HaNo – Norborg 0-4

HaNo – Norborg 0-4 (0-2)
Moa KGB, 25.02.07

3 sjansar 11
4 cornere 5

0-1 Geir Ove Grønli (28)
0-2 Steffen Grytten (37)
0-3 Ole Johan Urke (64)
0-4 Kristian Søviknes (83)

Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)
Ass. dommarar: Frank Hansen (Godøy) og Oddmund Kaldhussæter (Blindheim)

Tre beste:
André Larsen
Stein Erik Reitan
Geir Ove Grønli

Laget: Geir Roar Gamlem – Asgeir Kalvø (Bee, 66), Knut Ivar Bjørlykhaug (Elling Mikal Kalvø, 73), Jan Even Drønnesund (Kjell Terje Brusdal, 46), Stein Erik Reitan – André Larsen, Kristian Søviknes (Ole Johan Urke, 53), Steffen Grytten (Kristian Søviknes, 82) – Kristoffer Søviknes (Stein Erik Alvestad, 46), Geir Ove Grønli (Kenneth Vegsund, 66), Tarjei Urkedal (Edward Laverton, 66)

Snittalder: 22,67

Norborg tok ein komfortabel 4-0 siger over HaNo i søndagens vinterseriekamp. Norborg var det førande laget frå start til slutt og burde ha vunne med større siffer.

Norborg stilte med ein tilnærma skadefri tropp, medan HaNo mangla 3-4 faste spelarar. Det var dermed ikkje overraskande at Norborg tok kommandoen frå start av. Spesielt kom Geir Ove Grønli seg til fleire store sjansar dei første tjue minutta, men ballen ville ikkje i mål.

Endeleg for Grønli
Når vi nærma oss halvtimen greidde endeleg Grønli å finne vegen til nettmaskene då han fekk pannebrasken på eit innlegg frå Kristian Søviknes. Etter scoringa kom HaNo seg meir inn i kampen, og Odd Einar Molnes var nær ved å utlikne frå kloss hald, men Geir Roar Gamlem er med på notane og reddar godt. I staden for utlikning er det Norborg som doblar leiinga då Steffen Grytten plukkar opp ballen på ti meter, drar av ein mann og sette ballen sikkert i mål. Fem minutt før slutt er HaNo nær redusering etter corner, men André Larsen står på streken og reddar headinga.

Lågt tempo i 1. omgang, men Norborg leiar fortent mot eit defensivt HaNo-lag.

Norborg styrer
2. omgang blir mykje lik den første. Norborg er hakket betre enn blåtrøyene og kjem seg til fleire brukbare sjansar. Både Steffen Grytten og Tarjei Urkedal fekk kvar sine sjansar dei første ti minutta, men Grytten si heading gjekk over, medan Urkedal si avslutning vart stoppa av ein forsvarar.

Punkterar kampen
Fleire mål skulle det likevel bli då Ole Johan Urke stend på 5 meteren og header inn eit frisparkinnlegg frå André Larsen. Både Geir Ove Grønli og Kenneth Vegsund får gode sjansar til å auke leiinga til Norborg, men effektiviteten er ikkje på topp denne dagen. Fem minutt før slutt fastsette Kristian Søviknes sluttresultatet til 4-0 då han blir spelt igjennom av Bee og scorar åleine med keeper.

HaNo hadde lite å by på i denne omgangen, men var nær mål då Ove Otterlei vart spelt igjennom. Avslutninga frå litt skrått hald fann diverre for HaNo ikkje vegen innafor stolpane.

Grei siger
Grei gjennomkjøring for Norborg der ein har full kontroll på ein litt redusert divisjonskollega. Ein kom seg til fleire sjansar og fekk mange innlegg. Diverre gjekk mange av desse i 1. forsvarar. Defensivt hadde ein god kontroll og keeper Geir Roar Gamlem fekk ein roleg dag på jobben.

Ass. trenar Kristian Søviknes seier dette etter kampen; siger, fire mål, null baklengs og brukbart med sjansar. Vi slit med å sette same tempo på ball og bein som mot Brattvåg, men motstanden er ikkje betre enn at dei ikkje greie å utnytte det mot oss. Satsar på at vi kviknar litt meir til liv til tysdagens kamp mot Vestnes Varfjell, då møter vi kvalitetsmotstand som vil straffe oss om vi opptrer som i dag. Men, vi er godt nøyd med siger og at Grønli har opna scoringskontoen!

Allereie på tysdag er det ny kamp for Norborg. Denne gong mot 3. divisjonslaget Vestnes Varfjell på Vestnes KGB.


Snes jr. finsikter mot Ladden, men Michael Austnes får rydda opp.


Panser-Jan med solid tackling på Stig Erik Nogva.


Kaptein Ladden ryddar opp på corner.


Grønli med ein av sine mange store sjansar. Denne går i bakken og over.


Larsen slår frisparket som treff “Crouch” sitt hovud og 3-0.


Bonden står å ser på…

Av: FSE
Foto: Alexander Holmeset