Stranda – Norborg 1-4

Stranda – Norborg 1-4 (1-3)
Stranda stadion, 04.09.08

5 sjansar 10
10 cornere 5

1-0 Kent Runar Vad (8)
1-1 Tarjei Urkedal (18)
1-2 Tarjei Urkedal (20)
1-3 Skjalg Volstad (32)
1-4 Morten Kalvø (63)

Dommar: Sindre Eikrem (MSIL)
Ass. Dommarar: Ernst Myhre (Spjelkavik) og Helge Tryggestad (Sunnylven)

Laget: Geir Roar Gamlem – Elling Mikal Kalvø, Roger Grytten, Morten Kalvø, Kristian Furnes – Ole Johan Urke (Bee, 51), Kristian Søviknes, Stein Erik Reitan, Skjalg Volstad (Asgeir Kalvø, 76) – Kristoffer Søviknes, Tarjei Urkedal (Jan Even Drønnesund, 79).

Norborg tok ein særs viktig siger over topplaget Stranda torsdag kveld og er no oppe på opprykksplass fem rundar før slutt. I denne toppkampen la Norborg ned klart mest arbeidsinnsats og vann fortent.

Historisk
Norborg har gode minner frå Stranda stadion. I 2003 sørgja eit hat-trick av Kim Idar Krogsethagen at Norborg tok sin første siger i 4. divisjon på 20 år. Året etter gav same guten Norborg tabelltopp med ei scoring fire minutt på overtid. No var det på tide å få nye høgdepunkt frå Stranda…

Før kampen
Kampen fekk til og med eit lite oppslag i Sunnmørsposten denne første torsdagen i september. Der meinte Stranda-trenar Ronny Ødegård at det var Norborg som hadde presset på seg til å vinne. Norborgarane følte imidlertid ikkje noko press. Det er ikkje vi som har som mål å rykke opp, kom det derifrå. Vi kan tape både denne og ein til, vart det poengtert på veg til Stranda. Norborg og Stranda har elles eit godt forhold til kvarandre. Noko som også vart poengtert i Sunnmørsposten.

Dramatikk
Tre minutt før kampstart starta så dramatikken. Asgeir Kalvø vart plutseleg dårleg og spydde seg ut av laget. Etter kampen var det Bee som vart dårleg og fekk kjøre i ambulanse frå Liabygda til Valldal. Han fekk truleg ein allergisk reaksjon, men var bra igjen utpå kvelden og møtte til trening dagen etter.

Kampen
Det var heimelaget som kom best i gong og allereie i det 8. minutt fekk Kent Runar Vad stjernetreff frå 25 meter og ballen suste inn i nota. 1-0, og stor jubel hos heimelaget og deira supporterar. Få minutt etter er Christian Malmo nær ved å doble leiinga, men styrer eit innlegg like utafor.

Effektiv fotball
Etter kvart starta Norborg-maskineriet å kome i gong, og på tre minutt snur ein kampen til 2-1 leiing. Begge måla signert Tarjei Urkedal, og begge etter forarbeid av banens beste, Kristoffer Søviknes. 1-1 kom på retur frå keeper Thomas Hove etter skot av Søviknes. Urkedal fekk ei enkel oppgåve å putte ballen i mål frå kloss hald. 2-1 kom på ei heading etter flott innlegg.

Stranda mangla kreativitet og innsats i denne perioden, og truga Norborg stort sett berre på dødballar. Norborg misser også lett ballen, men viser høgre innsats og glimtvis kva som bur i laget. Ikkje minst var effektiviteten særs god før pause og Skjalg Volstad sette inn 3-1 på Norborg sin tredje sjanse. Unge Volstad har no scora i tre kampar på rad.

Kalvø punkterer kampen
Norborg startar 2. omgangen best og er farleg frampå fleire gongar. Blant anna sette Skjalg Volstad eit frispark i krysset og ut. Dryge kvarteret ut i omgangen aukar ein så til 4-1 då Morten Kalvø forfølgjer ein høg ball inn i straffefeltet frå Kristian Søviknes. I kamp med ein forsvarar tuppar han ballen i nota bak keeper Hove.

Store sjansar
I det siste kvarteret opnar kampen seg opp, og begge lag har sjansar til å lage fleire mål. Stranda avslutta ein gong i stolpen, Norborg sin Elling Mikal Kalvø fekk ei avslutning redda på strek, medan Jan Even Drønnesund stadig må vente på sitt første seriemål då han avslutta utafor åleine med keeper.

Høg innsats
Norborg ville mest i denne kampen og imponerte med høg effektivitet før pausen og godt spel etter. Då greidde ein å halde ballen mykje meir i laget og skapte fleire sjansar etter godt spel gjennom midtbana. Stranda skuffa stort og vart tydeleg stressa då Norborg tok leiinga.

Norborg og banens beste var Kristoffer Søviknes. Han la ned ein enorm innsats, samtidig som teknikk og løp stemte. Berre målet mangla for den yngste Søviknes i denne kampen. Midtstopparane Morten Kalvø og Roger Grytten var også særs gode og slapp ikkje Stranda sine spissar til.

– Vi var gode i dag og vann fortent. No skal spelarane få nyte denne sigeren gjennom helga, men neste veke må vi kome ned igjen på jorda å legge ned ein knallhard arbeidsinnsats, sa ein nøgd trenar Ivar Roald etter kampen.

Dommartrio
Særs god dommartrio. Sindre Eikrem dømmer solid og med glimt i auge, medan Norborg-kaptein Kristian Søviknes og ass. dommar Ernst Myhre fortsette diskusjonen dei har hatt dei siste åra om kvar ballen skal ligge på hjørnespark.

Publikum
Om lag 200 møtte opp for å sjå toppkampen. Dei fekk kose seg over at det berre stod ti norborgarar oppstilt til kampstart og at Stranda tok leiinga tidleg i kampen. Etter dette vart nok sinna deira like grått og trist som veret. For heimelaget var ikkje i nærleiken av poeng denne kvelden.

Neste oppgåve for Norborg er lokalderbyet mot HaNo på Uggedal stadion laurdag 13. september kl. 15.

Kamputvikling
8 min: 1-0. Kent Runar Vad får stjernetreff frå 20 meter etter svak klarering på corner.
12 min: Christian Malmo med stor sjanse etter innlegg. Avsluttar utanfor med undersida av foten.
18 min: 1-1. Kristoffer skyt og keeper må gi retur. Den sette Tarjei nådelaust i mål.
20 min: 1-2. Tarjei header eit innlegg av Kristoffer i mål.
32 min: 1-3. Skjalg sette ballen under keeper og i mål.
35 min: Tarjei med stor sjanse, men treff ikkje reint på innlegg frå Skjalg.
49 min: Tarjei testar skotfoten, men utanfor.
52 min: Skjalg sette frispark i krysset.
63 min: 1-4. Morten førfølgje eit oppspel frå Snes og tuppar ballen i mål i kamp med ein forsvarar.
75 min: Elling Mikal får god tid til å skyte frå 5 meter etter corner, men redning på strek.
77 min: Volley-skot like utafor av Stranda.
81 min: Kristoffer spelar fri Jan Even. Han får god tid åleine med keeper, men avslutta utanfor.
82 min: Stranda skyt i stolpen.
85 min: Stein Erik dempar ballen på 16, men skyt utanfor.


Ti-manns Norborg klare til kamp…


Stranda har fått seg flott resultattavle i år. Resultatet var endå flottare…


Glade målscorarar og ein nøgd trenar i haustmørket på Stranda KGB.