Giske – Norborg 0-1 (0-0)

Giske – Norborg 0-1 (0-0)
5. divisjon, Giske stadion, 22.08.2024

0-1 Nicholas Kvammen (67)

Norborg tok tre ekstremt viktige poeng i bortemøtet med Giske under vanskelege speletilhøve. Ein sterk vind øydelagde det meste av spelet, men halvvegs ut i 2. omgang fekk iallefall Norborg til eit flott angrep som resulterte i mål ved Nicholas Kvammen.

Norborg hadde mista ein del spelarar sidan sist kamp mot Brattvåg2, men stilte likevel med eit lag som absolutt burde gi Giske hard kamp. Eit lag som vart spådd heilt i toppen av divisjonen, men som har hatt ein vanskeleg periode og stod med fem strake tap før denne kampen.

Første omgang starta jamnt, men Norborg tok gradvis meir og meir over spelet fram til det blåste opp. Då fekk Norborg kraftig motvind og hadde problem med å spele seg framover på bana. Heimelaget fekk heller ikkje mykje til og laga gjekk til pause med 0-0. Etter pause fekk Norborg medvind og tok umiddelbart kommandoen. Før minuttet var spelt small det i stolpen etter eit skot av Ruben Holmeset. Halvvegs ut i omgangen lykkas ein endeleg då Tobias Flem Hellem vann andreball etter eit langt frisparkoppspel frå Lars Mikalsen. Hellem spelte til Ruben Holmeset utanfor kanten av 16 meteren. Ruben har ikkje spelt mykje fotball dei siste åra, men viste at ferdigheitene og rykket framleis er intakt og fossa ned mot kortlinja før han fann Nicholas Kvammen framfor mål som dunka inn 0-1. Norborg hadde etter dette grei kontroll og tok tre fortente poeng.

Norborg har med tre strake sigrar utan å sleppe inn mål kome seg opp på 8. plass på tabellen. Mest truleg er det berre 11. plassen som gir nedrykk sidan det er to lag som kjem opp frå 6. divisjon, men dette er avhengig av sunnmørslaga i 3. divisjon. Bergsøy2 og Sæbø har som kjent trekt seg frå divisjonen som opprinneleg hadde 13 lag.

Norborg skal no ut i to heimekampar. Sykkylven ventar torsdag 29. august kl. 1830 i Uggedalen.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Tobias Flem Hellem, Tobias Jensen, Anders Toven, Oliver Gamlem, Torbjørn Grytten (Lars Mikalsen, 46) (Andreas Larsen Beite, 73) (Robin Endré Hånde, 82), Nikolai Jensen, Ruben Holmeset, Nicholas Kvammen, Kristoffer Søviknes (Tarjei Urkedal, 60), Niklas Rekdal.