Norborg – Stordal 5-3

Norborg – Stordal 5-3 (1-3)
Treningskamp, Uggedal grus, 17.03.07

19 sjansar 7
10 cornere 4

0-1 Jahn Morten Overå (5)
0-2 Jahn Morten Overå (8)
0-3 Petter Aksel Kirkebøe (20)
1-3 Tarjei Gjerset Urkedal (28)
2-3 Knut Ivar Bjørlykhaug (65)
3-3 Geir Ove Grønli (74)
4-3 Edward Laverton (86)
5-3 Geir Ove Grønli (89)

Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)

Snittalder: 22,25

Laget: Geir Roar Gamlem – Ole Johan Urke (Elling Mikal Kalvø, 19) (Kristian Furnes, 79), Knut Ivar Bjørlykhaug, Kjell Terje Brusdal (Jan Even Drønnesund, 46), Stein Erik Reitan – André Larsen, Kristian Søviknes (Bee, 79), Kristoffer Søviknes – Skjalg Volstad (Edward Laverton, 46), Geir Ove Grønli, Tarjei Urkedal.

Norborg viste god moral og vann 5-3 etter å ha fått 0-3 i fleisen før 20 minutt var spelt. 1. omgang var jamspelt, medan Norborg styrte alt etter pausen og vann fortent.

Vilje til å gå i duellar såg ut til å vere fullstendig fråverande hos Norborg sine spelarar i 1. omgang. Stordal takka og bukka å scora tre mål på sine fire sjansar dei første 20 minutta. Jahn Morten Overå stussa inn det første målet etter corner før samme mann lobba over keeper Geir Roar Gamlem frå 16 meter etter rot i Norborg sitt forsvar. Det tredje målet kom ved Petter Aksel Kirkebøe på eit skot frå 18 meter. Nok ein gong etter balltap på eigen banehalvdel av Norborg. Norborg hadde i same periode tre gode sjansar, men verken André Larsen, Tarjei Urkedal eller Geir Ove Grønli fann vegen til nettmaskene.

Sjanserikt
Like før halvtimen var spelt greidde så endeleg Norborg å score då Tarjei Urkedal kom seg igjennom å scora via keeper. Trass vind var omgangen underhaldande og sjanserik, og begge lag hadde store sjansar til å score fleire mål. Nærmast var Stordal med eit stolpeskot ti minutt før pause.

Elendig defensiv innsats av Norborg, men ein del positivt offensivt. Åtte gode målsjansar i motvinden er bra mot ein divisjonskollega.

Heimelaget styrer alt
Norborg gjekk på bana med god tru på å snu kampen i 2. omgang, men trass eit solid press, mange hjørnespark og 3-4 sjansar tok det tjue minutt før ein greidde å redusere. Målet kom på eit særs vakkert frispark av Knut Ivar Bjørlykhaug. Frå 20 meter sette han ballen utagbart i krysset. Norborg fortsette å presse på, og i det 70. minutt blir Tarjei Urkedal hekta når han er på veg igjennom. Dommar Steinsbu bles korrekt for straffe. Men som så ofte før greier Kristian Søviknes å sette straffa midt på keeper. Dermed stadig 2-3.

Grønli dobbel
Norborg har likevel meir på lager og Stordal blir omgjort til statistar det siste kvarteret. Geir Ove Grønli utliknar til 3-3 då han lirkar inn ein retur frå eit skot av Tarjei Urkedal. Fem minutt før slutt får Knut Ivar Bjørlykhaug igjen sjansen på frispark frå 20 meter. Denne gong blir skotet blokkert, men Edward Laverton snappar ballen og sette den inn ved bakarste stolpe. I sluttminutta får vi sjå dagens vakraste angrep. Edward Laverton gir til Tarjei Urkedal, som gir til Bee, som perfekt vender spelet til Stein Erik Reitan på høgresida. Han legg perfekt inn til Geir Ove Grønli som header sikkert i mål til 5-3.

Spel mot eitt mål i 2. omgang og god angrepstrening for Norborg. Stordal kom seg ikkje ut av forsvar og fekk store problem mot løpssterke og tekniske Norborg-spelarar. Dermed ein fortent siger til Norborg, sjølv om det såg stygt ut i starten.

Spelande trenar Kristian Søviknes sa dette etter kampen: fin innsats av dei som kjem innpå. Dei er med på å snu kampen frå eit mareritt i defensivt spel til ei grei økt med angrepstrening.