Blindheim var best innafor kvar 16 meter og vann 3-0 mot Norborg på Uggedal stadion torsdag kveld. Marius Strand Eikrem sendte gjestane i føringa allereie i det 4. speleminutt. Norborg hadde fleire sjansar til å utlikne, men i staden dobla Kristoffer Florvaag i det 30. minutt. 2. omgang vart rotete der gjestane skapte dei fleste klare sjansane fordi Norborg ofte sendte alle mann i angrep. I det uret passerte 90 minutt fastsette Bjørnar Johansen stillinga til 0-3 då han kom åleine med keeper og lobba elegant over keeper. Les meir..