Norborg – Gursken/Larsnes 9-0

Norborg – Gursken/Larsnes 9-0 (3-0)
Uggedal stadion, 11.10.08

20 sjansar 1
10 cornere 0

1-0 Tarjei Gjerset Urkedal (str. 13)
2-0 Kristoffer Søviknes (29)
3-0 Tarjei Gjerset Urkedal (45)
4-0 Kristoffer Søviknes (75)
5-0 Kristoffer Søviknes (76)
6-0 Adrian Håbet (80)
7-0 Kristoffer Søviknes (83)
8-0 Steffen Grytten (88)
9-0 André Larsen (90)

Dommar: Øyvind Kringstad (Valder)
Ass. dommarar: Odd-Even Svindseth (FK Sykkylven) og Dag-Harald Moldskred (Hareid)

Laget: Geir Roar Gamlem – Stein Erik Reitan (Kjell-Terje Brusdal, 85), Roger Grytten, Morten Kalvø, Kristian Furnes (Steffen Grytten, 46) – Ole Johan Urke (Bee, 85), Kristian Søviknes (Adrian Håbet, 46), Asgeir Kalvø (André Larsen, 72), Skjalg Volstad (Johan Stavik, 66) – Tarjei Urkedal (Kristian Søviknes, 85), Kristoffer Søviknes (Geir Ove Grønli, 46) (Kristoffer Søviknes, 75).

Norborg sikra seg opprykk og KM-tittel etter å ha utklassa GuLars i siste kamp. Norborg tok tidleg leiinga og hadde ein komfortabel kamp der det berre var snakk om kor stor sigeren skulle bli. Det stoppa på ni etter seks mål i løpet av det siste kvarteret.

– Då eg takka ja til jobben i desember så hadde eg aldri trudd at vi skulle rykke opp. Eg hadde jo eigentleg lagt opp som trenar, og var litt usikker på kor høgt nivået var. Lag som Ørsta, Bergsøy og Stranda er jo tidlegare lokale toppklubbar, som eg trudde vi ville få det tøft mot. Men vi har jobba godt og alltid vore fokusert på neste kamp, ikkje på tabellposisjon. Det trur eg vi har profitert på. No får vi nyte dette nokre dagar, og så fokusere mot komande oppgåver, sa trenar Ivar Roald. Den første som har ført Norborg opp til 3. divisjon.

Norborg hadde ei oppgåve i denne kampen. Ta tre poeng og dermed vere sikra spel i neste års 3. divisjon. Dette skulle aldri bli noko vanskeleg oppgåve.

I motvinden tok Norborg kommandoen og pressa gjestane tilbake på bana. Dryge ti minutt ut i kampen får vertane lønn for jobbinga då Kristoffer Søviknes blir dytta over ende i straffefeltet. Tarjei Urkedal sette som vanleg ballen i mål frå kritmerket. Norborg fortsette å produsere sjansar på løpande band, men stod ikkje keeper i vegen så var det stolpane.

Så roter GuLars sin midtstoppar det til for seg. Han prøver å drible Tarjei Urkedal. Det gjekk gale og Kristoffer Søviknes kjem å snappar opp ballen å sette den i mål. 2-0, og Norborg har kontroll. Spelet dabba etter dette kraftig, men like før pause aukar toppscorar Urkedal til 3-0.

I 2. omgang tok det lang tid før Norborg starta å produsere sjansar. Defansivt hadde ein full kontroll, men i medvinden vart oppspela for upresise. Kristoffer Søviknes vart teken av bana til 2. omgang, men eit kvarter før slutt fekk arbeidsjernet sleppe til igjen. Det tok då ikkje mange sekunda før André Larsen fann han med ein stikkar i bakrom. Søviknes runder keeper å sette ballen i tomt mål. 5-0 kom like etter. Denne gong var det Adrian Håbet som fann han med ein stikkar. Søviknes trilla ballen forbi keeper og i mål. Måla rann no inn bak den stakkars GuLars-keeperen. 6-0 likna på dei to foregåande. Denne gong var det Ole Johan Urke som fann Håbet i bakrom. Han runda keeper å sette ballen i tomt bur. 7-0 heada Kristoffer Søviknes inn etter legg av Johan Stavik. 8-0 heada Steffen Grytten i mål etter corner frå Kristian Søviknes, og til slutt sette André Larsen punktum då han med eit presist skot sette ballen i mål etter forarbeid av Håbet.

