Norborg – Bergsøy 2-0 (1-0)
Uggedal stadion, 08.05.08
8 sjansar 6
3 cornere 6
1-0 Tarjei Gjerset Urkedal (29)
2-0 Morten Kalvø (69)
Tilskodarar: 107
Dommar: Christer Jensen (AaFK)
Assistentdommarar: Odd-Even Svindseth (FK Sykkylven) og Mevludin Ribic (VRF)
Laget: Geir Roar Gamlem – Stein Erik Alvestad , Roger Grytten, Morten Kalvø, Kristian Furnes – Kristian Søviknes (Ole Johan Urke, 85), Steffen Grytten, Adrian Håbet, Stein Erik Reitan (Kristoffer Søviknes,58) – Tarjei Urkedal (Skjalg Volstad, 75), Geir Ove Grønli (Bee, 46).
Eit hardtkjempande Norborg-lag behaldt alle poenga i toppkampen mot Bergsøy. Eitt mål i kvar omgang og solid defensiv jobbing gav ein fortent siger.
– Å slå Bergsøy er ein sterk prestasjon, men vi visste det var mogeleg dersom alt klaffa og vi gjorde arbeidsoppgåvene våre. Synest vi turte å halde litt meir på ballen i denne kampen og leverte god innsats mot det som hittil har vore den tøffaste motstanden i 4. divisjon, sa trenar Ivar Roald etter kampen.
Norborg stilte nær fulltaleg, medan Bergsøy mangla Lars Conradi Andersen, Frank Sverre Skorpen og Thomas Sætre Hauge i denne kampen. Håpet om poeng steig dermed blant norborgarane.
Bergsøy starta best
Norborg fortsette å vinne fotballkampar og har fått ein særs god start på årets sesong. Det var likevel gjestane frå Fosnavåg som starta kampen best. Dei vann duellane og viste individuelt god teknikk. Både Anders Vaagsholm, Steffen Kvalsund og Daniel Kvalsvik hadde sine sjansar det første kvarteret, men enten stod keeper Geir Roar Gamlem i vegen, eller så gjekk avslutningane utanfor.
Keepertabbe gav mål
Heimelaget starta så gradvis å vinne duellane. Spesielt Steffen Grytten på sentral midtbane tok tak og saman med teknisk gode Adrian Håbet var det Norborg som styrte meir og meir. Tjue minutt ut i omgangen slår Stein Erik Reitan ballen inn i straffefeltet. Keeper Toni Sandanger ser ut til å ha kontroll, men ballen får ein voldsam sprett og går over han. Bak lurer alltid løpsvillege Tarjei Urkedal og headar ballen i nota.
Ti minutt før pausen var Norborg nær å doble leiinga, men Steffen Grytten si heading etter corner vart redda på strek. Dermed gjekk heimelaget til pausen med 1-0 i ein fartsfylt og jamn omgang.
Kalvø-brasse
Etter kvila hadde Norborg god kontroll. Forsvaret var kontant, medan midtbane og angrep jobba hardt defensivt. Bergsøy greidde aldri å etablere noko trykk mot heimelaget. Det var dermed fortent at Morten Kalvø på elegant vis saksesparka inn 2-0 etter eit godt frisparkinnlegg av Kristian Furnes. Dette var for øvreg Kalvø sin kamp nr. 100 i Norborg-trøya.
Nokre minutt seinare greidde Bergsøy å truge Norborg sitt mål, men keeper Geir Roar Gamlem slår til corner. Den første av tre strake, men sjølv om alle var farlege haldt Norborg nullen. På slutten av kampen er Norborg nær 3-0 då Adrian Håbet får stå åleine innafor straffefeltet, men skotet går over. Etter fire minutt tillegg vel dommar Christer Jensen å blåse av til Norborg-siger.
God innsats av alle Norborg-spelarar, men skal vi trekke fram nokon må det vere Morten Kalvø, som var klippe i forsvaret og noterte seg også for eit mål. På midtbana jobba og sleit Steffen Grytten gjennom heile kampen og vann duell på duell.
Norborg skal ut i ny toppkamp komande torsdag kl. 1830. Då bortekamp mot Herd.
På notisblokka:
1 min: Bergsøy med halvsjanse. Flikk i retning kryss etter innkast. Geir Roar Gamlem har kontroll.
3 min: Anders Vaagsholm med stor sjanse etter forarbeid av Steffen Kvalsund. Geir Roar redder.
5 min: Kvalsund med lobb på Geir Roar, men treff ikkje mål.
16 min: Daniel Kvalsvik testar skotfoten, men utafor.
18 min: Morten Kalvø skyt over etter corner.
20 min: 1-0. Stein Erik Reitan slår inn i 16 meteren. Ballen sprett over keeper og Tarjei headar i mål.
22 min: Steffen Grytten med heading over frå god posisjon.
35 min: Steffen Grytten header, men redning på strek av ein Bergsøy-spelar.
52 min: Tarjei Urkedal spelt i bakrom. Tupper ballen over krysset.
69 min: 2-0. Morten brasser i mål etter at Bergsøy ikkje fekk klarert eit frispark frå Kristian Furnes.
71 min: Tarjei rundt på venstresida, legg på bakerste til Kristoffer Søviknes som avslutter i stolpen.
73 min: Bergsøy farleg frampå, men Geir Roar får gitt til corner. Bergsøy skyt, men Morten blokker.
74 min: Geir Roar reddar meisterleg heading frå medspelar Morten Kalvø. Skulle vore frispark til Morten
90+3 min: Adrian Håbet står åleine omtrent på straffemerket, men skyt over.
Morten Kalvø gjer seg klar til brassespark…
..og ballen snik seg i mål.
Morten synst Geir Roar hadde for lite å gjere i denne kampen, og gir han litt arbeid.
Glade målscorarar. Tarjei Urkedal og Morten Kalvø.