Midsund – Norborg 1-3

Midsund – Norborg 1-3 (0-1)
Midsund KGB, 29.03.08

1 sjansar 9
2 cornere 7

0-1 Geir Ove Grønli (25)
0-2 Steffen Grytten (str. 51)
0-3 Tarjei Urkedal (66)
1-3 Andreas Bjørnerem (74)

Laget: Geir Roar Gamlem – Kristian Furnes, Roger Grytten, Jan Even Drønnesund (Kjell Terje Brusdal, 46), Kristoffer Søviknes – Kristian Søviknes (Ole Johan Urke, 46) (Kristian Søviknes, 71), André Larsen (Bee, 61), Steffen Grytten, Stein Erik Reitan (Eivind Fjørtoft, 61) – Tarjei Urkedal, Geir Ove Grønli (Skjalg Volstad, 46)

Norborg gjorde nok ein solid kamp og hadde få problem med å vinne over 4. divisjonslaget Midsund og var nær ein større siger.

Norborg viste seg tidleg som det beste laget. Spesielt første halvtimen var Norborg gode, men makta berre å score ein gong på fem klare sjansar. Ein vart i tillegg snytt for eit soleklart straffespark då Tarjei Urkedal vart reven ned i straffefeltet. Norborg sitt mål kom etter eit godt innlegg frå høgre av Stein Erik Reitan som Geir Ove Grønli heada sikkert i mål frå 10 meter.

Heimelaget skapte særs lite. Nokre skot frå distanse var det vi noterte oss frå blåtrøyene.

Norborg starta best også etter pausen. Fem minutt ut i omgangen går ein Midsund-spelar hardt i ryggen på Kristoffer Søviknes og dommaren peikar på straffemerket. Steffen Grytten sette sikkert inn straffa til 2-0. Eit kvarter seinare punkterar Tarjei Urkedal kampen med ei vakker scoring. Bee slår ei krempasning i bakrom til Tarjei som på første touch sender ballen over keeper og i nettet. Norborg har i tillegg til dette gode sjansar ved Urkedal, Skjalg Volstad og Eivind Fjørtoft. Sistnemndes heading fekk keeper så vidt slått i stolpen og ut. I staden for Norborg-scoring var det Midsund som fekk eit trøystemål på eit vakkert skot i krysset frå 25 meter av Andreas Bjørnerem.

Tarjei Urkedal var Norborg sin beste spelar.

Neste kamp er mot Stordal. Den skal etter planen gå laurdag kl. 14 på Stordal KGB.