Ørskog – Norborg 3-2

Ørskog – Norborg 3-2 (2-0)
Ørskog gras, 04.11.08

8 sjansar 7
3 cornere 9

1-0 Sigve Rørstad (32)
2-0 Bjørnar Kvamme (40)
2-1 Tarjei Urkedal (49)
3-1 Frank Abelseth (58)
3-2 André Larsen (94)

Dommar: Tor Bjermeland (Herd)
Ass. dommarar: Odd Arne Grande (Skodje) og Mikal Skodjereite (Skodje)

Laget: Geir Roar Gamlem – Elling Mikal Kalvø, Kjell-Terje Brusdal (Bee, 75), Morten Kalvø, Roger Grytten – Ole Johan Urke (Knut Ivar Bjørlykhaug, 78), Kristian Søviknes (André Larsen, 46), Stein Erik Reitan (Jan Even Drønnesund, 88), Skjalg Volstad (Kristoffer Søviknes, 60) (Johan Stavik, 81) – Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes (Geir Ove Grønli, 38).

Ørskog viste ingen nåde mot nabo Norborg og behaldt alle poenga grunna hard jobbing og ein aktiv Sigve Rørstad. Norborg spelte under pari og var ikkje på hogget.

Mange Norborg-supportarar tok turen til Sjøholt for å sjå oransjetrøyene sikre seg eit godt utgangspunkt i opprykksstriden før siste runde. Desse fekk sjå eit Norborg-lag som skuffa stort, men sidan nær sagt alle andre resultat gjekk vegen, så er Norborg stadig i førarsetet.

Norborg starta bra
Gjestane starta best og kom seg til tre avslutningar dei første fem minutta, men korkje Ole Johan Urke, Morten Kalvø og Tarjei Urkedal fann vegen til nettmaskene. Etterkvart kjempa Ørskog seg inn i kampen og spesielt Sigve Rørstad på venstrekant sette ein støkk i norborgarane med sin fart og teknikk.

Rørstad presenterer seg
Etter å ha svidd to sjansar får Rørstad god tid like utafor 16 meteren og sette ballen stolpe inn. 1-0, og Norborg er rysta. Like etter er det berre ei fantastisk redning av Geir Roar Gamlem som hindra 2-0 ved Nils Petter Dyrkorn etter godt forarbeid av Rørstad.

Ørskog skulle likevel doble leiinga før pause då Sigve Rørstad skyt ballen inn i feltet og Bjørnar Kvamme krigar den i mål. Norborg er tafatt og står på helane mot Ørskog sine krigarar.

Tidleg redusering
Norborg trengte ei tidleg redusering etter kvila og fekk det då Tarjei Urkedal stanga inn eit innlegg frå André Larsen. Nokre minutt seinare er ein nær utlikning då Geir Ove Grønli klinka ballen i tverrliggjar og ned på strek, men i staden for 2-2, er det Ørskog og Frank Abelseth som headar inn 3-1 etter corner.

Alle mann i angrep
Norborg sender stadig fleire mann i angrep etterkvart som minutta gå, og Ørskog får fleire overgongar etter ballmiss frå Norborg. Desse blir dårleg utnytta og då André Larsen stusser inn eit frispark frå Bee fire minutt på overtid har oransjetrøyene håp om poeng. Ballen blir pumpa opp i Ørskog sin 16 meter og 6 minutt på overtid får Johan Stavik sjansen, men skotet hans frå 17 meter fyk over mål. Dermed 3-2 til heimelaget.

Ørskog ville mest og vann duellane mot tafatte og paralyserte norborgarar. Det var dermed ingenting å seie på at poenga vart verande på Sjøholt. Best på Norborg var keeper Geir Roar Gamlem. Geir Ove Grønli og André Larsen hadde gode innhopp, medan Tarjei Urkedal alltid jobbar godt på topp sjølv om han ikkje lykkast med alt denne gong. Elles skal laget ha kredit for at ein stod på til siste sekund og aldri gav opp.

Norborg møter Gursken/Larsnes i sin siste kamp for året laurdag kl. 15 på Uggedal stadion.

På notisblokka:
3 min: Ole Johan kjem seg inn frå venstrekant og skyt frå 18 meter, men keeper redder til corner.
4 min: Morten headar corneren mot mål der Tarjei er å stussa den over mål.
5 min: Ny avslutning frå Tarjei. Skot frå 15 meter utan resultat.
10 min: Sigve Rørstad med stor sjanse, men Geir Roar reddar fantastisk avslutninga frå 10 meter.
16 min: Rørstad snappar opp ballen og kjem seg inn i straffefeltet, men Geir Roar reddar skotet.
32 min: 1-0. Rørstad sette ballen stolpe inn frå 17 meter.
33 min: Rørstad kjem seg rundt på venstre, legg 45 til Nils Petter Dyrkorn, men Geir Roar reddar.
40 min: 2-0. Bjørnar Kvamme krigar inn ein Rørstad-ball.
49 min: 2-1. Tarjei headar inn redusering frå bakarste etter frispark av André.
57 min: Grønli skyt i tverrliggjar og ned på strek. Norborg får ikkje kjempa inn returen.
58 min: 3-1. Frank Abelseth headar i mål etter corner.
72 min: Grønli med heading rett på keeper frå god posisjon etter frispark frå André.
74 min: Rørstad med stor sjanse, men lobbar over keeper og til side for mål.
94 min: 3-2. André stussar inn frispark frå Bee.
96 min: Johan forsøker seg frå 17 meter, men ballen går over mål.