Norborg gjorde ikkje meir enn nødvendig i denne kampen. Det var berre periodevis ein skrudde opp tempoet, som det siste kvarteret då ein verkeleg viste at det var divisjonsforskjell på laga. Banens klare ener var Kristoffer Søviknes. Fire mål i tillegg til knallhard jobbing. Unge Søviknes har på kort tid blitt ein av Norborgs viktigaste spelarar med fart og innsats.

Dette var sesongens siste kamp og Norborg er klare for 3. divisjon for første gong i historia. Ei åtte år gamal målsetting om spel på øvste sunnmørske nivå har blitt realisert. Så får tida vise om ein greier utfordringa på dette nivået. For å greie det må samtlege spelarar fortsette til neste år.


B.f.v. Trenar Ivar Roald, Elling Mikal Kalvø, Johan Stavik, Knut Ivar Bjørlykhaug, Roger Grytten, Morten Kalvø, Geir Ove Grønli, Ole Johan Urke, Kristian Furnes, Phongrapee “Bee” Kaeokhao, Steffen Grytten, Kristian Søviknes, lagleiar Frode Stormyr Engeset og Jan Even Drønnesund.
F.f.v. Skjalg Volstad, Stein Erik Reitan, Kjell-Terje Brusdal, André Larsen, Geir Roar Gamlem, Tarjei Gjerset Urkedal, Kristoffer Søviknes, Adrian Håbet og Asgeir Kalvø. Stein Erik Alvestad, Kim Idar Krogsethagen, Edward Laverton, Øyvind Farstad og Kenneth Vegsund manglar på biletet av dei som har spelt 4. divisjonsfotball for Norborg i år. Oppmann Bjørn Reitan manglar også.

På notisblokka:
1 min: Tarjei kjem rundt på venstresida, skjer inn mot mål å skyt, men keeper redda.
12 min: Kristoffer dytta i bakken. Straffe!
13 min: 1-0. Tarjei sette straffa sikkert i mål.
14 min: Skjalg og Kristoffer åleine med keeper. Skjalg avsluttar sjølv. Keeper redda.
15 min: Corner av Kristian S. blir redda på strek.
16 min: Geir Roar reddar GuLars sitt einaste forsøk i heile kampen. Skot frå 16 meter.
18 min: Ole Johan headar ein corner frå Kristian S. i stolpen.
19 min: Tarjei skyt i stolpen. Kristoffer putter returen i mål, men avvinka for offside.
29 min: 2-0. Kristoffer sette ballen i mål etter at Tarjei forstyrrer midtstopper.
40 min: Tarjei sette innlegg frå Skjalg over mål.
44 min: Tarjei får skot blokkert til corner.
45 min: 3-0. Tarjei dunker ballen i mål frå kloss hald.

65 min: Steffen legg til Grønli som headar utanfor frå 8 meter.
68 min: Tarjei hekta på veg igjennom, men dommar vinkar spelet vidare.
69 min: Johan skyt i tverrliggjar.
71 min: Tarjei åleine med keeper. Avsluttar utanfor.
75 min: 4-0. Kristoffer spelt fri av André. Runder keeper å scorer.
76 min: 5-0. Kristoffer spelt fri av Adrian. Sette ballen i mål åleine med keeper.
80 min: 6-0. Adrian spelt igjennom av Ole Johan. Runder keeper å scorer.
83 min: 7-0. Johan legg til Kristoffer som headar i mål.
87 min: Trippelsjanse Norborg, men Gulars får redda.
88 min: 8-0. Steffen headar corner frå Kristian S. i mål frå bakarste stolpe.
89 min: Johan skyt, men keeper reddar. Bee får ikkje satt retur i mål.
90 min: 9-0. André med lavt skot nede ved stolpen etter at Adrian kom seg rundt på høgre å la 45.


Klare for 3. divisjon!!! Her med oppmann Bjørn Reitan som nr. 2 b.f.v.