Vigra – Norborg 0-6

Vigra – Norborg 0-6 (0-4)
Treningskamp, Herd KGB, 25.02.06

3 sjansar 14
5 hjørnespark 4

Ståle Hurlen (15, 22 og 86)
Lennart Holmem (13)
Tarjei Urkedal (32)
Geir Ove Grønli (59)

Dommar:
Jan Erik Myklebust (Åmdal)

Laget: Kurt Erik Grytten – Stein Erik Reitan, Kenneth Vegsund (Kristian Furnes, 71), Roger Grytten, Jan Even Drønnesund – Andre Larsen (Amund Terøy, 59), Eirik York (Kristian Søviknes, 71), Kim Idar Krogsethagen (Geir Ove Grønli, 46), Tarjei Urkedal – Lennart Holmem, Ståle Hurlen

Norborg fekk det uventa lett og vann heile 6-0 over eit tafatt Vigra-lag. Oransjetrøyene valsa over Vigra før pause å leia heile 4-0. Etter pause var ikkje overtaket så markant og Norborg nøyde seg med to nye mål.

Utan spelarar i junioralder stilte Norborg med sitt eldste lag på over 10 år. Dagens snittalder var i dag nesten 25 år, og “gamlekarane” viste at dei kan spele fotball. Vigra vart totalt rundspelt dei første 32 minutta og måtte hente ballen ut av nettet heile fire gongar.

Geniale “babb”
Tross eit par gode mogelegheiter gjekk det 13 minutt før første målet kom. Då vart Lennart Holmem elegant spelt fri av Eirik “babb” York og plasserte ballen sikkert i kassa. To minutt seinare dobla Ståle Hurlen leiinga. Nok ein gong var det babben som stod for eit godt framspel mellom Vigra sine stopparar og Ståle kunne springe i bakrom, runde keeper og putte ballen i mål. Vigra sine spelarar ropa på offside, og hadde nok mogelegens rett i det. Likevel, 2-0.

Strålande angrepsfotball
Norborg fortsette å varte opp med godt spel i denne perioden og til og med Stein Erik Reitan var nær mål på ein lobb, men ballen sneik seg utafor stolpane. Ved halvspelt omgang fekk vi sjå dagens flottaste angrep. Kim Idar Krogsethagen startar inne i midtsirkelen, driblar av eit par mann, spelar glimrande igjennom til Tarjei Urkedal som fossar ned mot kortlinja og legg inn til Ståle Hurlen som header presist i mål ved bakarste stolpe. Ti minutt seinare er det Tarjei sjølv som får score då han utnyttar famlande forsvarsspel av Vigra og puttar frå kloss hald.

På stillinga 4-0 kom snøven å la seg på Herd KGB og kvaliteten på spelet fall. Vigra kom dermed litt meir i spelet utan at dei greidde å skape nokon store sjansar.

Vigra yppa seg
Etter sidebytte er det Vigra som startar best og spelar seg fram til nokre hjørnespark. Etter knappe ti minutt får gultrøyene også sin største sjanse, men avslutninga frå 10-12 meter fyk like over krysset. Like etter får Kenneth Kjevik stå aleine på 16 meteren, men han ligg litt for mykje bakpå i skotaugenblinken og avslutninga går over.

Ingen tvil
Etter denne perioden med eit visst Vigra-press tok Norborg over kampen igjen og 60 minutt ut i kampen klinka Geir Ove Grønli ballen i mål frå 18 meter. Flott mål av sogningen som har vore ute med influensa den siste tida. Nokre minutt etter er samme mann svært nær sitt andre mål, men lagkamerat Lennart “redda” skotet på strek. Norborg fortsette å skape sjansar, og nokre minutt før slutt fullfører Ståle Hurlen hat-tricket sitt ved å legge på til 6-0 då han runder keeper og etterkvart plasserer ballen i mål.

Vigra brukar normalt å vere eit vanskeleg lag å spele mot, men i denne kampen var dei uvanleg tafatte og Norborg fekk spesielt i 1.omgang gjere nær sagt som dei ville. Norborg haldt i denne omgangen eit brukbart tempo på ballen, samt at innsatsen var upåklageleg. Etter pause fall naturleg nok konsentrasjonen noko, men Norborg viste seg som eit langt betre lag enn naboane i vest.

Neste kamp for Norborg er mot Valder på Brattvåg KGB laurdag 4. mars kl. 12. Etter fire sigrar over 4. og 5. divisjonslag skal det bli moro å sjå oransjetrøyene mot eit lag frå nivået over.