Norborg – Stordal 5-4 (4-2)
Uggedal stadion, 10.05.07
13 sjansar 9
10 cornere 1
0-1 Jahn Morten Overå (12)
0-2 Jahn Morten (21)
1-2 Tarjei Urkedal (22)
2-2 Martin Grytten (24)
3-2 Martin Grytten (30)
4-2 Tarjei Urkedal (39)
4-3 Petter Aksel Kirkebøe (47)
5-3 Steffen Grytten (str. 66)
5-4 Petter Aksel Kirkebøe (90+4)
Dommar: Lars Ove Sletta (Langevåg)
Ass. dommarar: Palmar Blindheim (Blindheim) og Vestnes (AaFK)
Tre beste:
Tarjei Urkedal
Martin Grytten
Kristoffer Søviknes
Laget: Geir Roar Gamlem – Stein Erik Alvestad, Knut Ivar Bjørlykhaug, Jan Even Drønnesund, Stein Erik Reitan (Kristian Furnes, 90) – Steffen Grytten, André Larsen (Kristian Søviknes, 30) (Geir Ove Grønli, 75), Eivind Fjørtoft (Asgeir Kalvø, 60) – Martin Grytten (Ole Johan Urke, 60), Kristoffer Søviknes (Skjalg Volstad, 79), Tarjei Urkedal (Edward Laverton, 90)
To lag som var langt betre offensivt enn defensivt møttast på Uggedal stadion torsdag kveld. Stordal kom best i gong og trudde nok på tre poeng då dei leia 2-0 tidleg i kampen, men Norborg kom sterkt tilbake og tok alt i alt tre fortente poeng.
– Vi trur vi har vunne kampen på stillinga 2-0 og opptrer som gutespelarar resten av omgangen. Vi heva oss etter pause, men diverre ikkje nok til poeng, sa Stordal-trenar Geir Pedersen etter kampen.
Overå sjokkerar heimepublikummet
Utgongspunktet var klart for Norborg. Berre siger var godt nok etter tre strake tap. Det var då også Norborg som kom best i gong, men misbrukte sine to sjansar dei første ti minutta. Heimelaget var klar over Stordal sine to gode spissar Jahn Morten Overå og Petter Aksel Kirkebøe, men greidde likevel ikkje å stoppe desse to. Rutinerte Overå var den første som presenterte seg av dei to då han vakent tuppa inn gultrøyene sitt leiarmål 12 minutt ut i kampen. Ti minutt seinare gjer han sitt andre mål då han står heilt åleine på ti meter å sette inn ein retur frå keeper Geir Roar Gamlem. 2-0 til Stordal, men Norborg gir ikkje opp.
Fantastisk snuoperasjon
Tre minutt tok det Norborg å hente opp Stordal si leiing. Først snappar Tarjei Urkedal ballen framføre eit nølande Stordal-forsvar å trillar ballen i mål. Så er det 4. divisjonsdebutant Martin Grytten som presenterar seg då han headar inn eit innlegg frå Stein Erik Reitan. 16-åringen som har scora 15 mål på to gutekampar fortsette sin målappetitt då han eit kvarter før pause gir Norborg leiinga 3-2. Kristoffer Søviknes brukar farta si å kjem seg rundt på høgrekanten og Grytten brystar ballen i nota bak keeper Adrian Hoff. Ti minutt seinare kjem Søviknes seg nok ein gong rundt på høgrekanten. Innlegget treff nok ein gong Martin Grytten, som i duell med ein forsvarar får ekspedert ballen inn mot mål. Der vinn Tarjei Urkedal duellen med keeper Hoff å aukar til 4-2.
Norborg var det spelemessig beste laget før pause og skapte sine sjansar etter godt kantspel. Stordal var sterke på dødball og kom seg til tre store sjansar på frisparkinnlegg.
Rask Stordal redusering
Stordal sine spelarar må ha fått ein tordentale frå trenar Pedersen i pausen, for laget gjekk aggressivt til verks i 2. omgang. Gjestane flytta laget høgare opp på bana og stressa Norborg-spelarane. To minutt skulle det ta før reduseringa var på plass. Norborg misser ballen på eigen banehalvdel og Petter Aksel Kirkebøe blir spelt fri. Åleine med keeper gjer han ingen feil å klinkar ballen like under tverrliggjar.
Kapteinen tek ansvar
Spelet bølgjar fram og tilbake der begge lag kjem seg til eit par gode sjansar før Tarjei Urkedal blir hekta og Norborg får straffe halvvegs ut i 2. omgang. Straffa sette kaptein Steffen Grytten i mål til 5-3. Lufta ser då ut til å gå litt ut av Stordal, og Norborg kjem seg til fleire gode sjansar etter godt kantspel. Nærmast mål kjem Geir Ove Grønli då han headar frå kloss hald, men Thomas Kirkebøe står på strek å reddar.
Ny spenning
Fire minutt på overtid gir likevel Petter Aksel Kirkebøe Stordal nytt håp då han scorar i opent mål etter forarbeid av Jon Espen Joranger. 5-4, og vi anar desperasjon i Norborg-laget. Stordal pressar på i sluttsekunda og er særs nær poeng då Jon Espen Joranger skyt like utafor frå god posisjon.
Totalt sett var Norborg hakket betre og vann fortent basert på spel og sjansar. Spesielt i oppbygging av angrep frå forsvaret og gjennom midtbana er Norborg betre enn Stordal, men med så mange personlege feil defensivt greidde ein aldri å kvitte seg heilt med gultrøyene.
Norborg kan glede seg over tre poeng og mange sjansar og mål, men ein må snarleg ta tak i det defensive arbeidet og luke bort dei mange feila som kjem av konstrasjons- og kommunikasjonssvikt. Best hos oransjetrøyene var to-målsscorarane Tarjei Urkedal og Martin Grytten, saman med Kristoffer Søviknes, som var aktiv og god ute på høgrekanten.
Neste kamp er borte mot GuLars onsdag 16. mai kl. 1900.
Norborg vakna då Kristian Søviknes starta å gjere seg klar for innhopp.