Vestnes Varfjell – Norborg 4-1

Vestnes Varfjell – Norborg 4-1 (0-1)
Vestnes KGB, 27.02.07

10 sjansar 7
4 cornere 5

0-1 Edward Laverton (5)
1-1 Ronny Leikarnes (53)
2-1 Ronny Leikarnes (54)
3-1 Tommy Nerås (75)
4-1 (81)

Laget: Geir Roar Gamlem – Stein Erik Alvestad, Knut Ivar Bjørlykhaug, Kjell Terje Brusdal (Jan Even Drønnesund, 65), Stein Erik Reitan – Kristoffer Søviknes (André Larsen, 57), Kristian Søviknes (Eivind Fjørtoft, 65), Steffen Grytten – Edward Laverton (Espen Solheim, 65), Geir Ove Grønli (Kenneth Vegsund, 46), Tarjei Urkedal

Snittalder: 23,1

Norborg leverte ein særs god første halvtime mot Vestnes Varfjell, og burde ha leia med langt meir enn 1-0. Etter dette tok heimelaget kraftig over og vann fortent etter fire mål i 2. omgang.

Norborg tok leiinga 1-0 ved Edward Laverton før 5 minutt var spelt. Laverton gjorde det meste sjølv dribla seg inn får venstrekanten og scora frå kloss hald. Norborg leverte flott angrepsfotball og både Laverton og Geir Ove Grønli hadde store sjansar til å auke. Sistnemnde kom seg til 3-4 store sjansar utan å score.

Når vi nærma oss pause tok Varfjell meir og meir over og berre eit par klasseredningar frå Geir Roar Gamlem hindra utlikning.

Etter kvilen rakna Norborg. Ein greidde ikkje å halde på ballen meir enn 3-4 trekk og Varfjell fekk kome på overgong etter overgong. Ronny Leikarnes snur kampen på eitt minutt med to scoringar. Det første på innlegg frå høgre, det andre på forsvartabbe av Norborg.

Norborg har lite å stille opp med og Varfjell scorar yttarlegare to mål slik at sluttresultatet blir 4-1.

God første halvtime av Norborg, resten kan ein gløyme.