Norborg – Godøy 3-1

Norborg – Godøy 3-1 (2-1)
Ravn KGB, 10.10.09

11 sjansar 5
4 cornere 4
12 avslutningar på mål 7
7 avslutningar utanfor 5

0-1 Sjølvmål (19)
1-1 Tarjei Urkedal (30)
2-1 Kristoffer Søviknes (37)
3-1 Adrian Håbet (61)

Dommar: Tor Ove Myrset (Hundeidvik)
Assistentar: Sondre Strømsheim (Herd) og Richard Olsen (Ørsta)

Laget: Espen Wold – Kristian Søviknes (Kjell-Terje Brusdal, 89), Roger Grytten, Morten Kalvø, Stein Erik Reitan – André Larsen (Ole Johan Urke, 61), Skjalg Volstad (Bee, 68), Steffen Grytten, Adrian Håbet – Tarjei Urkedal (Kristian Furnes, 90), Kristoffer Søviknes (Alexander Eide, 76).

Norborg avslutta årets sesong med stil då Godøy vart slått 3-1 på Ravn si kunstgrasbane. Etter ein svak start på kampen tok Norborg over spelet og produserte mange sjansar. Sigeren gjer at Norborg ikkje er avhengige av andre lag for å stå i 3. divisjon.

Sunnmøre Fotballkrets kunne vel knappast ha satt opp terminlista betre med Norborg-Godøy i siste runde. Godøy låg før kampen på ein trygg 9. plass eitt poeng framføre Norborg på den usikre 10. plassen. Ein plass som gir nedrykk om Skarbøvik rykker ned i frå 2. divisjon og AaFK2/Herd ikkje rykker opp. Mykje stod dermed på spel.

Godøy best i gong
Godøy såg ut til å forstå alvoret mest dei første tjue minutta. Raudtrøyene fann rommet mellom Norborg si midtbane og forsvar, og kom seg til fleire skot i frå distanse. Norborg på si side stod på helane og verka lite interessert i å spele fotball.

Kenneth Kjevik fekk første store sjansen då han var åleine med keeper Espen Wold, men sistnemnte var raskt nede og fekk slått til corner. Godøy måtte ha hjelp med å finne nettmaskene. Eit hardt innlegg langs bakken gjekk gjennom feltet til bakerste stolpe der Erlend Holmen pressa Stein Erik Reitan til å sette ballen i eige mål. Ei fortent leiing til Godøy, men på ein beklageleg måte.

Norborg vakna
Målet såg ut til å vekke oransjetrøyene. Ein fekk meir struktur på midtbana og tok til å vinne duellane. Løp og pasningar stemte og ein spelte fin fotball langs bakken. Etter ein halvtime kjem Adrian Håbet seg til eit skot som keeper Kristian Dolmen må gi retur på, og sjølvsagt er toppscorar Tarjei Urkedal vaken framme på returen og sette ballen i nota.

Nokre minutt seinare viste Adrian godt vingspel og legg inn til Kristoffer Søviknes som sette inn 2-1 frå kloss hald. Norborg har snudd kampen på få minutt og er også nær 3-1 like før pause, men på ein finurleg måte greidde Tarjei å misbruke sjansen på nær sagt blankt mål.

Store sjansar til Norborg
Norborg fortsette å trykke Godøy i 2. omgang og Tarjei hadde to store sjansar til å auke leiinga, men det var Adrian som skulle få æra av å sette inn 3-1 åleine med keeper etter forarbeid av Skjalg Volstad og Tarjei.

Norborg var den siste halvtimen nærare 4-1 enn Godøy redusering. Spesielt Bee hadde fortent eit mål på eit av sine gode langskot, men begge gjekk i tverrliggjar. Den eine i aluminiumet, ned på strek og mellom beina på keeper før ein forsvarar får klarert. Norborg vart også snytt for straffe då Alexander Eide vart lagt i bakken innafor 16 meteren.

Norborg leverte ein god kamp og hadde full kontroll etter pause mot eit skuffande lag i frå Godøy. Innsatsen og vinnarvilja var ikkje i nærleiken av det den brukar å vere i frå raudtrøyene, og Norborg kunne juble for tre poeng og sikker plass i divisjonen.

– Vi er særs nøgd med at vi motbeviser alle eksperter sine tips og redder plassen i 3. divisjon. I dag har vi god kontroll på kampen etter at vi er svake første tjue. Sigeren burde ha vore større, men 3-1 er meir enn bra nok til 3 poeng, sa assistenttrenar Kristian Søviknes etter kampen.

Etterkvart mange gode på Norborg. Midtstopparane Morten Kalvø og Roger Grytten som vanleg solide, Skjalg Volstad og Steffen Grytten fylle ut kvarandre godt på sentral midtbane med Skjalg si fart og teknikk og Steffen sin duellstyrke, medan Adrian Håbet var involvert i samtlege mål og viste kreativt vingspel. Tarjei Urkedal jobba som ein slave på topp, men burde ha scora fleire mål.

Vi gratulerer trenar Ivar Roald, spelarane, støtteapparatet og supporterane med ein flott sesong.

 


Målscorarane Kristoffer Søviknes, Adrian Håbet og Tarjei Gjerset Urkedal.

Adrian vart kåra til Norborg sin beste spelar.
Adrian vart kåra til Norborg sin beste spelar.