Søviknes og Adrian Håbet styrte midtbana flott, spesielt før pause.
Årets siste kamp for Norborg går heime mot Stranda søndag 8. oktober kl. 14. Eit skikkeleg toppoppgjer som er verdt å få med seg.