Norborg – Volda2 1-0 (0-0)

Norborg – Volda2 1-0 (0-0)
5. divisjon, Uggedal stadion, 27.06.2024

1-0 Eirik Koppen Vågnes (47)

Sjansar: 11-1
Cornere: 7-2

Norborg har venta lenge på årets andre siger, men mot Volda2 kom den endeleg. Norborg dominerte stort frå start av, men sleit med å omsette sjansar til mål. Ein måtte vente til 2. omgang før Eirik Koppen Vågnes finta seg inn i 16 meter og avslutta med eit godt skot i mål. Trass fleire sjansar vart det med det eine målet.

Dette var ein kamp Norborg måtte vinne for å ha heng på laga framom inn mot hausten. Spelarane forstod alvoret og gjekk i angrep frå start av. Før minuttet var spelt fossa Adrian Korsedal mot mål, men avslutninga gjekk utanfor. Fem minutt seinare fekk vi ein tilnærma situasjon, og denne gong var skotfoten litt betre innstilt, men avslutninga gjekk i stolpen. Norborg fortsette å skape sjansar, men ballen ville ikkje i mål. Heller ikkje på straffespark knappe ti minutt før pause vart det mål. Den normalt sikre Eirik Koppen Vågnes sette ballen utanfor mål. Straffa vart tildelt då Korsedal sprang mot mål og vart klipt ned av Sander Holsvik, som vart vist det raude kortet.

Etter bom på bom før pause vart det mål på første forsøk i 2. omgang då Nicholas Kvammen kom seg ned mot kortlinja på venstrekanten og spelte til Eirik Koppen Vågnes. Han tok med seg ballen inn frå kanten av 16 meteren og sette ballen sikkert i nota. Ei deilig scoring etter straffemissen før pause. Berre minuttet seinare burde Norborg ha dobla leiinga då Korsedal nok ein gong var igjennom, men keeper vann duellen.

Norborg roa seg noko etter dette, men hadde kontroll defensivt og sporadiske gode angrep som med litt meir presisjon kunne gitt uttelling. Volda2 yppa seg meir mot slutten, men det nærmaste dei kom var eit frispark frå 18 meter som enda med eit skot over. Dermed enda det med ein fortent siger til dei oransje.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Oliver Gamlem, Tobias Jensen, Anders Toven, William Jenssen Grytten – Eirik Koppen Vågnes (Sebastian Vågø, 81), Nicholas Kvammen (Ole Enger Willumsen, 91), Per Kristian Grytten Søvik, Jesper Vos (Lars Mikalsen, 85), Adrian Korsedal (Tarjei Urkedal. 56) – Andreas Larsen Beite (Kristoffer Søviknes, 20) (Korsedal, 78).