Norborg – MSIL 5-1 (2-0)
Uggedal stadion, 31.07.06
14 sjansar 3
6 hjørnespark 6
1-0 Tarjei Urkedal (13)
2-0 Tarjei Urkedal (40)
3-0 Stein Erik Mårstøl (str. 51)
4-0 Kim Idar Krogsethagen (59)
4-1 ? (69)
5-1 Kim Idar Krogsethagen (90)
Dommar: Fredrik Løken (Brattvåg)
Ass. dommarar: Espen Wold (GBG) og Kenneth Vegsund (GBG)
Laget: Trond Elstad – Christian Søvik (Ole Johan Urke, 63), Øyvind Farstad (Kjell Terje Brusdal, 74), Jan Even Drønnesund, Stein Erik Reitan (Kristian Furnes, 63) – Eirik York, Roger Grytten (Stein Erik Mårstøl, 28) (Tarjei Urkedal, 74), Asgeir Kalvø – Stig Wold (Lennart Holmem, 46), Tarjei Urkedal (Kim Idar Krogsethagen, 46), Kristoffer Søviknes (Bee, 46)
Norborg hadde få problem med å vinne 5-1 over eit MSIL-lag i feriemodus. Oransjetrøyene spelte med god rørsle og skapte mange sjansar. Sigeren burde dog vore noko større, men presisjonen framfor mål var ikkje av beste kvalitet i dag.
Til trass for at Norborg tok ein solid 5-1 siger var det gjestane frå Sula som opna friskast, og la eit lite press på heimelaget dei første minutta. Men etter kvart tok vertane kontroll på midtbana anført av ein leiken Roger Grytten. – Ej var eigentleg sliten etter oppvarminga, sa Roger då han svært sliten kom av bana før halvtimen var spelt. På denne knappe halvtimen hadde han likevel rukke å satt igong fleire gode angrep frå sin posisjon sentralt på midtbana.
Aktive Tarjei
På topp såg vi ein svært aktiv Tarjei Urkedal gong på gong greie å skape seg rom og målsjansar. I løpet av 1. omgang kom han seg til heile 6 store sjansar. To av dei resulterte i mål. Det første etter 13 minutt då han forfølgte eit oppspel frå Asgeir Kalvø, nådde ballen før keeper og sette den sikkert i mål. Mange minutt og brente sjansar etter scora han sitt andre då han stoppa eit skot frå Øyvind Farstad, runda keeper og sette ballen i tomt bur.
Straffemål punkterar kampen
Etter pausen var det Asgeir Kalvø som skulle markere seg sterkt i opningsminutta. Først sende han av garde eit godt skot som MSIL keeperen måtte strekke seg etter i full lengde. Nokre minutt seinare arbeidar han inn ein ball like utafor 16 meteren, avanserar ned mot kortlinja før ein MSIL spelar går hardt inn i ryggen på han. Ass. dommar Espen Wold vinkar og dommar Fredrik Løken peikar på straffemerket. Straffa sette Stein Erik Mårstøl sikkert i mål til 3-0.
Frå kiropraktor til to-målsscorar
Kim Idar Krogsethagen skulle eigentleg ikkje spele denne kampen, men rulla seg ut av senga då han såg sin sjanse til å få favorittrolla si som spiss. Knappe kvarteret etter han entra bana såg vi “gode gamle” Kim Idar bruke rykket sitt, nådde ballen like utafor 16 meteren og lobba elegant ballen i mål til 4-0. Heilt på tampen av kampen viste han seg som goalgetter igjen då han sikkert sette inn 5-1 på eit innlegg av Tarjei Urkedal.
Norborg hadde stort sett god defensiv kontroll, men MSIL kom seg til eit par sjansar i 2. omgang. Ti minutt ut i omgangen opna forsvaret seg opp og ein MSIL-spelar får fritt lende mot mål, men vel å avslutte tidleg med ein lobb som går over både keeper og mål. Dryge halvvegs ut i omgangen er Norborg slappe i forsvar og MSIL får sitt trøystemål på eit skot frå ca. 12 meter etter eit lågt legg frå venstre.
Mange sjansar
Norborg skapte også etter kvilen mange sjansar, og burde ha scora meir enn fem mål. Ole Johan Urke avslutta på innsida av stolpen, Tarjei sløste vekk ein gedigen sjanse då han nølte med å avslutte på ope mål, medan Lennart Holmem avslutta utafor frå kloss hald etter ein corner. Kampen vart avslutta med eit skot like utafor frå Bee, som fekk sine første a-lagsminutt sidan øyacupen for eit år sidan. Bee takka for tilliten med å servere perfekte hjørnespark.
Ei grei gjennomføring av Norborg, som viste at ein er for god til å spele i 5. divisjon neste år. Motstanden komande laurdag vil nok vere av eit anna kaliber, men greier ein å betre presisjonen framfor mål, samt luke vekk periodane der ein er altfor stressa med ball, så bør poengsjansane mot ÅVK vere gode. Ein vil til den kampen få tilbake 6-7 spelarar, men spørsmålet er om nokon av desse greier å kome inn på laget…? Dei fleste gjorde ein god jobb i dag, men ekstra pluss i margen til høgre indreløpar Asgeir Kalvø, som vart betre og betre utover i kampen, og Tarjei Urkedal, som jobbar utrøytteleg og kjem seg til svært mange sjansar.
MSIL ligg på 2. plass i 5. divisjon og ser ut til å gå mot eit sikkert opprykk. Laget var meir tannlaust denne gong enn då laga møttast i januar, men det er mogeleg laget mangla ein del sentrale spelarar. Laget hadde store problem med markeringar defensivt og presisjon i angrepsspelet. Dette må betrast til seriemøtet med Skodje 9. august.