Valder – Norborg 4-3

Valder – Norborg 4-3 (3-2)
Valdervoll KGB, 18.09.09

9 sjansar 8
7 cornere 7
11 avslutningar på mål 7
4 avslutningar utanfor 8

1-0 Tom-Gøran Jønsson (4)
2-0 Adrian Blindheim (15)
2-1 Kristoffer Søviknes (22)
3-1 Adrian Blindheim (45)
3-2 Tarjei Urkedal (45)
3-3 Kristoffer Søviknes (84)
4-3 Henrik Hole Oksnes (str. 92)

Dommar: Even Myrheim (Herd)
Assistentar: Oddbjørn Aam (Åmdal) og Tove Marie Tandstad (VRF)

Laget: Trond Elstad – Roger Grytten , Kjell-Terje Brusdal (Knut Ivar Bjørlykhaug, 75), Morten Kalvø, Stein Erik Reitan – Ole Johan Urke (Alexander Eide, 46) (Kristian Søviknes, 79), Skjalg Volstad (Bee, 53), Steffen Grytten (André Larsen, 75), Adrian Håbet – Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes.

Norborg følte seg snytt for poeng då dommar Myrheim gav heimelaget ei billeg straffe på overtid. Kampen var elles jamn og sjanserik. Spesielt før pause fekk dei frammøtte sjå mykje god angrepsfotball. Etter kvila var det lengre mellom høgdepunkta, men spaning var det til siste slutt.

– Som dommar var Valdervoll alltid ein plass ein såg fram til å dømme på. Her var det alltid folk som tok seg godt av deg når du kom. Oppvartinga var upåklageleg, sa Helge Uggedal før kampstart fredag kveld. Det er tydeleg at Valder fortsatt tek seg godt av dommarane som kjem på besøk. Denne gong vart det gjengjeldt med tre poeng.

Høgst tvilsam straffe
Vi begynne med slutten først denne gong. I det uret bikka 45 minutt av 2. omgang slår Valder ein ball i bakrom til alltid løpsviljuge Adrian Blindheim. Han hadde skapt store problem for Norborg sitt forsvar gjennom heile kampen, og hadde ikkje tenkt å gi seg på overtid heller. Denne gong havna han i løpsduell med Roger Grytten ute på kanten av 16 meteren. I det dei møtast skulder til skulder ramlar Roger først, så unge Blindheim. Dommar Myrheim bles i fløyta og legg på sprang dei 40 meterane opp. Frispark til Norborg? Nei, straffe til Valder og utvising av Roger. Ein skal vere særs sikker i sak når ein dømmer straffe på overtid. I denne situasjonen kunne dommar umogeleg vere heilt sikker. Dommar Myrheim valde likevel å gjere seg særs upopulær i den eine leiren istaden for å la situasjonen gå og heller blåse av ein kamp der begge laga kunne vere tåeleg nøgd med eitt poeng. Han skal få for motet, men denne gong var nok avgjersla feil. – Vi møtast skulder til skulder. Det kan jo umogeleg vere straffe, men du får spørje Trond. Han hadde fri sikt til situasjonen, sa Roger. – Nei, det var ikkje straffe, sa keeper Trond Elstad. – Høgst tvilsam, sa ein vigring på tribuna.

Henrik Hole Oksnes fekk æra av å sette inn 4-3 målet til Valder.

Valder med pangstart!
Kampen var elles jamspelt med to lag som sleit med motpartens angrep. Valder starta kampen best og scora to mål på to sjansar. Først skyt Tom-Gøran Jønsson via hofta til Roger så ballen går i nota heilt inne ved stolpen. Så er det Adrian Blindheim som scorar åleine med keeper Elstad.

Nytt håp
Norborg var fullt med og ved halvspelt omgang gir Kristoffer Søviknes Norborg nytt håp då han scora åleine med keeper. Utlikning ligg i lufta, men i staden er det Valder som går opp i 3-1 ved Adrian Blindheim. Eit angrep som burde ha vore avblåst ved fleire høve. Først blir midtstoppar Morten Kalvø skubba med strake armar i ein duell inne på Valder sin halvdel, så blir det tatt hoftesving på Kjell-Terje Brusdal. Her skal det dømmast frispark dommar.

Eit forbanna Norborg-lag svarar kontant då Tarjei Urkedal hamrar ballen i nota frå 12-13 meter. Valder går dermed til pause med 3-2 etter 5-5 i målsjansar.

Lenger mellom sjansane
2. omgang blir totalt sett langt frå like underhaldane. Adrian Blindheim kjem seg til eit par sjansar den første halvtimen, men elles er det mykje feilpasningar og feilval hos begge lag. Det siste kvarteret startar Norborg å finne rytma. Kristoffer får ein bra sjanse, men er hardt pressa å skyt utafor. Adrian Håbet får stille inn siktet på 17 meter, men har skrudd for høgt. Så er det Tarjei Urkedal sin tur, men heller ikkje han greier å få ballen i mål. Men så, endeleg, Tarjei kjem seg rundt på venstrekant, legg ballen ut til Kristoffer som sette inn 3-3 frå 8 meter. Full jubel i Norborg-leiren som jaktar tre poeng. Men slik skulle det altså ikkje gå. Sjølv om Valder sine spelarar verka å vere meir trøytte enn Norborg var det dei som skulle avgjere. Først sende Fernando Klauseth av eit skremmeskot frå 35 meter i tverrliggjar, så blir altså Adrian Blindheim tildelt ei straffe på overtid. Dermed 4-3 til Valder.

– Surt, veldig surt, sa ein skuffa Norborg-trenar Ivar Roald.

Kriss i form
Best på Norborg denne gong var Kristoffer Søviknes. Sjølv om han måtte tåle mykje armbruk og andre ulovlege midlar som dommaren godtok frå Valder sitt forsvar, så jobba han godt og scora to mål. Haustforma er tydeleg inne slik som ifjor. Tarjei Urkedal gjer også ein god jobb på topp. Midtbana fungerte diverre ikkje så godt i denne kampen og hadde problem med å vinne duellane mot Steffen Oksnes Elde. Like eins forsvaret som sleit med å finne ut av Adrian Blindheim. Keeper Trond Elstad spelte sin første kamp på eit par år, men greidde seg godt. Han kunne lite gjere med måla og fekk vist seg fram med nokre gode redningar.

Neste oppgåve for Norborg er heime mot Spjelkavik laurdag kl. 15. Ei tøff nøtt der trenar Roald må komponere eit nytt forsvar.