MSIL – Norborg 0-4 (0-1)
Moa KGB, 31.01.07
4 sjansar 7
9 cornere 5
0-1 Christopher Urkedal (17)
0-2 Steffen Grytten (57)
0-3 André Larsen (63)
0-4 Kenneth Vegsund (80)
Dommar: Jan Lund (Blindheim)
Laget: Geir Roar Gamlem (Trond Elstad, 57) – Stein Erik Alvestad (Kristian Furnes, 73), Knut Ivar Bjørlykhaug (Jan Even Drønnesund, 46), Kjell Terje Brusdal, Stein Erik Reitan (Kristoffer Engeset, 70) – André Larsen (Amund Terøy, 70), Kristian Søviknes (André Larsen, 78), Steffen Grytten (Eivind Fjørtoft, 65), Tarjei Urkedal – Jørn Heggelund (Ole Johan Urke, 57), Christopher Urkedal (Kenneth Vegsund, 73)
Snittalder: 23,5
Tre beste:
Kjell Terje Brusdal
Tarjei Urkedal
Christopher Urkedal
Norborg tok ein klar siger over MSIL onsdag kveld. Etter ein 1. omgang der MSIL var førande i spel og sjansar, var det oransjetrøyene som viste effektivitet og gjekk til pause med leiing. Etter kvila var det liten tvil kva som var det beste laget, og Norborg vann fortent.
Under praktfulle speleforhald på Herd si kunstgrasbane spelte Norborg sin andre treningskamp for året. Nok ein gong var det eit 5. divisjonslag ein møtte, og nok ein gong enda kampen med utklassingssiffer. Men kampen var langt jamnare enn resultatet seie.
Redningar på strek
MSIL var det førande laget dei første 35 minutta, og spelte seg fram til nokre sjansar og ei rekke hjørnespark, men mål vart det ikkje på laget frå Mauseidvåg. To gongar måtte dei sjå avslutningar bli redda på strek.
Effektive Chris
Norborg fekk til lite offensivt, men tok godt vare på det lille ein skapte. På sin første sjanse etter eit drygt kvarter, klinka Christopher Urkedal ballen i mål frå spissen av 5-meteren. Vakkert av vatningen. Christopher hadde også Norborg sin andre sjanse i 1. omgong, men denne gong redda keeper skotet frå 17-18 meter.
Det positive for Norborg i denne omgangen var at ein haldt nullen. MSIL kom seg til 3-4 store sjansar og nokre halvsjansar, men Norborg-forsvaret og keeper Geir Roar Gamlem fekk rydda opp i siste liten. I det offensive var det dårleg rytme, svakt tempo og mange feilpasningar. Dette betra seg dei siste ti minutta.
Full kontroll
Etter den korte kvila viste Norborg seg frå ei langt betre side. Ein starta å vinne duellane og fekk betre flyt og tempo i angrepsspelet. Tolv minutt ut i omgangen doblar ein så leiinga då Steffen Grytten headar inn ein retur på eit innlegg av Stein Erik Alvestad som gjekk i tverrliggjar.
Norborg fortsette å styre kampen, og etter ein times spel aukar André Larsen til 3-0 på eit skot ifrå 12 meter. Dei neste minutta blir kampen prega av mange bytte, og kampen fell i kvalitet. MSIL trugar likevel ikkje Norborg sitt mål, og i det 80. minutt så skyt Kenneth Vegsund inn 4-0 frå 16 meteren. Dette var noko av det siste som skjedde i kampen, for plutseleg slo lyset seg av…
Positiv fotball
Positiv 2. omgang av Norborg der fleire av spelarane tok tak i kampen med hard jobbing og kloke val med ball. Ein fann då langt oftare dei store romma som er på den breie Herdbana, og spelte seg fram til fleire gode sjansar. Defensivt hadde ein full kontroll.
– Uvant å spele fotball, og uvant underlag første delen av første omgang, seie spelande trenar Kristian Søviknes. Etter at oss tek leiinga har oss god kontroll. Første perioden av andre omgang er vi gode. Bra defansiv jobbing, og det skal legge grunnlaget for det offensive. Fire mål mot ein antatt opprykksfavoritt frå 5. divisjon er også akseptabelt. Godt nøgd med samtlege 19 som spelte i dag, seie Søviknes.
Neste kamp for Norborg er 8. februar mot divisjonskollega Ørskog.
Av: FSE