Tapte for NTNUIÅ

Norborg måtte sjå seg slått 0-3 av studentane i Ålesund. Norborg starta kampen bra og burde ha tatt leiinga ved Tarjei Urkedal då Asgeir Kalvø kom seg rundt på kant og spelte inn til Urkedal, som frå 5 meter avslutta utanfor. Niklas Rekdal hadde også ein god sjanse nokre minutt seinare, men også her gjekk skotet like utanfor mål. Mot slutten av omgangen tok NTNUIÅ meir over og fire minutt på overtid gjorde dei 0-1 på frispark av Herman Johnson. Ein spelar Norborg meinar ikkje burde ha spelt sidan han ikkje har sona for 6 gule kort. 2. omgang starta på verst tenkeleg måte for heimelaget då Sondre Rui Hansen banka inn 0-2 etter corner før to minutt var spelt. Norborg var rysta og NTNUIÅ var nære eit tredje må få minutt seinare, men denne gong stod aluminiummet i vegen. Norborg skapte etter kvart eit par gode sjansar ved Eirik Vågnes og Tarjei Urkedal, men avslutningane gjekk ikkje mellom stolpane. I staden punkterer Glenn Are Elveseter kampen ti minutt før slutt. Norborg har etter ein god periode to strake tap og har igjen rota seg ned i botnstrid. NTNUIÅ passerte Norborg på tabellen med betre målskilnad, medan Emblem ligg poenget bak og Volda2 yttarlegare eitt poeng bak. NTNUIÅ viste seg som eit bra lag, men dei høyre vel meir heime i bedriftfotballen enn hos fotballkretsen..? Får vi sjå Vard, Sparebanken Møre og Høgskulen i Volda med eige lag i framtida?