Norborg – Herd 0-1 (0-1)
Uggedal stadion, 27.08.09
6 sjansar 6
6 hjørnespark 6
3 avslutningar på mål 4
7 avslutningar utanfor 5
0-1 Thomas Pedersen (14)
Tilskodarar: 100
Dommar: Bjørn Bakkom (Vartdal)
Assistentar: Øyvind Kringstad (Valder) og Norval Lausund (Lepsøy)
Laget: Espen Wold – Elling Mikal Kalvø, Kjell-Terje Brusdal, Morten Kalvø, Stein Erik Reitan – Kristian Søviknes (Ole Johan Urke, 73), Bee (André Larsen, 46), Skjalg Volstad, Steffen Grytten (Knut Ivar Bjørlykhaug, 76) – Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes (Geir Ove Grønli, 83).
Jamn kamp på Uggedal stadion fredag kveld, men det var berre Herd som makta å score. Heimelaget hadde sine sjansar, men var ikkje kald nok framfor kassa.
– Vi skal eksperimentere litt i denne kampen, sa trenar Ivar Roald før kampen, og plasserte ving Skjalg Volstad på sentral midtbane. Dette fungerte bra og Skjalg var saman med Morten Kalvø Norborg sin beste spelar. – Moro å få denne utfordringa og eg tek den gjerne igjen, sa Skjalg etter kampen.
Norborg og Herd har møtt kvarandre to gongar i løpet av året, og begge gongane har enda med 7-1 siger til Herd. Heime på Uggedal stadion trivst Norborg godt, og også Herd fekk problem med hardkjempande oransjetrøyer.
Herd hadde ballen mest i opningsminutta, men det var Norborg som spelte seg fram til den første sjansen då Bee slår ein presis ball fram til Kristoffer Søviknes ute på kanten. Han legg flott inn til Tarjei Urkedal, men headinga gjekk utanfor.
Mål på billigsal
Norborg fekk tru på at ein kunne hamle opp med Herd, men nokre minutt seinare skjer det fatale. Keeper Espen Wold rykker ut av mål då Thomas Pedersen og Stein Erik Reitan er i løpsduell ute på kanten av 16 meteren. Pedersen ser at keeper er langt ute og plasserer ballen i mål. Eit uheldig mål imot for Norborg, som ikkje gir opp.
Kristoffer Søviknes, Kristian Søviknes og Elling Mikal Kalvø har kvar sin sjanse til å utlikne dei neste ti minutta, men avslutningane var ikkje gode nok. Dei siste tjue minutta av omganen dabbast Norborg sitt offensive trykk av, og berre flaks hindra at Herd går opp i 0-2 då Vegard Bruland snappar ballen frå keeper Wold og skyt i stolpen frå skrått hald.
Nær utlikning
Norborg opnar best etter pause. Først får Kristoffer Søviknes sjansen etter flott forarbeid av Skjalg Volstad, men avslutninga går rett på keeper Humlung. Like etter er Elling Mikal Kalvø nær ved å sette ein corner frå Kristian Søviknes i mål, men Herd held unna.
Herd har ballen mest i denne omgangen også, og spelar seg fram til to store sjansar ved Magnus Strømmen og Vegard Bruland. Men keeper Wold reddar begge forsøka strålande. Norborg forsøker desperat på ei utlikning dei siste ti minutta og både Morten Kalvø og Tarjei Urkedal får sjansen. Morten headar ein corner frå Kristoffer Søviknes like over, medan Tarjei sette eit innlegg frå Ole Johan Urke utanfor.
Slik kampbiletet var så hadde Norborg fortent eitt poeng, men marginane var imot innafor kvar 16 meter. – Norborg vil nok plukke mange poeng framover, for dette var noko å bygge på, sa Herd-trenar Rune Ulvestad etter kampen. Vi får bare håpe og tru at Ulvestad sine ord blir sanne.
Morten Kalvø var Norborg sin beste spelar denne gong. Han spelar med stort engasjement og vann duellane. Stopparkollega Kjell-Terje Brusdal gjorde også nok ein god kamp med 100% innsats i kvar duell. Skjalg Volstad gjorde ein god jobb på midtbana, men burde ha blitt brukt meir av medspelarane sine i det offensive spelet.
Norborg skal ut i ny tøff kamp på fredag. Då gjestar ein Color Line Stadion for å spele mot AaFK2.