AaFK2 – Norborg 3-2 (1-2)
Color Line stadion, 04.09.09
15 sjansar 4
4 cornere 1
7 Avslutningar på mål 3
14 Avslutningar utanfor 3
0-1 Kristoffer Søviknes (19)
1-1 Didrik Fløtre (29)
1-2 Tarjei Urkedal (str. 36)
2-2 Diego Silva (75)
3-2 Diego Silva (str. 86)
Dommar: Jan Lund (Blindheim)
Assistentar: Sondre Strømsheim (Herd) og Richard Olsen (Ørsta)
Laget: Espen Wold – Roger Grytten, Kjell-Terje Brusdal, Morten Kalvø, Stein Erik Reitan – Ole Johan Urke (Knut Ivar Bjørlykhaug, 71), Skjalg Volstad, Bee (Alexander Eide, 42), Steffen Grytten (Kristian Søviknes, 71) – Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes (Johan Stavik, 80).
Norborg leia kampen i tilsaman nær 50 minutt, men enkle og kostbare feil gjorde at ein til slutt måtte gje tapt for det sterke AaFK-mannskapet.
Norborg reiste fredag kveld til Color Line stadion korkje for å få autografar eller å spele “sexy-football”, men for å gjere det så vanskeleg som mogeleg for AaFK2 å ta poeng. Og vanskeleg vart det for heimelaget med kjente navn som Lie, Tollås Nation, Fredriksen, Silva og Fløtre.
Sjølv om Norborg spelte seg fram til kampens første corner, så handla det mest om AaFK2 i starten av kampen, men Diego Silva og Didrik Fløtre sette ikkje sjansane. Det gjorde Kristoffer Søviknes då han pirka inn 0-1 etter eit godt slått frispark av Bee. Keeper Andreas Lie styrka ikkje sine sjansar til ein plass på 1. laget med sin opptreden her då han gjekk ut for å plukke frisparket.
Keeper Lie gjorde det godt igjen då Kristoffer var åleine igjennom på eit flott angrep av Norborg regissert av Ole Johan Urke. AaFK2 pressa på og skapte fleire store sjansar. Kvarteret før pause misser Norborg ballen unødvendig på eigen halvdel og Fløtre vart spelt igjennom. Åleine med keeper Espen Wold gjer han ingen feil og scorar.
Norborg hadde likevel ikkje gitt seg for dagen, og ti minutt før pause dyttar Trond Fredriksen Kristoffer innanfor straffefeltet. Dommar Jan Lund bles for straffe. Den sette Tarjei Urkedal sikkert i mål. AaFK2 hadde fleire sjansar til å utlikne før pause, men var ikkje dyktig nok framfor mål. Dermed ei særs overraskande Norborg-leiing til pause.
Heimelaget starta 2. omgang svakt, og Norborg hadde full kontroll det første kvarteret. Offensivt greidde ein likevel ikkje å skape noko. Etterkvart vakna AaFK2 sine offensive spelarar igjen, medan Norborg vart slitne. Etter å ha brent fleire store sjansar traff “stjernespelaren” Diego Silva endeleg mål då han får stå åleine på blank kasse etter at eit innlegg frå venstre smatt under foten på ein Norborg-forsvarar. Norborgarane jobba godt, men like før full tid er ein i følge dommaren litt for røff innafor straffefeltet og Lund peikar nok ein gong på kritmerket. Billig. Silva gjer ingen feil og sette inn vinnarmålet.
Norborg prøvde på slutten å løfte laget og skapte nokre situasjonar framføre AaFK2-målet, men utlikninga kom ikkje. Dermed tre nye poeng til AaFK2, medan Norborg stadig har til gode å vinne etter ferien. Motstanden har då også vore sterk.
Norborg skapte spenning i kampen med å vere effektive framfor mål, men kan takke ein lite konsentrert Didrik Fløtre for at det ikkje vart fleire mål imot. I for mange situasjonar tek ein store sjansar og misser ballen for lett. Mot slik motstand kan ein ikkje tillate seg å sove med ballen. Her må ein bruke få berøringar og ikkje spele på tvers. Fleire AaFK2-sjansar vart skapt på grunn av dette. Måla kom også direkte på grunn av svikt på eigen halvdel.
– AaFK2 skapte mykje, men etterkvart som dei bomma så vart dei stressa. Godt jobba av spelarane som fekk med seg eit heiderleg resultat. Synd det ikkje haldt heilt til poeng, sa Norborg-trenar Ivar Roald etter kampen.
Dei beste på Norborg var keeper Espen Wold, midtstoppar Kjell-Terje Brusdal, og ein hardtarbeidande Kristoffer Søviknes på topp.
Neste seriekamp er heime mot Rollon laurdag 12. september kl. 15. Men før den tid får ein besøk av Molde sitt tippeligalag. Ein ypparleg sjanse til å øve på å luke bort dei feila ein gjorde mot AaFK2.