Stranda – Norborg 4-2 (3-2)
Stranda KGB, 03.05.07
9 sjansar 4
7 cornere 3
0-1 Steffen Grytten (str. 6)
0-2 Tarjei Gjerset Urkedal (7)
1-2 Ronnie Furset (10)
2-2 Bjørnar Aure (14)
3-2 Ronnie Furset (str. 27)
4-2 Bjørnar Aure (str. 83)
Dommar: Bjørn Bakkom (Vartdal)
Ass. dommarar: Antoni Vike Danielsen (Rollon) og Norvald Helge Lausund (Lepsøy)
Tre beste:
Geir Roar Gamlem
Tarjei Gjerset Urkedal
André Larsen
Laget: Geir Roar Gamlem – Stein Erik Alvestad (Kristoffer Søviknes, 37), Knut Ivar Bjørlykhaug, Kjell Terje Brusdal (Jan Even Drønnesund, 42), Stein Erik Reitan – André Larsen, Kristian Søviknes (Eivind Fjørtoft, 65), Steffen Grytten – Tarjei Urkedal, Geir Ove Grønli (Ole Johan Urke, 68), Skjalg Volstad (Kristian Søviknes, 74)
Norborg ga bort ei 2-0 leiing og tapte mot eit aggressivt og godt heimelag på Stranda. – Vi gjer enkle feil defensivt, brukar for lang tid med ball på midtbana og greier ikkje å vinne duellane framme på bana. Stranda var eit betre lag denne gongen, men når vi tek leiinga 2-0, så bør vi reise heim med poeng, sa trenar Jan Egil Alstadsæter etter kampen.
– Har stor tru på at Norborg kjem utover sesongen. Dei har god moral, talentfulle spelarar og vil plukke mange poeng framover, sa Stranda-trenar Ronny Ødegård.
Norborg har mange gode minner frå Stranda, og i opningsminutta så såg det ut til å gå mot eit nytt. Fem minutt ut i kampen prøvde aktive André Larsen seg på eit skot frå distanse. Keeper Thomas Hove gir retur og feller ein balljagande Tarjei Urkedal i situasjonen etter. Dommar Bjørn Bakkom sette fløyte til munn og dømme si første av tre straffer denne kvelden. Straffa sette kaptein Steffen Grytten sikkert i nota.
Pangopning
Norborg hadde knapt fått jubla ferdig før det stod 2-0. Knut Ivar Bjørlykhaug spelar langt mot Tarjei Urkedal. Stranda-forsvaret ser ut til å ha kontroll, men forsvararen mislykkast med dempinga og ballen spretter til Urkedal. Han fossar mot mål, rundar keeper og sette ballen i det opne målet. Skulle vi få ein skrell på praktfulle Stranda KGB?
Heimelaget kjem tilbake
Heimelaget kjem seg raskt til hektene og kvitterar etter ti minutt då Steffen Lilleås kjem seg rundt på venstrekanten og legg flott inn til Ronnie Furset framføre mål, som gjer ingen feil frå kloss hald. Fire minutt seinare står laga likt då Bjørnar Aure sette inn 2-2 på eit hovudstøt etter markeringssvikt i Norborg-forsvaret.
Norborg var på gyngande grunn fleire gongar og spelte nølande og usikkert defensivt i 1. omgang. Stranda kom gong på gong på overgongar, men det måtte straffe til for å få mål. Etter ei rekke feil av Norborg på eigen halvdel var Knut Ivar Bjørlykhaug uheldig å ta mannen før ballen i ei takling innafor 16 meteren. Straffa sette Ronnie Furset sikkert i mål.
Vertane fortsette å styre kampen etter leiinga, og måtte blant anna sjå ein ball i tverrliggjar etter skot av Erlend Langelo. Norborg fekk lite til, men like før pause kom Tarjei Urkedal seg fri på venstre, men hverken Geir Ove Grønli eller Steffen Grytten greidde å sette ballen i mål.
God underhaldning
Underhaldande 1. omgang på Stranda med mange mål og sjansar. Norborg sjølsagt skuffa inn til pause etter å ha rota vekk ei to-målsleiing, medan Stranda viste mykje godt angrepsspel og leia fortent.
Betre defensivt
Norborg gjorde nokre grep like før pausen, og opptrådde langt sikrare defensivt i 2. omgang. Begge lag sleit då med å kome til dei store sjansane. Stranda sin Erlend Langelo kom seg til eit par skot frå distanse utan at det bydde keeper Geir Roar Gamlem på noko problem.
Oransjetrøyene sleit med både presisjon og samhandling i angrepsspelet, og var uvant passive i sitt spel. Eit kvarter før slutt skulle ein likevel få ein bra sjanse då Tarjei Urkedal avslutta over mål etter hjørnespark. Kampen vaknar no til liv igjen, og vi får i sluttminutta sjå både sjansar og diverre eit par stygge taklingar frå begge lag. Geir Roar Gamlem gjer ein sterk prestasjon då Steffen Lilleås kjem seg fri frå Norborg-forsvaret, men kunne lite gjere med Bjørnar Aure sitt straffespark nokre minutt seinare. 4-2, og kampen er punktert. På overtid får Tarjei Urkedal sjansen til å pynte på resultatet men keeper Hove gjer ei god redning på skotet.
Langt mindre underhaldande etter pausen, men spenninga er der til sluttminutta. Likevel, Norborg greier sjeldan å true Stranda, som vinn fortent etter spel og sjansar. Stranda skal elles ha skryt for eit godt arrangement med speaker og ikkje minst ballgutar som gjorde at ein kampball aldri var langt unna. Flott!
Tre tap
Norborg gjekk på sitt tredje strake tap. Humøret er likevel godt i klubben, og får ein luka bort dei enkle feila ein gjer defensivt kjem nok poenga på ei snor. Likevel, enkelte spelarar kan nok ha godt av eit par 2. og 3. lagskampa for å kome tilbake i form.
Geir Roar Gamlem var totalt sett Norborg sin bestemann i denne kampen, og hadde eit par klasseredningar. Tarjei Urkedal manglar litt på å vere i toppform, men er involvert i begge måla og er pådrivaren offensivt. André Larsen og Steffen Grytten jobbar godt på midtbana og gjer seg heile tida spelbar. Skjalg Volstad fekk sin debut i 4. divisjon, og sjølv med litt debutnerver fekk vi sjå prov på hans kvalitetar.
Neste kamp for Norborg er endeleg heime i leikegrinda mot Stordal torsdag kl. 1830.