Vestnes Varfjell – Norborg 3-2

Vestnes Varfjell – Norborg 3-2 (0-2)
Vestnes Idrettspark, 24.01.08

12 sjansar 7
13 cornere 4

0-1 Tarjei Urkedal (17)
0-2 Tarjei Urkedal (28)
1-2 Frank Nakken (55)
2-2 Jørgen Gravdehaug (71)
3-2 Ronny Leikarnes (81)

Dommar: Atle Oterhals, Molde FK

Laget: Geir Roar Gamlem – Stein Erik Alvestad, Knut Egil Lid (Jan Even Drønnesund, 46), Elling Mikal Kalvø, Kristoffer Søviknes (Kristian Furnes, 46) – Kristian Søviknes (André Larsen, 46), Bee (Eivind Fjørtoft, 46), Steffen Grytten, Stein Erik Reitan (Ole Johan Urke, 46) (Reitan, 78) – Tarjei Urkedal (Skjalg Volstad, 46), Arian Håbet

Norborg gjorde ein god 1. omgang og leia 2-0 etter mål av Tarjei Urkedal. Sjølv om heimelaget hadde ballen mest, var det fortent leiing til pausen. I 2. omgang fekk Norborg ein leksjon i god angrepsfotball av det tekniske Varfjell-laget.

Dramatikk før kampstart hos Norborg, men eit kvarter før start var iallfall 17 av 18 spelarar velberga framme, mens den siste ikkje rakk tidslimiten på Krogsæter og måtte vende heim til Søvika….

I vinden og bygene på Vestnes Idrettspark fekk vi sjå ein underhaldande 1. omgang mellom to gode lag. Varfjell, med sine gode teknikarar, hadde ballen mest, men Norborg låg godt organisert og var farlege med gode overgangar.

Tarjei dobbel
Det var dermed greitt at oransjetrøyene tok leiinga dryge kvarteret ut i omgangen då Tarjei Urkedal scora sikkert åleine med keeper etter eit fint gjennomspel av Bee. Dryge ti minutt seinare er Norborg sin toppscorar på ferde igjen då han ekspederer Kristoffer Søviknes sitt innlegg i mål frå kloss hald. Flott forarbeid av unge Søviknes som kom fram frå sin høgreback.

Fortent leiing til Norborg ved pausen. Ein jobba godt, var disiplinert og farleg på kontringar. Vestnes Varfjell sine forsøk kom for det meste på skot frå distanse.

Varfjell slår tilbake
Norborg skifta 6 mann i pausen og fann ikkje den rytma ein hadde dei første 45 minutta. Ein var stadig på etterskot og heimelaget hadde eit jamnt trykk mot målet. Ti minutt ut i omgangen reduserte Frank Nakken til 1-2 på eit velplassert skot frå 18 meter etter at Norborg ikkje får klarert ein corner skikkeleg.

Varfjell skapte sjanse på sjanse i denne perioden, og tjue minutt før slutt utlikngar Jørgen Gravdehaug på eit perfekt skot frå eit par og tjue meter. Ballen gjekk i fin boge over keeper Gamlem og ned ved krysset.

Norborg kjem gradvis meir med, men ti minutt før slutt er ein lite vaken på eit innkast til Varfjell. Ballen blir lagt inn framfor mål og Ronny Leikarnes header inn 3-2. Passivt forsvarsspel av Norborg her.

Nær utlikning
På slutten får Norborg eit par sjansar til å utlikne. Først jobbar Skjalg Volstad godt og vinn ballen frå keeper, men får litt dårleg vinkel til å avslutt og blir til slutt takla. Like etter er Stein Erik Reitan frampå med eit skot i frå god posisjon, men keeper har god kontroll. Dermed vinn Varfjell 3-2. Noko som var fortent etter spel og sjansar.

God 1. omgang av Norborg då ein fulgte planen ein la før start. Etter kvila vart det mykje rot med feilpasningar og tapte duellar. Men alt i alt ei flott økt på Vestnes. Best på Norborg var Tarjei Urkedal. Den aggressive spissen rakk å score to mål på den omgangen han spelte og kunne med litt hell putta fleire. Kristoffer Søviknes gjorde også ein særs god kamp på høgreback. Full kontroll defensivt og positive bidrag framover. Stein Erik Alvestad på andre backen gjorde som Søviknes årsdebut, og var også positiv. Spesielt før pausen då Norborg var godt organisert.

Neste kamp er mot Godøy laurdag 9. februar kl. 15 på Nes.