Norborg – Sykkylven 1-4 (0-3)

Norborg – Sykkylven 1-4 (0-3)
5. divisjon, Uggedal stadion, 29.08.2024

0-1 Mateo Hovet-Cruz (11)
0-2 Marcus Mandal-Bueide (13)
0-3 Mateo Hovet-Cruz (17)
1-3 Nicholas Kvammen (53)
1-4 Ask Støylen (90)

Sjansar: 6-12
Cornere: 8-4

Norborg fekk i starten av kampen bakoversveis av to raske og gode Sykkylvs-spissar, og måtte plukke ballen ut av nettet heile tre gongar. Kampen var i realiteten punktert, men Norborg skal ha for å aldri gi opp og løfte seg etter den tøffe opninga.

Etter ein oppløftande periode med tre strake sigrar kom Norborg raskt ned på jorda igjen når Sykkylven stod på andre sida. No må vi nevne at ein mangla 6 av dei som starta mot Brattvåg2 og 3 av dei som starta mot Giske, men på papiret så stilte ein likevel ikkje med eit svakt lag mot Sykkylven. Norborg stod høgt i bana og skapte også første sjansen etter eit frisparkoppspel av Lars Mikalsen. Avslutninga  bortaste stolpe gjekk diverre utanfor. Så fekk vi 6 horrible minutt av Norborg. Tre kontringar og tre mål. Først fekkMateo Hovet-Cruz eit oppspel mot venstresida, han skar skrått inn i 16 meteren og sette ballen i nota ved lengste stolpe. To minutt seinare gamblar keeper Olsen på å rykke ut for å klarere ein ball, men kom akkurat for seint og måtte sjå Marcus Mandal-Bueide skru ballen forbi seg og i mål frå 30 meter. Gjestane fortsette å få overgangar, men er særs heldig då Hovet-Cruz sette inn 0-3 etter at keeper Olsen kastar seg inn i ein situasjon for å ta ballen, glapp så den sleipe ballen og Hovet-Cruz sette den i tomt mål. Trenar Rekdal gjer då eit taktisk grep og lykkast med det. Ein demma i alle fall meir opp resten av omgangen.

Norborg starta 2. omgang godt og fekk ei tidleg redusering då Ole Martin Fevåg slo ein fin stikkar til Nicholas Kvammen, som scora sikkert åleine med keeper. Ungguten scora sitt første seriemål sist veke og følgte flott opp no. Torbjørn Grytten var nær ny redusering minuttet seinare, men keeper fekk redda til corner. Etter den gode opninga av heimelaget var det gjestane som skapte dei fleste sjansane dei siste tjue minutta. Mandal-Bueide avslutta i tverrliggjaren eit drygt kvarter før slutt, medan Ask Støylen auka til 1-4 på overtid etter ei ny kontring. Fem minutt på overtid var Anders Toven nær ved å pynte på resultatet, men måtte sjå sitt skot gå i tverrliggjaren. Dermed endar det 1-4.

Norborg skal på torsdag ut i ein særs viktig heimekamp mot Emblem. Siger her vil gi eit godt utgangspunkt for resten av hausten.

Laget: Ronald Søvik Olsen –  Oliver Gamlem (Markus Søvik Gunnarsson, 76), Lars Mikalsen (Ole Martin Fevåg, 23) (Marius Dulgheru, 85), Anders Toven, Tobias Hellem, Torbjørn Grytten (Robin Hånde, 68), Adrian Andrukiewicz, Nicholas Kvammen, William Jenssen Grytten (Sebastian Vågø, 76), Kristoffer Søviknes (Andreas Larsen Beite, 76).