Norborg – Vigra 1-0

Norborg – Vigra 1-0 (0-0)
Herd KGB, 01.03.08

? sjanser ?

1-0 Eivind Fjørtoft (87)

Laget: Geir Roar Gamlem – Kristian Furnes, Elling Mikal Kalvø, Roger Grytten, Kristoffer Søviknes (Kjell Terje Brusdal, 70) – Skjalg Volstad, André Larsen, Geir Ove Grønli, Ole Johan Urke (Knut Ivar Bjørlykhaug, 46) – Adrian Håbet, Kjell Terje Brusdal (Eivind Fjørtoft, 46).

Eit svært så ungt Norborg-lag slo divisjonskollega Vigra 1-0 i vinterserien på Herd KGB laurdag. I ein kamp som Norborg hadde kontroll på frå start til slutt, vart det mykje sjansesløsing + ein svært god Vigrakeeper som gjorde at det fyrst eit par-tre minutt før slutt skulle lykkast å få mål og det var Eivind Davik Fjørtoft som nærmast knea inn sigersmålet etter ein corner.

Norborg styrer 1. omgang
I fyrste omgang hadde Vigra eit stolpeskot, ellers var keeper Geir Roar Gamlem stort sett arbeidsledig. Men sjølv om Norborg styrte spelet sleit dei både med utteljing og til dels også med mottak og siste pasninga vart ofte litt for upresis. Likevel såg vi til tider godt angrepsspel der dei kom seg rundt på kantane og fekk slått innlegg. Nærast mål var André Larsen då han skaut i stolpen og Kjell Terje Brusdal som sette returen rett på keeper. Den same gode keeperen måtte hente fram ei feberredning då Adrian Haabet kom gjennom. Norborg burde ha leia klart til pause medan Vigra mest kunne takke ein god keeper for at dei heldt nullen.

2. omgang litt jamnare
Trenar Ivar Roald som m.a. på grunn av sjukdom berre hadde med seg 13 spelarar og vi noterte at fleire av dei rutinerte mangla, bytte inn dei to siste i pausa. Igjen såg vi at Norborg dominerte banespelet men Vigra stod litt høgare på bana med laget denne omgangen og var litt meir med. Likevel hadde også eit ungt Vigralag (bortsett frp superveteran Arild Aarset) svært lite å fare med framover. Det var difor heilt fortent då Eivind fekk sette inn sigersmålet etter ein corner berre eit par-tre minutt før slutt. Dette skjedde like etter at Vigra hadde skifta keeper.

Mykje positivt av Norborg
På tross av dårleg utteljing såg vi mykje brukbart angrepsspel og i forsvaret hadde Roger Grytten & co. full kontroll. Med tanke på at dei mangla fleire av dei “faste”, ser det bra ut vel ein månad før seriestart for Ivar Roald sitt lag. Norborg har no slått ÅVK og Vigra i si pulje i vinterserien og skal neste laurdag møte GuLars i siste kampen.

Referat av Helge Uggedal