Valder – Norborg 6-0 (3-0)

Valder – Norborg 6-0 (3-0)
5. divisjon, Valdervoll KGB, 10.10.2024

1-0 Liam Nordstrand Nilsen (13)
2-0 Ruben Haram Johnsen (17)
3-0 Matteo Grønnevik Langlo (26)
4-0 Ruben Haram Johnsen (47)
5-0 Daniel valderhaug Molnes (52)
6-0 Are Molnes (70)

Norborg vart blåst av bana av eit heiltent heimelag på Valdervoll torsdag kveld. Valder har vist svak form i lengre tid og berre vunnet 1 av dei siste 8 kampane. Torsdag kveld sette dei verkeleg inn støtet mot våre gutar for å forsegle vidare spel i 5. divisjon. Liam Nordstrand Nilsen, Ruben Haram Johnsen og Matteo Grønnevik Langlo sørga for 3-0 før halvtimen var spelt. Eit Norborg-lag som mangla mange spelarar hadde lite å stille opp med og vi fekk nærmast ein reprise av 1. omgang etter pause. Ruben Haram Johnsen scora sitt andre mål før to minutt var spelt av 2. omgang og Daniel Valderhaug Molnes gjorde 5-0 få minutt seinare. Are Molnes fastsette sluttresultatet til 6-0 tjue minutt før slutt. Norborg står no med tre strake tap etter den fine starten på haustsesongen, men ein er framleis på trygg grunn sidan både Emblem og Volda2 tapte sine kampar. Neste kamp er heime mot Spjelkavik2 på torsdag kl. 1830. Spjelkavik2 sikra seg KM-tittelen i 5. divisjon med sin siger over NTNUIÅ. Vi gratulerer! Gratulerer også til Markus Torgersen som fekk sin A-lagsdebut.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Lars Alvestad Mikalsen (Markus Søvik Gunnarsson, 52), Oliver Gamlem, William Jenssen Grytten, Tobias Jensen, Niklas Rekdal, Nicholas Kvammen, Nikolai Jensen, Robin Endré Hånde, Tarjei Urkedal, Markus Torgersen (Ruben Stavik, 73).